NRK si uoffisielle kåring av «Noregs verste veg» har skapt enormt engasjement. Etter å ha fått inn over 3000 forslag i heile landet, er resultatet no klart.
Ein fagjury plukka ut dei ti finalistane og avstemminga for publikum stengde midnatt natt til måndag.
Resultata viser at E16 mellom Bergen og Voss er den verste vegen både i fagjuryen og publikum sine auge.
Den ras- og ulukkesutsette vegen hamna på topp på lista til begge.
- Bakgrunn:
Avstemminga for publikum vart opna fredag kveld. Gjennom helga har det kome inn over 39.000 stemmer.
NRK har gitt finalistane poeng etter korleis dei er rangert av fagjuryen og folkeavstemminga: Førsteplass har gitt ti poeng, andreplass har gitt ni poeng, tredjeplass har fått åtte poeng og så vidare.
I dei tilfella der poengsummen er lik, veg stemmene frå publikum tyngst.
– Ikkje overraskande
E16 Bergen-Voss er ein svært viktig del av hovudvegen mellom våre to største byar i landet.
– Det er ikkje overraskande at E16 går til topps. Og med to fylkesvegar som deler nest høgste poengsum med ein riksveg viser det eit enormt engasjement om etterslepet der, seier Stig Skjøstad i NAF.
Han sat i fagjuryen saman med Bård Morten Johansen i Trygg Trafikk og Geir A. Mo i Norges Lastebileigarforbund.
Juryen karakteriserte E16 Bergen-Voss som livsfarleg då dei plukka ut dei ti finalistane.
Ras og ulukker
Mange har betalt ein dyr pris på E16 mellom Bergen og Voss. Deler av strekninga er uoversiktleg, svingete og krevjande å køyre, sjølv om det er gul midtstripe heile vegen.
Det er 32 tunnelar mellom Indre Arna og Voss, fleire utan lys grunna komande oppgraderingar. I tillegg er strekninga svært rasutsett og omkøyringsmoglegheitene er dårlege.
- Sidan heile strekninga stod ferdig i 1990, har det vore nær 400 trafikkulukker mellom Indre Arna og Voss.
- 41 menneske har mista livet og over 100 har blitt hardt skadd.
- Sidan 2000 har det gått kring 180 ras og skred på same strekning.
Sidan skrekkåret 2011 har det blitt betre. Då omkom sju personar på eitt og same år.
Fleire strakstiltak vart innført, som kalking av tunnelveggar, redusert fart og rumlefelt. Det førte til langt færre dødsulykker, før 2017 gav tre nye dødsulykker.
Milliardopprusting
For nokre år sidan gjekk regjeringa inn for ei felles oppgradering av E16 og Vossebanen i gigantklassen. Prislappen den gongen var 33 milliardar kroner.
Oppgraderinga mellom Arna og Stanghelle ligg inne i andre del av Nasjonal transportplan.
Kritikarane meiner det er ei utsetjing og ei nedprioritering, sidan første spadetak difor kanskje ikkje kjem før i 2024.
Då vil det ta 17 år før heile strekninga er ferdig rusta opp.
Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen har sagt det er mogleg å skyva fram oppstart av bygginga til 2022.
Planlegginga er i full gang, men i dag er det framleis uvisst når første spadetak kjem.
I førre veke vart planprogrammet for byggeprosjektet (ekstern lenke) lagt ut på høyring.