Hopp til innhold
Urix forklarer

Derfor er klimatoppmøtet i Madrid viktig

MADRID (NRK): Vil verda komme nærare målet om å bremse den globale oppvarminga til maksimum 1,5–2 grader? Folk frå nesten 200 land er samla til klimatoppmøte i Madrid for å prøve.

ktnljRGB7lY

FNs generalsekretær António Guterres på scenen under opninga av COP25 i Madrid.

Foto: Paul White / Paul White

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Presset er stort etter eit år med klimastreik og klimamarsj over store delar av verda, og mange alarmerande forskingsrapportar.

  • Meld deg på ukesbrevet til Urix: Klikk her

Kravet om handling er massivt når forhandlarar og politikarar er samla i to veker under FNs klimakonferanse 2.–13. desember.

Kva står eigentleg på dagsorden? Kva må avklarast? Kva står på spel? Her kan du sjå kva som er dei viktigaste sakene under COP25, som blir leia av den chilenske miljøvernministeren. Klimatoppmøtet blei flytta frå Santiago til Madrid på grunn av uroa i Chile.

Måndag 2. desember var stats- og regjeringssjefar på plass for å sparke det heile i gang. Resten av veka jobba forhandlarane for fullt med forslaget til ein avtaletekst som nesten 200 land skal bli samde om.

I den andre veka er det miljøvernministrane som sit i førarsetet, og konklusjonen skal vere klar fredag ettermiddag.

x7BNp4-iUIY

Siste fredag før COP25 starta, samla skuleelevar seg framfor Brandenburger Tor i Berlin for å delta i den globale klimastreiken.

Foto: Michael Sohn / AP

1. Vil landa i verda gjere meir for klimaet?

Det som skjer på dette klimatoppmøtet er viktig for om Parisavtalen skal bli ein suksess eller ei. Det eine stikkordet er ambisjonar. Neste år skal alle land melde inn nye og meir ambisiøse mål for kutt i klimagassutsleppa sine.

Dette møtet vil vise om det er vilje til å gjere meir for å kutte.

Det andre stikkordet er forhandlingar. Dei siste brikkene i regelverket for Parisavtalen bør komme på plass, og det bør komme løfte om meir pengar til klimatiltak i fattige land.

Muthiani Ndunda

Muthiani Ndunda viser fram ein del av avlinga som ikkje har klart seg i år. 12 millionar menneske i Somalia, Etiopia og Kenya står i fare for å ikkje få nok mat ved utgangen av året.

Foto: Ida Titlestad Dahlback

2. Vil nokon betale rekninga for å berge klimaet?

På forhandlingsmøta i København og Cancun blei det bestemt at rike land frå 2020 skal bruke 100 milliardar dollar i året til å hjelpe fattige land med å tilpasse seg klimaendringane og å kutte i sine eigne utslepp. Mesteparten av dette skal kanaliserast gjennom Det grøne klimafondet. Men det har gått tregt å få inn pengar.

Forutan pengar til klimatilpassing og utsleppskutt, har dei fattige landa behov for hjelp med å handtere dei mest alvorlege konsekvensane av klimaendringane. Her trengst det pengar, og ein måte å organisere det på som alle kan stille seg bak. Det har vore ein vanskeleg floke i årevis, og spørsmålet er om ein kjem nærare ei løysing i Madrid.

Representantane frå dei fattige landa er utolmodige, og meiner det er urettferdig at industrilanda, som har mesteparten av skulda for utslepp av klimagassar, ikkje stiller opp for dei fattige, som har små ressursar til å handtere effekten av klimaendringane.

Thyssen Krupp-stålverket i Duisburg i Tyskland.

Utsleppa av klimagassar må ned dramatisk, går det fram av ein ny FN-rapport. Biletet er frå ThyssenKrupp-stålverket i Duisburg i Tyskland i 2009.

Foto: Frank Augstein / AP

3. Vil Parisavtalen fungere i praksis?

Parisavtalen må ha eit sett med reglar som fastslår korleis avtalen skal fungere i praksis. Under COP24 i Katowice i fjor blei regelboka så godt som ferdig. Men på eitt viktig punkt kom ein ikkje i mål. Dette vanskelege punktet blei derfor forskyva til årets møte.

Det uavklarte punktet handlar om korleis land kan samarbeide for å nå klimamåla sine. Eit slikt samarbeid kan gå ut på at eit land betaler for utsleppsreduksjonar i eit anna land, og så bruker desse kutta til å oppfylle klimamålet sitt.

Men ifølgje forslaget til reglar, blir reknestykket feil dersom begge land «bokfører» dette som utsleppsreduksjonar. Då ser det ut som om landa til saman har fjerna dobbelt så mykje utslepp som dei eigentleg har. I fjor var Brasil imot regelen som skal hindre «dobbelt-teljing» av slike utsleppskutt.

COP24 President Michal Kurtyka reacts during a final session of the COP24 U.N. Climate Change Conference 2018 in Katowice

COP24-president Michal Kurtyka hoppar av glede etter at han har banka gjennom avtalen på klimatoppmøtet i Katowice.

Foto: Kacper Pempel / Reuters

4. Korfor er 2020 ekstra viktig?

I 2020 er det fem år sidan den internasjonale klimaavtalen blei banka gjennom i Paris (12. desember 2015). Kvart femte år skal alle land melde inn nye og meir ambisiøse mål for kor mykje dei vil kutte i utsleppa sine.

I løpet av 2020 skal konkrete planar sendast inn til FN, som registrerer dette. Dersom ikkje utsleppa i verda går drastisk ned, blir det umogeleg å nå målet i Parisavtalen om at temperaturen på jorda ikkje skal auke med meir enn 2 grader, eller aller helst 1,5 grader, samanlikna med tida før den industrielle revolusjonen rundt 1850.

Ifølgje ein rapport frå FNs miljøprogram (UNEP) må utsleppa av klimagassar i verda kuttast med over 7,5 prosent kvart år mellom 2020 og 2030 dersom den globale oppvarminga skal haldast under 1,5 grader.

Dersom utviklinga held fram som i dag, ligg det an til ein global temperaturauke på 3,5 grader (ein stad mellom 3,4 og 3,9 grader) innan 2100, ifølgje rapporten.

2020 vil vise kva politikarane ønskjer å gjere – om Parisavtalen blir meir enn ord.

5. Kva er ein COP?

COP står for Conference of the parties, det vil si konferansen for partane i FNs klimakonvensjon (UNFCCC). Klimakonvensjonen blei vedteken på FN-toppmøtet i Rio de Janeiro 9. mai 1992.

Formålet er å arbeide for å redusere utsleppa av farlege klimagassar. Men konvensjonen seier ikkje noko om konkrete mål for utsleppskutt. Klimakonvensjonen er grunnlaget for det internasjonale klimasamarbeidet. Den tok til å gjelde 21. mars 1994. 196 land pluss EU er med.

Den første COP-en blei arrangert i Berlin i 1995. Første avtale om utsleppskutt kom på COP3 i Kyoto i 1997. Der blei Kyotoavtalen vedteken. Her forpliktar dei industrialiserte landa seg til å redusere sine utslepp av klimagassar med minst fem prosent i perioden 2008 – 2012.

Og i 2015, på COP21 i Paris, var altså Parisavtalen eit faktum. Som einaste land har USA trekt seg frå avtalen. USA vil vere ute dagen etter presidentvalet neste år.

U.S. President Trump refers to temperature change as he announces decision to withdraw from Paris Climate Agreement at White House in Washington

Her viser Trump kor liten effekt han meiner Parisavtalen får for temperaturstiginga. Biletet er tatt i 2017, då Trump annonserte at USA går ut av avtalen.

Foto: Kevin Lamarque / Reuters

Oppdatering i pkt. 4 04.12.2019: I første versjon av denne artikkelen var talet 3,9 grader brukt. Setninga er endra slik: «Dersom utviklinga held fram som i dag, ligg det an til ein global temperaturauke på 3,5 grader (ein stad mellom 3,4 og 3,9 grader) innan 2100, ifølgje rapporten.»

SISTE NYTT

Siste nytt