– Vi må kutte utsleppa med 7,6 pst kvart år

Verda må kutte CO₂-utsleppa med 7,6 prosent kvart år fram til 2030. Dette er einaste måten å nå måla til Parisavtalen på, går det fram av ein ny rapport frå FN.

Thyssen Krupp-stålverket i Duisburg i Tyskland.

Utsleppa av klimagassar må ned dramatisk, går det fram av ein ny FN-rapport. Biletet er frå ThyssenKrupp-stålverket i Duisburg i Tyskland i 2009.

Foto: Frank Augstein / AP

FNs miljøprogram (UNEP) la i dag sin årlege Emissions Gap Report. Her blir det slått fast at CO₂-utsleppa til atmosfæren stig kvart år, og at det ikkje er teikn til at utsleppa vil flate ut i løpet av dei nærmaste åra.

Dei har ikkje tidlegare gått ut med så dramatiske tal for kor mykje utsleppa må ned for å nå måla frå Parisavtalen. Ifølgje avisa The Guardian var det då Sovjetunionen kollapsa.

Nedgangen på seks prosent i utsleppa kom som følgje av kraftig økonomisk krise og resesjon i landa som fram til 1991 utgjorde Sovjetunionen. Men det høyrer med til historia at utsleppa tok seg kraftig opp igjen etter kvart.

Les rapporten her

Unep-sjef Inger Andersen.

Unep-sjef Inger Andersen la fram ein dramatisk rapport i Genève tysdag.

Foto: Salvatore Di Nolfi / AP

I går la Verdas meteorologiorganisasjon (VMO) ein rapport om at det ikkje har vore så høge førekomstar at klimagassar i atmosfæren på fleire millionar år. Og då var klimaet langt varmare enn i dag og med langt høgare havnivå.

Omfattande strakstiltak

UNEP seier i rapporten sin at det er naudsynt med omfattande strakstiltak for å trappe ned bruken av fossilt brennstoff. Det er einaste måten å nå måla frå Paris-avtalen om å avgrense oppvarminga av atmosfæren til 1,5 grader innan 2030.

Begge rapportane åtvarar om at det ikkje er teikn titl at utsleppa vil nå ein topp med det første.

Seniorforskar Cathrine Lund Myhre ved Norsk institutt for luftforsking (NILU) seier til NRK at funna i dei to internasjonale rapportane samsvarar godt med undersøkingar dei har gjort her i landet.

Cathrine Lund Myhre, seniorforskar ved Nilu.

Seniorforskar Cathrine Lund Myhre ved Norsk institutt for luftforsking er spesielt uroa over den sterke veksten i metanutslepp.

Foto: Ingar Nass

Undersøkingane viser at dei fleste klimagassane som blir overvaka på Birkenes i Aust-Agder og på Svalbard i 2018 steig til nye rekordhøge nivå. Auken var mindre enn venta på Svalbard, men dette hadde med spesielle verforhold å gjere over ein kortare periode.

Cathrine Lund Myhre fortel at Birkenes-observatoriet fangar opp mykje lufta som kjem inn over Noreg frå Europa og Storbritannia.

Uroa over metan-utslepp

Ho er spesielt uroa over auken i mengda av metan, sidan Paris-avtalen føreset ein nedgang i utsleppa av denne klimagassen. Men situasjonen er at utsleppa av metan auka meir enn andre klimagassar.

– Vi veit at 60 prosent av utsleppa kjem frå fossil forbrenning og anna menneskeleg aktivitet, slik som avfall og jordbruk, medan resten kjem frå naturen sjølv. Det kan vere permafrost som tinar og utviding av våtmarksområde, også i Tropane, seier Cathrine Lund Myhre.

Ho opplyser at metan er ein 32 gonger kraftigare klimagass enn CO₂, men at metan har kortare levetid i atmosfæren. Forskaren er klar på at det er naudsynt med kraftige kutt i metanutsleppa, særleg fordi det ikkje er teke høgde for auken i metanutslepp i Parisavtalen.

Utslepp i Kina.

Ein ny FN-rapport slår fast at verda må kutte CO₂-utsleppa dramatisk dei nærmaste åra om vi skal nå måla frå Paris-avtalen. Biletet er frå eit industriområde i Kina.

Foto: Jianan Yu / Reuters

Norske brear går tilbake

Tysdag la NVE fram ein rapport om dei norske isbreane dei overvakar. Konklusjonen er at alle dei 36 breane dei følgjer med har gått tilbake i 2019. Mest tilbake gjekk Gråfjellsbrea i Hordaland, som gjekk tilbake 82 meter siste året. Dei siste ti åra har breen trekt seg tilbake med 584 meter.

Nidgardsbreen i Sogn og Fjordane har vorte 81 meter kortare i løpet av året.

– Mange norske brear hadde ein vekstperiode på 1990-talet, men etter år 2000 har alle gått tilbake. Dei siste ti åra har dei målte breane gått tilbake 197 meter i gjennomsnitt, seier Hallgeir Elvehøy i NVE.

SISTE NYTT

Siste meldinger