Hopp til innhold

Halvparten av oss meiner klimaendringar er den største trusselen

49 prosent av alle nordmenn meiner klimaendringane er den største utfordringa vi står overfor. Det er stor frykt for høgare temperaturar, meir tørke og fleire klimaflyktningar.

Røyk frå eit korkraftverk i Bulgaria.

Halvparten av nordmenn meiner at klimaendringane som følgje av utslepp av klimagassar er den største trusselen i framtida.

Foto: Boris Horvat / AFP

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Dette går fram av klimabarometeret som Kantar, tidlegare TNS Gallup, la fram i dag. Dei har gjennomført undersøkingar kvart år dei siste ti åra.

Det at 49 prosent ser på klima som den største trusselen er ein auke på 16 prosent frå 2018, då 33 prosent svarte klimautfordringane på topp blant ting som uroa dei i framtida. I 2017 var talet 27 prosent og i 2016 25 prosent. Undersøkinga viser at det har skjedd noko i løpet av året.

I vår var det helse folk uroa seg mest over, innvandring på andreplass og klima på tredje. I haust er altså klima på topp med helse som nest største bekymring og innvandring som den tredje. I heile perioden frå 2015 til 2018 var det innvandring som uroa nordmenn mest.

95 prosent svarar at dei er villige til å endre framferd dersom det blir naudsynt.

Klimagraf.
Foto: Kantar

Temperatur og klimaflyktningar

Folk fryktar først og fremst høgare temperatur, meir tørke og fleire klimaflyktningar i tida fram mot 2050.

I undersøkinga for 2019 viser det seg at frykta for klimaendringar har vorte viktigare i dei aller flest veljargruppene. Klima er på topp hos alle, bortsett frå veljarane til Senterpartiet, Høgre og Framstegspartiet. I Frp meiner 77 prosent at innvandring er den største utfordringa det norske samfunnet står overfor. Klima er ikkje på topp tre hos Frp-veljarane.

Klimaendringane er den klart viktigaste saka hos dei under 45 år. Aldersgruppa 45–49 år er mest opptekne av helse og omsorg, medan dei over 60 år jamstiller helse med klima.

For dei under 30 år meiner 56 prosent at klimaendringane er den viktigaste saka, medan 50 prosent av dei mellom 30 og 44 meiner det same.

Sjå presentasjonen av undersøkinga her

Klimagrafikk.
Foto: Kantar

Tre milliardar på klimatiltak

Statistisk sentralbyrå opplyser at Noreg brukar tre milliardar kroner i året på klimatiltak, som i hovudsak skal redusere utslepp av klimagassar. 44 prosent av dei spurde meiner vi bør bruke meir på klimatiltak, 26 prosent meiner det bør vere som i dag, medan 18 prosent meiner vi bør bruke mindre. 41 prosent av veljarane vil prioritere meir forsking og utvikling av klimavenleg teknologi.

35 prosent vi satse mest på kollektivtransport, 31 prosent meiner det viktigaste er å få godstrafikken over til sjø og jernbane.

59 prosent meiner norske styresmakter gjer for lite for at vi skal tilpasse oss klimaendringane, men 54 prosent ser likevel på Noreg som eit føregangsland i internasjonalt i klimaspørsmål. Talet var 38 prosent i 2016.

Når deltakarane i spørjeundersøkinga blir bedne om å gi regjeringa terningkast for klimapolitikken, så blir snittet 3. 10 prosent gir 1, medan 2 prosent gir terningkast 6. 78 prosent forventar at næringslivet tek ei aktiv rolle for å avgrense utslepp av klimagassar.

– Vi må kutte utsleppa med 7,6 pst kvart år

Stadig meir drivhusgassar i atmosfæren

Klimagrafikk.
Foto: Kantar

Positive til olje

Eit spennande punkt ved Klimabarometeret er at 26 prosent av dei spurde er positive til olje som energikjelde, mot berre 10 prosent i 2015 og 19 prosent i 2016. 54 prosent meiner Noreg bør halde fram med å leite etter olje og gass i same grad som i dag. Samstundes er det brei semje om at oljeindustrien bør gå frå å produsere olje og gass ti å produsere meir fornybar energi.

Fleirtalet av dei spurde er positive til vindkraft, spesielt til havs. Men folk blir meir og meir positive til vindkraft også på land dersom det fører til at straumen blir billegare og vindmøllene er ute av syne.

Årsaka til motstand mot vindkraft er den visuelle forureininga. Derfor er svara ein del prega av den såkalla «Nimby-effekten». Nimby er forkorting for «Not in ny back yard», ikkje i mitt nabolag.

34 prosent av oss meiner dei har sett konsekvensar av klimaendringar i sitt nærmiljø.

Flest pragmatikarar

Når det gjeld kvar den enkelte er villig til å gjere for å berge klimaet, så er pragmatikarane den største gruppa med 49 prosent. Dei er opptekne av klima og miljøspørsmål, men tek omsyn til klima berre der det er mogleg. 39 prosent av denne gruppa ser mørkt på framtida, og 83 prosent er villige til å endre framferd.

30 prosent er likegyldige. Dei er litt opptekne av klima og miljø, men dei let sjeldan omsynet til klima påverke kvardagen. 59 prosent av desse er menn.

Byråd Arne Hermstad (MDG) Oslo

– Det er tida for å gjere dramatiske kutt, seier Arild Hermstad (MDG).

Foto: NRK / skjermdump

Gruppa som avviser klima som eit problem er på 5 prosent. Dei er ikkje opptekne av spørsmålet og tek ikkje omsyn i kvardagen. 87 prosent av dei er menn og 29 prosent av dei røystar Framstegspartiet. 80 prosent av dei ser svært lyst på framtida.

Når folk skal svare på kva dei sjølve har gjort for å motverke klimaendringane, s svarar 56 prosent av dei kjeldesorterer avfallet. 52 prosent har redusert matsvinnet, medan 43 prosent har brukt mindre plast. 30 prosent har redusert det personlege forbruket, medan 29 prosent har ete mindre storfekjøt.

– «Spark i ræven»

Energi- og miljøpolitisk talsperson Tina Bru i Høyre (H)

Tina Bru (H) er glad for at så mange ser på klimaet som den viktigaste saka.

Foto: David Vojislav Krekling / NRK

Bergensaren Arild Hermstad er nasjonal talsmann for Miljøpartiet dei grøne (MDG). Han seier at denne undersøkinga er eit «spark i ræven» på politikarane, og at støtta hos nordmenn no er så stor at det er tida for å gjere dramatiske kutt i klimautsleppa. Han gler seg over det aldri har vore så mange nordmenn som ynskjer at det skal bli gjort noko for å gjennomføre kutt.

Tina Bru frå Høgre er også nøgd med tala frå undersøkinga. – Det er ikkje mogleg å gjennomføre klimatiltak utan at folket er med oss. Det har vore mykje fokus på miljøet det siste året, så eg hadde forventa dette, seier ho til NRK.

Asbjørn Aukrust frå Arbeidarpartiet er også glad for at stadig fleire meiner at klima er den største utfordringa. – Eg er glad for at klima no er den viktigaste saka, og det er bra at dei unge går først. Folk ser no klimaendringane rundt seg, seier han.

Lars Haltbrekken, miljøpolitisk talsmann i SV, slår fast at politikarane på Stortinget aldri tidlegare har hatt eit sterkare mandat til å gjere noko med klimakrisa, og at det no er viktig å køyre på med skikkelege kutt.

AKTUELT NÅ