Hopp til innhold

Fekk ikkje forklare seg fritt og uavbroten på samisk i retten: – Dei undertrykker språket vårt

Tolken var klar, men mangel på hovudtelefonar gjorde at forklaringane til Fosen-aktivistane måtte avbrytast for å omsettast til norsk.

Mihkkal Hætta

AVBROTEN: Mihkkal Hætta måtte ta pause og avbrytast i si forklaring for at retten skulle få norsk tolking av det han sa.

Foto: Dan Robert Larsen / NRK

Loga ášši sámegillii.

– Korleis kan du forklare deg så godt som du vil når du ikkje kan gjere det på morsmål ditt?

Det spør Elle Nystad etter tolkesituasjonen i rettssaka mot Fosen-aktivistane.

– Samisk er eit så rikt språk. Og det er utfordrande å finne dei riktige orda på norsk viss du er ein sånn person som tenker på samisk og det er hjartespråket ditt.

Elle Nystad i Oslo tingrett.

Elle Nystad seier samisk er grunnlaget for korleis ho kommuniserer med seg sjølv, forfedrane sine og med samfunnet.

Foto: Håkon Mudenia / NRK

Aktivistane hadde gjeve beskjed om at dei ville forklare seg på samisk og førebudd på simultantolking. Men slik blei det ikkje for alle.

Det viser kva situasjon språket vårt er i, i storsamfunnet, når dei ikkje klarer det ein gong. Dei undertrykker språket vårt. Det er ikkje like viktig som norsk.

Det seier Mihkkal Hætta.

Oslo tingrett beklagar hendinga i ein e-post til NRK.

– Me beklagar dei tekniske problema, og forstår frustrasjonen rundt dette, men det er ikkje eit uttrykk for at tingretten undertrykker det samiske språk, skriv kommunikasjonssjef Irene Ramm.

Fyrste dag av rettssaka mangla Oslo tingrett hovudtelefonar for å kunne legge til rette for simultantolking.

Difor blei Nystad og Hætta sine forklaringa oppstykka og delt på grunn av avbrytande tolking.

Les også Rettssaka mot Fosen-aksjonistane: – Straffa fordi me har beskytta menneskerettane

Ella Marie Hætta Isaksen

– Eg fekk ikkje fram meiningane mine

Då Mihkkal Hætta gav si forklaring i retten måtte tolken sitje ved sida av han og dele mikrofon.

Det blei veldig oppdelt. Eg fekk ikkje fram meiningane mine før tolken måtte kome inn og omsette.

Hætta sa først ei setning og så omsette tolken setninga før aktivisten kunne fortsette forklaringa si.

Det gav inga god følelse, og det plagar meg at eg ikkje fekk forklare kva eg opplevde på ein skikkeleg måte. Det er ein trist følelse.

Elle Rávdná Näkkäläjärvi om rettsak

Må møte i retten: – Vi er forberedt på fremtidige aksjoner

Nystad valde på grunn av dette å ta delar av forklaringa si på norsk, andrespråket hennar.

– Det var synd. Då kjente eg liksom at dette er eit resultat av den harde fornorskinga. Når det til og med funkar slik i eit rettsrom. Me hadde sett det kravet før rettssaka, men dei klarte ikkje å gjennomføre.

Men så valde ho å byte til morsmålet igjen.

– Mot slutten var det ei sak som rørte veldig ved meg, og eg forklarte også til dommaren at no må eg ta denne delen på samisk.

Fleire av aktivistane har samisk som morsmål og lærte norsk på skulen.

– Samisk betyr alt for meg, legg Nystad til.

Måtte forklare kvifor dei trong tolk

På dag to av rettssaka var hovudtelefonar på plass og aktivistane fekk forklare seg uavbroten på samisk.

Det gjekk mykje tid til å ordne det, og å forklare for dei kvifor me trenger tolk og ikkje berre kunne ta det på norsk.

Det seier Elle Rávdná Näkkäläjärvi. Forklaringa hennar blei litt forsinka i retten på grunn av tekniske utfordringar knytt til simultantolkinga.

Eg fekk følelsen av at eg tar mykje plass, at eg er til hinder for dommaren og andre. Men heldigvis ordna det seg.

Les også Fosen-aktivistane: – Me blei pressa inn i ein ufrivillig sveltestreik

Elle Nystad i Oslo tingrett.

Ikkje lovfesta krav om korleis tolkinga skal gjennomførast

Dommar Kim Heger beklaga for at retten ikkje fekk tak i hovudtelefonar for å høyre tolkinga frå samisk.

Han takka også Nystad for å ta deler av forklaringa på norsk.

I ein e-post til NRK skriv kommunikasjonssjef Irene Ramm ved Oslo tingrett at konsekutiv tolking er forholdsvis vanleg i straffesaker.

– Det er heller ikkje lovfesta nokon spesifikke krav til korleis tolkinga skal gjennomførast.

Ramm skriv at dei tiltalte gav uttrykk for at det gjekk greitt å ha tolken ved sida av seg.

Elles er føremålet med den frie forklaringa først og fremst at tiltalte skal få forklare seg utan å bli avbroten av leiande eller konfronterande spørsmål, og at retten er nøytral og upartisk.

Les også Da Arvid sto i sitt livs kamp, mistet han det han hadde mest kjært

Arvid Jåma, Fosen