Hopp til innhold

Vil gje Fosen-aksjonistane 6000 kroner i bot

Aksjonistane er tiltalt etter at dei ikkje godtok bøtene dei fekk for å okkupere lobbyen i Olje- og energidepartementet.

Fosen aksjonister på gulvet inne på OED.

TILTALT: Aksjonistane er tiltalt etter at dei ikkje godtok bøtene dei fekk for å okkupere lobbyen til Olje- og energidepartementet.

Foto: Rasmus Berg / Natur og Ungdom

Loga ášši sámegillii.

Å ta dei på alvor er å gje straff på lik linje med alle andre.

Det seier medaktor, politijurist Håkon Sjøvold, om Fosen-aksjonistane.

Aktoratet legg fram påstand om at Fosen-aksjonistane burde straffast med bøter på 6000 kroner kvar, eller fengsel i seks dagar.

Skal urfolk i kraft av sin urfolk-status nyte eit større vern enn andre som demonstrerer?

Det spør Sjøvold i retten før han sjølv svarar at alle skal ha dei same rettane og det same sterke vernet.

Endeleg dom i rettssaka kjem 12. april.

– Ventar at me skal straffast

– Det følast tomt no, etter at me har jobba så mykje med saka og det går mot slutten.

Det seier Ella Marie Hætta Isaksen rett før siste dag i rettssaka mot Fosen-aksjonistane.

– Eg ventar at dei legg vekt på den sivile ulydnaden, og at me skal straffast fordi det var det me tok i bruk som aksjonsmetode. Så den er no grei, legg Hætta Isaksen til.

Ella Marie Hætta Isaksen under Fosen-rettssakens siste dag

Ella Marie Hætta Isaksen seier ho ventar at aktor vil gje straff til ho og dei 12 medaksjonistane.

Foto: Mette Ballovara / NRK

Og nettopp det vektlegg aktor Stian Hermansen i starten av sin prosedyre.

– Dei betalte ikkje bøtene sine og det skal ikkje føre til frifinning, seier aktor.

13 aksjonistar er tiltalt for å ha brote lova under Fosen-demonstrasjonane i fjor.

I dag legg både aktor og forsvarar fram sine prosedyrar. Altså sine argument for kva straff eller ikkje straff dei tiltalte burde få.

Les også Rettssaka mot Fosen-aksjonistane: – Straffa fordi me har beskytta menneskerettane

Ella Marie Hætta Isaksen

– Nødvendig å gje straff

Aktor vektlegg at pålegget frå politiet om at aksjonistane måtte fjerne seg frå OED ikkje ramma ytringane til aksjonistane.

Pålegget retta seg ikkje direkte mot ytringane eller demonstrasjonen, men mot måten, eller snarare staden det blei gjort på, seier aktor.

Han poengterer at demonstrasjonane heldt fram etter at aksjonistane blei fjerna frå resepsjonen på OED.

Dei kunne fortsette utanfor som før. Og det gjorde dei jo. Dei kom tilbake til regjeringskvartalet rett etter dei blei slopne av politiet.

Difor meiner aktor at det er nødvendig å gje aksjonistane straff.

Aktor Stian F. Hermansen og politijurist Håkon Sjøvold i rettssaken mot Fosen-aktivistene

Aktoratet består av konstituert statsadvokat Stian F. Hermansen (til venstre) og politijurist Håkon Sjøvold.

Foto: Mette Ballovara / NRK

Det er nødvendig å gje straff for å vareta politiet sitt pålegg som lempande tiltak, seier Hermansen.

Forsvarar Olaf Halvorsen Rønning legger fram sin prosedyre etter aktoratet har lagt ned sin.

Les også Fekk ikkje forklare seg fritt og uavbroten på samisk i retten: – Fekk ikkje fram meiningane mine

Mihkkal Hætta

Alternative ytringsformer ville ikkje vore effektive

Forsvarar legg vekt på at andre måtar å ytre seg på ikkje hadde vore effektive for å få ei unnskyldning og anerkjenning frå regjeringa.

Det er overhovudet ikkje tvil om at det er denne gjengen som sit her som pressa fram ei unnskyldning og anerkjenning av det pågåande menneskerettsbrotet på Fosen.

Det seier Halvorsen Rønning i sin prosedyre. Han viser til at aksjonistane allereie hadde gjennomført ei rekke demonstrasjonar, skrive lesarinnlegg og hatt møter på Stortinget.

Alternative ytringsformer ville ikkje vore effektive, legg forsvararen til.

Han meiner aksjonistane fekk nok konsekvensar då dei blei fjerna av politiet og tatt med til politistasjonen.

Brotet på pålegg får jo konsekvensar. Og dei konsekvensane er minst like belastande som bota dei får i etterkant.

– Det er vanskeleg å sjå behovet for straff i tillegg, legg Halvorsen Rønning til.

Forsvarer Anne-Marie Bjørnås Gulichsen legg vekt på at det ikkje var nødvendig å ta aksjonistane med til politistasjonen etter at dei blei fjerna.

– Politiet kunne tatt ID og foto inne på OED, seier Bjørnås Gulichsen.

Forsvararane meiner at sjølv om aksjonistane har drive sivil ulydnad og straffskuld er sett på som bevist, må alle aksjonistane frifinnast.

Fosen-aktivister i rettssak på Oslo tingrett

Fleire av aksjonistane saman med forsvararane Olaf Halvorsen Rønning (til høgre) og Anne-Marie Bjørnås Gulichsen (til høgre på andre rad) i retten måndag.

Foto: Mette Ballovara / NRK

Aksjonerte på OED i fire dagar

Fosen-aksjonistane tok seg inn i resepsjonen i Olje- og energidepartementet torsdag morgon 23. februar i fjor.

Der blei dei sittande i fire dagar til politiet fjerna dei natt til måndag 27. februar.

Då fekk dei bøter på 5000 kroner kvar for å ikkje rette seg etter pålegg frå politiet om å forlate resepsjonen.

I rettssaka har aktor lagt ned påstand om at aksjonistane skal straffast med bøter på 6000 kroner, altså 1000 kroner meir enn dei opphavlege bøtene.

Og sidan dei ikkje betalte bøtene sit aksjonistane på tiltalebenken i Oslo tingrett.

Elle Nystad blir båret av politiet ut av OED.

Politiet fjerna Fosen-aksjonistane på natta: – Fleire gret

Trekte tiltalen mot fem av aksjonistane

Rett før energiminister Terje Aasland skulle gje si vitneforklaring i retten trekte aktor tiltalen mot fem av Fosen-aksjonistane.

– Dagen i dag gav oss mykje styrke. Tiltalen mot Ayla og dei andre fråfell fordi politiet ikkje har vore ryddige nok, rett og slett. Det var rett og slett ein fantastisk nyheit.

Det seier Ella Marie Hætta Isaksen på torsdag.

– Eg er utruleg letta, legg ho til.

Les også Full jubel i rettssalen då tiltalen mot fem av Fosen-aktivistane blei trekt: – Eg er utruleg letta

Fosen-aksjonister i Oslo tingrett.