Hopp til innhold

Politiet fjerna Fosen-aksjonistane på natta: – Fleire gret

Politiet og vakter forklarer seg i retten på dag tre i saka mot Fosen-aksjonistane.

Elle Nystad blir båret av politiet ut av OED.

BOREN UT: Elle Nystad blir boren ut av politiet frå OED natta 27. februar 2023. Rasmus Berg som er tiltalt i saka har sjølv tatt bilete.

Foto: Rasmus Berg / Natur og Ungdom

Loga sámegillii.

– Opplevinga mi var at det var eit sjokk for aktivistane at me kom på natta. Fleire gret.

Det seier politibetjent Mikael Dellemyr i retten onsdag. Han var innsatsleiar på staden då Fosen-aktivistane blei boren ut frå Olje- og energidepartementet (OED).

Sånn eg ser det frå utsida er det var ein situasjon dei opplevde som ekkel og ubehageleg, legg Dellemyr til.

18 aktivistar er tiltalt for å ha brote lova under Fosen-demonstrasjonar i fjor.

Les også Fekk ikkje forklare seg fritt og uavbroten på samisk i retten: – Fekk ikkje fram meiningane mine

Mihkkal Hætta

Reagerte på at dei blei fjerna på natta

Dei tiltalte aktivistane forklarte tidlegare i rettssaka at dei syntest det var feigt av politiet å fjerne dei om natta utan journalistar til stades.

Staten toler ikkje å sjå at samar i kofte som blir boren ut av politiet. Eg trur det er derfor det skjedde på natta.

Det sa Rasmus Madsen Berg under si forklaring. Han var blant dei 13 aktivistane som demonstrerte inne i resepsjonen på OED frå torsdag 23. februar til dei blei boren vekk natta 27. februar i fjor.

Det ligg kraft i bileta av folk som blir boren ut. Feigt at dei tar oss på natta, la Ole Dolmseth til.

Les også Fosen-aktivistane: – Me blei pressa inn i ein ufrivillig sveltestreik

Elle Nystad i Oslo tingrett.

I retten kom det fram at politiet fekk ei oppmoding frå Service- og tryggingsorganisasjonen til departementa (DSS) om å fjerne aktivistane klokka 23.

Det var varsla ei eskalering måndag morgon, forklarar vaktleiar Terje Ole Amundsen i DSS.

Amundsen forklarte i retten at ei varsla opptrapping av demonstrasjonen, tilsette som skulle tilbake på jobb etter vinterferie og sikkerheit var grunnen til at politiet blei kontakta.

– Me nærma oss måndag morgon og me sende oppmoding på grunn av det.

Fosen-aksjonistene ser på politibetjenten forklare seg i Oslo tingrett.

Politiet møter aksjonistane i retten og gjev si forklaring.

Foto: Håkon Mudenia / NRK

Politiet vekte aksjonistane

Etter at politiet hadde vurdert oppmodinga blei det bestemt at politiet skulle assistere med å fjerne demonstrantane som var inne i resepsjonen.

Me var der klokka 01.30. Aktivistane sov og det var me som vekka dei, forklarar innsatsleiaren.

Dellemyr gav aktivistane pålegg om å fjerne seg frå resepsjonen innan 15 minutt.

Det er fleire som gret og reagerer på at me kjem og tidspunktet me kjem på.

Aktivistane gav beskjed om at dei opplevde at politiet hindra ytringsfridommen og at dei ønska å få tid til å kontakte pressa.

Me ønsker ikkje å hindre ytringsfridommen. Me ønsker å gjennomføre oppdraget. Så fekk dei ein halvtime til.

Klokka 02.30 bar politiet aktivistane ut og køyrde dei til politistasjonen for å registrere namn og sleppe dei ut samla.

Me skal treffe riktig på kva som er vår rolle. Me skal ikkje meine noko om kva dei markerer seg om. Me skal gjere det så skånsamt som mogeleg, legg Dellemyr til.

NRK blei varsla og var til stades på utsida av OED då aktivistane blei borne ut.

– Kunne vore mykje fleire politimeldingar

Som det var varsla blei demonstrasjonane trappa opp måndag 27. februar. Då slutta mellom anna Greta Thunberg seg til Fosen-demonstrasjonane i Oslo.

Eg har ikkje opplevd denne størrelsen på mine 19 år som innsatsleiar i Oslo.

Det seier politioverbetjent Tore Barstad ved Oslo politidistrikt i si vitneforklaring.

Det kunne vore mykje fleire politimeldingar.

For då politiet fjerna demonstrantar frå eit departement flytta dei seg til eit anna.

Fleire demonstrantar sprang til neste departement etter at dei hadde blitt fjerna frå eit anna.

Det forklarar Eirik Hestvik som også var innsatsleiar frå politiet under demonstrasjonane.

Me blei ståande i desse situasjonane heile onsdagen og torsdagen.

Aktivistane sat seg utanfor fleire departement fram til statsminister Jonas Gahr Støre anerkjente at det føregjekk eit pågåande menneskerettsbrot mot reindriftssamane på Fosen. Det gjorde han torsdag kveld 2. mars 2023.

Me skulle blokkere fleire departement i eit forsøk på å stenge staten, forklarte Ella Marie Hætta Isaksen i retten måndag.

Ella Marie Hætta Isaksen

Rettssaka mot Fosen-aksjonistane: – Straffa fordi me har beskytta menneskerettane

Blei tatt med til glattcelle

Politiet ønska å legge til rette for markeringane og samstundes som dei fjerna aktivistane frå inngangane til departementa.

Me hadde ei tilnærming som fungerte dårleg, seier Hestvik om den arbeidskrevjande situasjonen.

Politiet vurderte at det måtte strengare tiltak til.

På mine 24 år i politiet har eg aldri vore med på å ta ei så forsiktig og tolmodig tilnærming til aktivistar som me har vore opp mot Fosen-saka, legg Hestvik til.

Torsdag morgon 2. mars fekk politiet nok ei oppmoding frå DSS om bistand til å fjerne aktivistar frå inngangen til Finansdepartementet.

Innsatsleiar Hestvik gav aktivistane eit pålegg om å fjerne seg frå inngangen med beskjed om at dei kunne bli tatt med til arresten dersom dei blei sittande.

Me tar inn over oss at dei møtte oss på ein fin måte. Me snakka med dei andlet til andlet.

Men aktivistane fjerna seg ikkje og dei blei tatt med til arresten, registrert og sett på glattcelle i om lag fire timar.

– Eg ville gjere alt i mi makt til å skape merksemd og måten eg gjorde det på var å demonstrere og då ville eg gjere det så lenge som mogeleg.

Det sa Ayla Iselin Hætta Isaksen i retten. Ho er ei av dei fem tiltalte for lovbrotet utanfor Finansdepartementet.

Fredag morgon blei demonstrasjonane avslutta og aktivistane hadde ei lovleg markering utanfor kongen i statsråd.

Søstrene Hætta Isaksen for støtte av mor, Britt Elin, i retten.