Hopp til innhold

Full jubel i rettssalen då tiltalen mot fem av Fosen-aktivistane blei trekt: – Eg er utruleg letta

Rett før energiminister Terje Aasland skulle gje si vitneforklaring i retten trekte aktor tiltalen mot fem av Fosen-aktivistane.

Fosen-aksjonister i Oslo tingrett.

TREKTE TILTALE: Aktor trekte tiltalen mot fem av Fosen-aktivistane i løpet av rettssaka mot dei.

Foto: Håkon Mudenia / NRK

Loga ášši sámegillii.

– Dagen i dag gav oss mykje styrke. Tiltalen mot Ayla og dei andre fråfell fordi politiet ikkje har vore ryddige nok, rett og slett. Det var rett og slett ein fantastisk nyheit.

Det seier Ella Marie Hætta Isaksen.

– Eg er utruleg letta, legg ho til.

Flere av aktivistene som fikk tiltalene sine trekt tilbake er glad for det i Oslo tingrett.

Aktivistane jublar over at det no berre er 13 tiltalte i saka.

Foto: Håkon Mudenia / NRK

Sjølv er ho framleis tiltalt medan tiltalen mot veslesøstera Ayla Iselin Hætta Isaksen blei trekt.

– Eg blei veldig glad. Det viser at det nytta å komme hit, ikkje berre godta, men vise motstand, seier veslesøstera.

– Ser lysare på heile saka

I ein pause var det full jubel og applaus til at tiltalen blei trekt mot fem av aktivistane.

– Ein del av stresset me har kjent på kroppen i denne perioden, blei endeleg forløyst. No ser eg lysare på heile saka enn eg gjorde i går.

Det seier Eeva Katri Kristiina Kitti som no ikkje er tiltalt. Det er heller ikkje Marit Jensen Michelsen

Først var det eit sjokk og så blei me utruleg glad. Det var klemming og gråting, seier Jensen Michelsen.

Aktor trekte tiltalen mot dei fem Fosen-aktivistane som demonstrerte utanfor finansdepartementet.

Politisk rådgjevar i Amnesty Noreg, Aili Keskitalo, meiner alle aktivistane burde frifinnast.

Rettssaka illustrerer veldig godt at alle aktivistane bør frifinnast. Myndigheitene bør ha svært høg terskel for å gripe inn ytrings- og forsamlingsfridommen, seier Keskitalo.

Aksjonistane var letta over at tiltalen mot fem av dei blei fjerna.

Forvirring rundt kven som bestemte at dei skulle arresterast

– Det er bevistvil rundt kven som fatta den første pågripinga.

Det seier aktor Stian Hermansen i retten.

Etter politiet sine vitneforklaringar i retten kom det fram at det var forvirring rundt kven det var som hadde bestemt at aksjonistane utanfor Finansdepartementet skulle arresterast.

– Hestvik forklarte i går at det jourhavande jurist fatta pågripinga, men jourhavande jurist oppfatta at det var Hestvik som fatta det.

Det kom fram då Eirik Hestvik og andre frå politiet vitna i rettssaka onsdag.

Det har kjendest veldig tungt og urettferdig at det var berre dei som blei sett på glattcelle, og dermed er det ekstra fint at dei skal sleppe å vente på ein dom i fleire veker, legg storesøster Hætta Isaksen til.

Dei 13 aktivistane som demonstrerte i resepsjonen på Olje- og energidepartementet (OED) er framleis tiltalt.

Elle Nystad blir båret av politiet ut av OED.

Politiet fjerna Fosen-aksjonistane på natta: – Fleire gret

Unnskylding kom uavhengig av demonstrasjonane

Eg har stor respekt for demonstrantane.

Det seier energiminister Terje Aasland under si vitneforklaring i rettssaka mot Fosen-aktivistane.

Me håpar han vil innrømme at demonstrasjonane direkte førte til anerkjenninga av det pågåande menneskerettsbrotet på Fosen.

Det seier Ella Marie Hætta Isaksen i forkant Aasland si vitneforklaring.

Men Aasland er ikkje einig i at demonstrasjonane førte til anerkjenninga.

– Me starta med dette arbeidet umiddelbart etter Høgsterett avsåg sin dom, seier energiministeren.

Dommer Kim Hegre utfordret Terje Aasland.

Unnskyldinga til reindriftsnæringa på Fosen kom torsdag 2. mars. Denne dagen bestemte aktivistane seg for å slutte med demonstrasjonane i Oslo for denne gong.

Det var viktig å gje unnskyldinga direkte til reindriftsnæringa og dei møtte eg torsdag 2. mars, seier Aasland.

– Det var lenge sidan Høgsterettsdommen. Kvifor brukte de 500 dagar på å planlegge ei unnskylding? spør dommar Kim Heger.

Me fann det naturleg å beklage 2. mars. Då kom reindriftssamane frå Fosen til Oslo og det var naturleg å gjere det i eit møte med dei, svarar Aasland.

De tiltalte ser mot Aasland som vitner.

Energiminister Terje Aasland vitnar i rettssaka mot Fosen-aktivistane.

Foto: Håkon Mudenia / NRK

Reagerer på Aasland si forklaring

Eg skulle ønske menneskerettsforsvararane ikkje måtte vere her i dag.

Det seier sametingspresident Silje Karine Muotka, som vitna i retten torsdag.

– Det er modig av dei og det er eit stort paradoks at dei sit på tiltalebenken, legg Muotka til.

Reineigar og leiar for Sør-Fosen sijte, Leif Arne Jåma, meiner også aktivistane var heilt avgjerande for Fosen-saka.

– Dei har vore heilt avgjerande at dei sette seg ned. Utan dei hadde nok saka gått svært treigt i regjeringssystemet.

Jåma syntest framdrifta i saka gjekk treigt, fram til aksjonistane begynte å demonstrere i Oslo i fjor vår.

– Eg er evig takksam for det dei gjorde. Det var heilt avgjerande for oss at dei gjorde det.

Jåma møtte opp i retten torsdag, for å vise støtte til aktivistane.

– Tusen takk. Takk for at de er der, takk for det de har gjort, seier han.

Leder for Sør-Fosen sijte, Leif Arne Jåma, i Oslo tingrett under rettssaka mot Fosen-aktivistene

Leiar for Sør-Fosen sijte, Leif Arne Jåma, i Oslo tingrett under rettssaka mot Fosen-aktivistane

Foto: Håkon Mudenia / NRK

Beaska Niillas (NSR) reagerer sterkt på Aasland si forklaring. Han har følgt rettssaka heile tida og deltok sjølv på Fosen-demonstrasjonane.

– Han kan ikkje sitte der og klappe seg sjølv på skuldra når det er heilt tydeleg at det er på grunn av aksjonane at han anerkjente menneskerettsbrotet.

Aasland forklarte då han vitna i rettssaka mot dei 13 aksjonistane at regjeringa si oppfølging av saka var prioritert utan påverking av aksjonane.

Det meiner Niillas er feil.

Det er jo på grunn av desse aksjonistane at me har kome så langt i Fosen-saka.

Han siktar til at begge reinbeitedistrikta som er påverka av vindturbinane på Fosen no har skrevet under ein avtale om «avbøtande tiltak».

NRK forklarer

Hva er konflikten rundt vindkraftanlegget på Fosen?

Hva er konflikten rundt vindkraftanlegget på Fosen?

Brukes som beiteområde

Sørsamer har brukt fjellområdet Roan og Storheia på Fosen som vinterbeite for rein siden før 1500-tallet.

Hva er konflikten rundt vindkraftanlegget på Fosen?

2010: Får tillatelse til å bygge i området

I 2006 melder Statkraft Development AS interesse for å bygge vindkraftanlegg i området. Søknaden blir godkjent i 2010 og det blir gitt konsesjon til utbyggingen. Denne konsesjonen klages på, men stadfestes likevel av Olje- og energidepartementet i 2013.

Hva er konflikten rundt vindkraftanlegget på Fosen?

2014: Spilles inn i rettsystemet

Saken spilles inn i rettsystemet for behandling. Sør-Fosen sitje og Nord-Fosen siida mener utbyggingen vil ødelegge viktige beiteområder for reinsdyr og dermed krenke samers rett til kulturutøvelse.

Hva er konflikten rundt vindkraftanlegget på Fosen?

2016: Starter utbygging

Likevel starter arbeidet med å bygge anlegget i juni 2016. Selv om saken ikke er ferdig behandlet i rettsystemet har staten gitt utbygger tillatelse til å starte arbeidet tidlig. Det blir investert 11 milliarder kroner i prosjektet.

Hva er konflikten rundt vindkraftanlegget på Fosen?

2018: FN ber om byggestans

FN ber Norge om å stanse utbyggingen på Storheia til saken er avklart i rettssystemet. Staten tar dette ikke til følge og driften av vindturbinene starter i 2020. 

Hva er konflikten rundt vindkraftanlegget på Fosen?

2021: Knusende dom i Høyesterett

I 2021 slår en enstemmig Høyesterettsdom fast at utbyggingen av anleggene på Fosen krenker samenes rett til kulturutøvelse. Konsesjonene blir kjent ugyldige fordi utbyggingen bryter med FN-konvensjonen.

Hva er konflikten rundt vindkraftanlegget på Fosen?

2022: Vil beholde anlegget

Til tross for dommen fortsetter driften av anlegget på Fosen. I 2022 sender regjeringen et brev til Sametinget hvor de sier de har et mål om å beholde både vindkraft og reindrifta på Fosen. 

Les mer om Fosen-dommen her

Aksjonerte på OED i fire dagar

Fosen-aktivistane tok seg inn i resepsjonen på Olje- og energidepartementet torsdag morgon.

Der blei dei sittande til politiet fjerna dei natt til måndag.

Kvelden før dei blei fjerna fekk dei besøk av sametingspresidenten.

For meg var det viktig å få snakke med ungdommane, sa Muotka i retten.

Og kort tid etter ho hadde besøkt aktivistane på OED blei dei fjerna av politiet.

Eg såg på morgonen at ungdommane blei boren ut. Det rørte meg veldig.

Sametingspresident Silje Karine Muotka vitner i Oslo tingrett.

Sametingspresident Silje Karine Muotka vitnar i rettssaka.

Foto: Håkon Mudenia / NRK

Så demonstrerte dei fram til statsministeren anerkjente det pågåande menneskerettsbrotet på Fosen.

Som ein direkte konsekvens av at me stengte disse departementa, beklaga statsminister Støre og Terje Aasland for det pågåande menneskerettsbrotet.

Det forklarte Hætta Isaksen første dag i retten. Men det er

Då rettssaka starta var 18 personar tiltalt for å ha brote lova i forbindelse med Fosen-demonstrasjonar i Oslo i fjor vår.

Etter at tiltalen blei trekt mot fram av aktivistane er berre dei 13 som aksjonerte på OED som framleis tiltalt.

Les også Rettssaka mot Fosen-aksjonistane: – Straffa fordi me har beskytta menneskerettane

Ella Marie Hætta Isaksen

– Mii eat nákce šat eambbo.

Energiminister Terje Aasland møtte aktivistane under Fosen-demonstrasjonane i fjor vår.