Hopp til innhold

Rettssaka mot Fosen-aksjonistane: – Kjemperedd for at me ikkje har gjort nok

Det er einigheit i Fosen-saka, både i nord og sør. No møter 18 aksjonistar i retten for å ha okkupert departement under Fosen-demonstrasjonane i fjor.

Ella Marie Hætta Isaksen

TAR TIL TÅRENE I RETTEN: Ella Marie Hætta Isaksen fortel om ei tøft år og tar til tårene i retten.

Foto: Håkon Mudenia / NRK

Loga ášši sámegillii.

Eg føler veldig mange ting på ein gong. Eg føler meg ekstremt sliten. For det har vore eit tøft år der me har ofra veldig mykje.

Det seier Ella Marie Hætta Isaksen under si forklaring i retten.

For oss er det viktig å vise at aksjonane var høgst nødvendig og at det nettopp var våre aksjonar som skapte bevegelse i saka.

Hætta Isaksen fortel om eit tøft år og at aksjonistane har ofra mykje.

– Eg er kjemperedd for at me ikkje har gjort nok.

Ho må ta ein pause i forklaringa si. Det er stille i rettssalen.

Hætta Isaksen gret og fleire av aksjonistane tar til tårene.

Eg tenker ekstra mykje på reindriftssamane. Først no eg kan ta innover meg belastinga dei har vore gjennom i 10 år med saksbehandling.

Les også Må møte i retten: – Vi er forberedt på fremtidige aksjoner

Elle Rávdná Näkkäläjärvi om rettsak

Eg får ei framtidsfrykt

Jon Anta Eira-Åhren er ung reineigar frå Røyrvik i Trøndelag, på veg inn i reindriftsnæringa.

Han er også ein av dei tiltale etter Fosen-demonstrasjonane.

Dette påverkar meg fordi eg får ei framtidsfrykt.

Han har vakse opp med reindrift og er sikker på at han vil fortsette med det.

Det er det eg har vakse opp med, det er det eg elskar og det er det eg har lyst å halde på med, legg han til.

Difor valde Eira-Åhren å slutte seg til demonstrasjonane i Oslo. Men det har ikkje vore utan påkjenningar.

Ein stikk hovudet veldig ut. Når ein er ung og prøver å beskytte ei næring som er hetsa. Ein må ha god psyke for å gå ut i media og forsvare sin levemåte.

Han opplev at staten no har kjøpt seg ut av eit menneskerettsbrot.

Dette er også ein måte å teie stemmer på å bøtelegge.

Jon-Anta Eira-Åhren inne på OED, 26.februar. Demonstrasjoner utenfor departementet. Kalvemo på utsiden.

Jon Anta Eira-Åhren inne på Olje- og energidepartementet 26. februar 2023.

Foto: Rasmus Berg

Blir straffa for å beskytte menneskerettane

– Me blir straffa fordi me har beskytta menneskerettane i Noreg.

Det sa Hætta Isaksen til NRK i forkant av rettssaka.

For oss er det viktig å vise at aksjonane var høgst nødvendig og at det nettopp var våre aksjonar som skapte bevegelse i saka, legg ho til i retten måndag.

Ho er saman med 17 andre samiske aksjonistar tiltalt for å ha brote lova under Fosen-demonstrasjonar.

Det er så trist og det er derfor eg blir så sint. Fordi når eg ser utover straffebenken er det ingen av desse som skulle ha vore tiltalt, seier Hætta Isaksen i retten.

– Men dei som har gjort menneskerettsbrot i årevis får gå fri.

Samiske aksjonister har møtt opp i Oslo tingrett.

Aksjonistane har møtt opp i Oslo tingrett.

Foto: Håkon Mudenia / NRK

Vår tids største sameopprør

I forklaringa si fortel Hætta Isaksen om aksjonane som føregjekk over ni dagar utanfor elleve departement.

Aktivistane blei natta 27. februar i fjor boren ut frå Olje- og energidepartementet.

Då vakna folk i Noreg til bilete av at me blei boren ut på natta. Det var veldig belastande, seier Hætta Isaksen.

Då blei det klart at dette er vår tids største sameopprør.

I løpet av aksjonane slutta fleire og fleire samiske ungdommar seg til demonstrasjonane.

Det er ein moderne samekamp ein ikkje har sett på lenge, seier Hætta Isaksen.

Ho beskriv aksjonane som avgjerande for Fosen-saka.

Eg er så ufatteleg stolt over dei aksjonane me har gjennomført, seier ho til medaksjonistane sine i retten.

Mari Boine i Oslo tingrett.

Mari Boine møtte opp i Oslo tingrett for å følge rettssaka.

Foto: Håkon Mudenia / NRK

Ville forklare seg på samisk det klarte ikkje retten legge til rette for

Ei som også forklarte seg i retten var Elle Nystad. Ho er leiar for NSR Nuorat, ungdomsutvalet til Norske Samers Riksforbund.

Nystad ønska å gje si forklaring på samisk som er morsmålet hennar.

Når eg skal snakke om den emosjonelle delen er det enklare for meg å gjere det på samisk. På morsmålet og hjartespråket mitt.

Difor hadde ein samisk tolk møtt opp i retten, for å omsette forklaringa til norsk.

Men i mangel på øyretelefonar i retten klarte ikkje Oslo tingrett å legge til rette for at Nystad kunne snakke samisk under heile forklaringa si.

Dommar Kim Heger beklaga og takka ho for å likevel gjere det på norsk når sidan retten ikkje fekk til øyretelefonar for å høyre tolkinga frå samisk.

Mot slutten av forklaringa kunne Nystad forklare seg på samisk med tolken ved sida av.

Det er snakk om liva våre, ikkje interessene våre som nokre ministrar påstår. Samisk levemåte er heile livet vårt. Det er ikkje berre ein hobby. Det er heile livet vårt.

Mihkkal Hætta fekk forklare seg på samisk med tolk som omsette setning for setning då retten såg at det var tid til det.

Elle Nystad og Ella Marie Hætta Isaksen i Oslo tingrett.

Elle Nystad og Ella Marie Hætta Isaksen i Oslo tingrett.

Foto: Håkon Mudenia / NRK

Å vere eller ikkje vere for samisk kultur

Dei opplev det som eit vere eller ikkje vere for samisk kultur.

Det seier advokat Olaf Halvorsen Rønning som forsvarar fleire av aktivistane i saka.

– Utan reindriftsutøving vil samisk kultur og samisk språk vil forsvinne.

Les også 20 personer tiltalt for Fosen-aksjoner: – Vi var jo nødt til å gjøre det

Aksjon 500 dager mot fosen

Halvorsen Rønning seier demonstrasjonane rettar seg mot menneskerettsbrotet på Fosen som regjeringa ikkje hadde etterfølgt.

Difor meiner dei at aksjonistane ikkje kan dømmast.

Dei protesterer mot overgrep og menneskerettsbrot som regjeringa utfører mot dei som gruppe, legg han til.

Men aktor i saka Stian F. Hermansen trekk likevel eit skilje mellom menneskerettsbrotet på Fosen og demonstrasjonane i Oslo.

Straffesaka gjeld spørsmålet om dei tiltalte skal straffast for å ikkje følgje pålegget dei fekk frå politiet.

Hermansen synest likevel det er naturleg å snakke om Fosen-saka også i denne rettssaka.

Det er naturleg fordi det dannar bakteppet for saka. Sjølv om hovudspørsmålet er noko anna, legg han til.

Aksjon 500 dager mot fosen

Aksjonistane er tiltalt etter at dei ikkje godtok bøtene dei fekk for å okkupere lobbyen til Olje- og energidepartementet og inngangspartiet til Finansdepartementet.

Foto: Emrah Senel / NRK

Tiltalt etter Fosen-demonstrasjonar

27. februar 2023 markerte aksjonistane at det hadde gått 500 dagar sidan Høgsterett slo fast at vindkraftverka på Fosen i Trøndelag strider med urfolk sine rettar.

Dette markerte aksjonistane ved å okkupere Olje- og energidepartementet og blokkere inngangen til Finansdepartementet.

13 aksjonistar er tiltalt for å la vere å fjerne seg frå Olje- og energidepartementet.

5 aksjonistar er tiltalt for å ikkje fjerne seg frå inngangspartiet til Finansdepartementet.

Aksjonistane fekk bøter dei ikkje har betalt og no er det er sett av fem dagar i Oslo tingrett for å behandle saka.

Det er gjort reduksjon i bøtesats på grunn av behandlingstida, på grunn av saka sine prinsipielle sider, seier Hermansen.

Les også Fosen-aksjonistene møtte kongen: Ordknappe om hva som ble sagt

Møte mellom Kong Harald, Kronprins Haakon Fosen-aksjonister, blant annet Ella Marie Hætta Isaksen

Nytt menneskerettsbrot

Halvorsen Rønning skriv i ei pressemelding før rettssaka at demonstrasjonane har eit sterkt vern under menneskerettane.

– Det vil vere eit nytt brot på menneskerettane viss dei samiske demonstrantane no blir straffa for slike demonstrasjonar.

Han er forsvarar til aktivistane saman med advokat Anne-Marie Gulichsen.

Etter vårt syn bruker dei ytringsfridommen sin til å påpeike eit menneskerettsbrot som regjeringa gjer overfor gruppa deira. Så sånn sett er me i kjernen av ytrings- og forsamlingsfridommen, seier Halvorsen Rønning til NRK.

NRK forklarer

Hva er konflikten rundt vindkraftanlegget på Fosen?

Hva er konflikten rundt vindkraftanlegget på Fosen?

Brukes som beiteområde

Sørsamer har brukt fjellområdet Roan og Storheia på Fosen som vinterbeite for rein siden før 1500-tallet.

Hva er konflikten rundt vindkraftanlegget på Fosen?

2010: Får tillatelse til å bygge i området

I 2006 melder Statkraft Development AS interesse for å bygge vindkraftanlegg i området. Søknaden blir godkjent i 2010 og det blir gitt konsesjon til utbyggingen. Denne konsesjonen klages på, men stadfestes likevel av Olje- og energidepartementet i 2013.

Hva er konflikten rundt vindkraftanlegget på Fosen?

2014: Spilles inn i rettsystemet

Saken spilles inn i rettsystemet for behandling. Sør-Fosen sitje og Nord-Fosen siida mener utbyggingen vil ødelegge viktige beiteområder for reinsdyr og dermed krenke samers rett til kulturutøvelse.

Hva er konflikten rundt vindkraftanlegget på Fosen?

2016: Starter utbygging

Likevel starter arbeidet med å bygge anlegget i juni 2016. Selv om saken ikke er ferdig behandlet i rettsystemet har staten gitt utbygger tillatelse til å starte arbeidet tidlig. Det blir investert 11 milliarder kroner i prosjektet.

Hva er konflikten rundt vindkraftanlegget på Fosen?

2018: FN ber om byggestans

FN ber Norge om å stanse utbyggingen på Storheia til saken er avklart i rettssystemet. Staten tar dette ikke til følge og driften av vindturbinene starter i 2020. 

Hva er konflikten rundt vindkraftanlegget på Fosen?

2021: Knusende dom i Høyesterett

I 2021 slår en enstemmig Høyesterettsdom fast at utbyggingen av anleggene på Fosen krenker samenes rett til kulturutøvelse. Konsesjonene blir kjent ugyldige fordi utbyggingen bryter med FN-konvensjonen.

Hva er konflikten rundt vindkraftanlegget på Fosen?

2022: Vil beholde anlegget

Til tross for dommen fortsetter driften av anlegget på Fosen. I 2022 sender regjeringen et brev til Sametinget hvor de sier de har et mål om å beholde både vindkraft og reindrifta på Fosen. 

Les mer om Fosen-dommen her