Hopp til innhold

Fosen-aktivistane: – Me blei pressa inn i ein ufrivillig sveltestreik

Då Fosen-aktivistane demonstrerte inne på Olje- og energidepartementet blei døra til omverda låst.

Elle Nystad i Oslo tingrett.

TILTALT: Elle Nystad er blant dei tiltalte etter Fosen-demonstrasjonane i fjor.

Foto: Håkon Mudenia / NRK

Loga ášši sámegillii.

Blir me pressa inn i ein ufrivillig svelte­streik inne på OED når me ikkje får inn mat?

Det spør Elle Nystad i retten måndag. Ho er saman med 17 andre tiltalt for å ha brote lova under Fosen-demonstrasjonar.

Då dei demonstrerte i lobbyen på Olje- og energidepartementet (OED) i februar i fjor skal aktivistane ha gått over 30 timar utan mat og medisinar.

I dag startar andre dag av rettssaka mot aktivistane i Oslo tingrett.

Les også Rettssaka mot Fosen-aksjonistane: – Straffa fordi me har beskytta menneskerettane

Ella Marie Hætta Isaksen

30 timar utan mat og medisinar

Klokka 8 på morgonen, torsdag 23. februar i fjor gjekk aktivistane inn på OED med plan om å demonstrere ei stund.

– Me hadde pakka niste til lunsj, forklarar Nystad.

I lobbyen hengde dei opp banner og vrengte kofta.

Det er ein tradisjon der me viser motstand.

Dei ville ansvarleggjere Energiminister Terje Aasland for menneskerettsbrotet på Fosen.

Les også Må møte i retten: – Vi er forberedt på fremtidige aksjoner

Elle Rávdná Näkkäläjärvi om rettsak

Men tida gjekk og då dei tilsette gjekk heim blei døra til omverda låst.

– Me gjekk over 30 timar utan mat. Men heldigvis fekk me inn mat på fredagen i 12–13 tida, legg Nystad til.

Då fekk dei også inn mat, saman med medisinar.

Eg opplevde det som ei form for strategisk posisjonering og avmagring. At aksjonen skulle slutte fordi me blei utslitne.

Det legg Mari Strugstad Qviller til i si forklaring i retten. Strugstad Qviller var med på demonstrasjonen frå Natur og ungdom.

Fosen-aksjonistenes mat var etterlengtet og gjennomlyst.

Aktivistane fekk etterlengta inn mat til lobbyen i OED på fredagen under demonstrasjonen.

Foto: Rasmus Berg

Det var Service- og tryggingsorganisasjonen til departementa (DSS) som låste døra og som opna den for å få inn mat til aktivistane.

Representantar frå DSS skal forklare seg i retten på onsdag.

– Aktivistane hadde full anledning til å forlate området for å skaffe seg mat dersom dei ønska det.

Det svarer Liv Nodeland, presseansvarleg i DSS i ein e-post til NRK.

– Demonstrantane hadde med seg ein del medbringa mat. Då dei etter kvart spurde om å få inn mat utanfrå, svarte DSS at me ikkje tillèt leveransar inn i regjeringsbygget som ikkje er sikkerheitskontrollert.

Nodeland skriv at aksjonistane fekk levert mat fredag 24. februar i tidsrommet 11.40 til 12.40.

Aksjonistane har bedd energiminister Terje Aasland vitne i retten. Det skal han gjere på torsdag.

– Det er jo fordi han har mange ting han burde svare for. Og viss ingen andre puttar han i ei rettssak, så gjer me det.

Det seier Ida Helene Benonisen til NRK.

Skulle sitte til staten anerkjente menneskerettsbrotet

Då aktivistane demonstrerte inne på OED fekk dei fyrst beskjed om at det berre var å gå ut dersom dei ville ha mat.

Men då kom dei seg ikkje inn igjen. Og det var ikkje eit alternativ.

Eg tenkte at eg er her til staten anerkjenner at det er eit menneskerettsbrot.

Det seier Elle Rávdna Näkkäläjärvi som også er tiltalt.

Eg er her til krava er møtt, tenkte ho medan demonstrasjonane føregjekk.

Andre krav aktivistane hadde var at vindturbinane på Fosen skulle rivast.

NRK forklarer

Hva er konflikten rundt vindkraftanlegget på Fosen?

Hva er konflikten rundt vindkraftanlegget på Fosen?

Brukes som beiteområde

Sørsamer har brukt fjellområdet Roan og Storheia på Fosen som vinterbeite for rein siden før 1500-tallet.

Hva er konflikten rundt vindkraftanlegget på Fosen?

2010: Får tillatelse til å bygge i området

I 2006 melder Statkraft Development AS interesse for å bygge vindkraftanlegg i området. Søknaden blir godkjent i 2010 og det blir gitt konsesjon til utbyggingen. Denne konsesjonen klages på, men stadfestes likevel av Olje- og energidepartementet i 2013.

Hva er konflikten rundt vindkraftanlegget på Fosen?

2014: Spilles inn i rettsystemet

Saken spilles inn i rettsystemet for behandling. Sør-Fosen sitje og Nord-Fosen siida mener utbyggingen vil ødelegge viktige beiteområder for reinsdyr og dermed krenke samers rett til kulturutøvelse.

Hva er konflikten rundt vindkraftanlegget på Fosen?

2016: Starter utbygging

Likevel starter arbeidet med å bygge anlegget i juni 2016. Selv om saken ikke er ferdig behandlet i rettsystemet har staten gitt utbygger tillatelse til å starte arbeidet tidlig. Det blir investert 11 milliarder kroner i prosjektet.

Hva er konflikten rundt vindkraftanlegget på Fosen?

2018: FN ber om byggestans

FN ber Norge om å stanse utbyggingen på Storheia til saken er avklart i rettssystemet. Staten tar dette ikke til følge og driften av vindturbinene starter i 2020. 

Hva er konflikten rundt vindkraftanlegget på Fosen?

2021: Knusende dom i Høyesterett

I 2021 slår en enstemmig Høyesterettsdom fast at utbyggingen av anleggene på Fosen krenker samenes rett til kulturutøvelse. Konsesjonene blir kjent ugyldige fordi utbyggingen bryter med FN-konvensjonen.

Hva er konflikten rundt vindkraftanlegget på Fosen?

2022: Vil beholde anlegget

Til tross for dommen fortsetter driften av anlegget på Fosen. I 2022 sender regjeringen et brev til Sametinget hvor de sier de har et mål om å beholde både vindkraft og reindrifta på Fosen. 

Les mer om Fosen-dommen her

Staten toler ikkje sjå samar i kufte bli borne ut av politiet

Inne på OED demonstrerte aktivistane fram til 27. februar 2023. For på natta blei dei borne ut av politiet fordi dei ikkje ville flytte seg.

Staten toler ikkje samar i kufte som blir boren ut av politiet. Eg trur det er derfor det skjedde på natta.

Det seier Rasmus Madsen Berg i retten måndag. Han sit i sentralstyret til Natur og ungdom, og var med på demonstrasjonen.

Dei måtte ha det vesle ubehaget å gå over dei som dei har undertrykt over lang tid, seier Madsen Berg om dei tilsette som skulle inn på OED medan dei demonstrerte.

Aktivistane ville ikkje flytte seg og politiet bar dei ut etter anmoding frå DSS. For dette fekk dei bøter som dei ikkje har betalt og det er difor dei no er tiltalt.

Mona Solbakk samepolitisk kommentator NRK

Løsning i Fosen-saken

Nå har alle parter i Fosen-saken signert avtaler, og dermed bør saken være løst.

Nord-Fosen siida og vindkraftselskapet Roan vind er de siste berørte parter som har kommet til enighet.

Tidligere har Sør-Fosen siida inngått avtale med Fosen vind.

Selv om Fosen-aksjonister uttrykker misnøye, så er ikke de direkte berørt av saken og deres mening har derfor liten betydning.

Sveip videre

Mona Solbakk samepolitisk kommentator NRK

Reindrifta må få fortsette

Helt sentralt er at samene på Fosen kan fortsette med tradisjonell reindrift i området. Det er reindrift som kulturutøvelse som er beskyttet av menneskerettighetene.

Avtalen sikrer at Nord-Fosen siida skal kunne drive med reindrift i framtida ved å få tildelt tilleggsbeite. Slik vil de kunne fortsatt drive med reindrift uten å rive vindturbiner.

En avtale kun med økonomisk kompensasjon ville ikke vært mulig å inngå.

Mona Solbakk samepolitisk kommentator NRK

Svekket tillit til myndighetene

Fosen-saken har ført til svekka tillit mellom samer og norske myndigheter. Noe også sannhets- og forsoningskommisjonen slo fast.

Dialogen mellom Sametinget og Regjeringen har antakelig aldri vært dårligere enn det den har vært det siste året.

Bindende avtaler og løsning i Fosen-saken, gir på nytt håp om bedre dialog og at arbeidet med å bygge opp tillit igjen kan begynnes.

Nå er det opp til statsminister Jonas Gahr Støre og sametingspresident Silje Karine Muotka å sikre en god dialog, og at noe slikt ikke skjer igjen.

Brukte kufte for første gong under demonstrasjonen

Ida Helene Benonisen sit også på tiltalebenken i Oslo tingrett.

Mi fyrste kofte blei sydd utanfor OED, medan eg var der inne. Og fyrste gong eg fekk ho på måtte eg bruke kufta på vranga.

Ida Helene Benonisen i Oslo tingrett. Ho står og ser på Ella Marie Hætta Isaksen som står med ryggen til.

– Eg såg at historia mi blei sydd utanfor OED, seier Ida Helene Benonisen. I retten har ho på seg kufta si som blei sydd under demonstrasjonen.

Foto: Håkon Mudenia / NRK

Benonisen er samisk, men kan ikkje språket sitt.

Eg er resultatet av det fornorskingspolitikken ville ha. Eg er blitt heilt absorbert av det norske samfunn.

Høyr Benonisen fortelje om fornorskinga ho har vore gjennom i Oppdatert: