Giske om Ap-fall: Me må forandre oss
Statsminister og Ap-leder Jonas Gahr Støre har sett tilbakegangen for regjeringspartia i samanheng med den krevjande økonomiske situasjonen for folk flest.
Då han samanfatta 2023 peika han på prognosar som seier at rentetoppen er nådd og at utsiktene er lysare i 2024.
– Me ser på meiningsmålingar at det kostar når prisstigning og renter går opp. Då er det naturleg at oppslutninga går ned, sa Støre.
Men dette er ikkje Trond Giske einig i.
– Ein del trur at berre renta går ned og økonomien snur så kjem veljarane tilbake. Eg trur det må meir til.
Det sa Giske frå talarstolen under Trøndelag Arbeidarparti sitt fylkesårsmøte.
– Me må også forandre oss. Me må ta tilbake den politiske styringa, ikkje minst over straumpolitikken.