Hopp til innhold
Bakhmut, Donetsk 23.april 2024
Foto: AP

Krigen i Ukraina

Oppsummert

Russland invaderte Krim og deler av fylkene Luhansk og Donetsk i Øst-Ukraina i 2014. 24. februar 2022 gikk Russland til fullskala invasjon, men har møtt hard motstand fra den ukrainske hæren. Krigen medfører store militære tap og rammer sivile hardt.

  • Rakettar og dronar skotne ned over Ukraina

    Ukraina hevdar dei skaut ned 21 av 34 russiske rakettar som blei skotne mot ukrainske mål natt til laurdag, melder Reuters.

    Det største energiselskapet i Ukraina Detek seier at fire av kraftverka deira er ramma i russiske angrep i løpet av natta. Ein tilsett blei skadd.

    Ifølge det russiske forsvarsdepartementet skaut russiske soldatar ned 68 ukrainske dronar natt til laurdag, melder AFP. 66 av desse skal ha blitt skotne ned over Krasnodar, medan to blei skotne ned over Krym-halvøya.

  • Tre kraftverk angrepne natt til laurdag

    Russland skal ha angripe tre forskjellige kraftverk i forskjellige regionar i Ukraina natt til laurdag. Det seier den ukrainske energiministeren German Galushchenko, ifølgje Reuters.

    Angrepa skal ha øydelagt utstyr, og minst ein arbeidar skal ha blitt skada.

  • Sjukehus i Kyiv blei evakuerte

    Styresmaktene i Ukrainas hovudstad Kyiv gav fredag ordre om å evakuere to sjukehus etter at ein video utløyse frykt for eit mogleg russisk rakettangrep.

    I videoen blir det hevda at det er militært personell på sjukehusa – ein påstand styresmaktene i Kyiv avviser.

    Dei skuldar også Russland for å spreie falske unnskyldningar for å rettferdiggjere eit mogleg angrep.

    Eitt av sjukehusa som blei evakuert er eit barnesjukehus nord i byen.

  • Belgia skal levere F-16 til Ukraina i 2024

    Belgia vil forsyne Ukraina med F-16 jagerfly i år, ifølge den belgiske kringkasteren VRT, som siterer landets forsvarsdepartement fredag, melder Reuters.

    Den belgiske regjeringen hadde tidligere planlagt den første levering av F-16 til Ukraina i 2025.

  • Den norske Helsingforskomité oppfordrer til økning av Nansen-støtten

    – Støtten må stå i forhold til Statens ekstraordinære inntekter fra olje og gass, skriver Den norske Helsingforskomiteen i en pressemelding.

    Komiteen har hatt årsmøte og Nansen-støtten ble et tema. De forventer en betydelig økning.

    I dag er Nansen-programmet avtalt til 75 milliarder kroner over fem år og er støttet av alle partiene på Stortinget. Med Nansen-programmet er Norge en stor bidragsyter til Ukraina.

    Sist søndag opplyste regjeringen at den norske støtten til Ukraina skal økes betydelig den nærmeste tiden. Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) har invitert de parlamentariske lederne på Stortinget til et møte om Norges støtte til Ukraina 30. april.

    (NTB)

  • Helsingforskomiteen vil auke støtta til Ukraina

    Årsmøtet i Den norske Helsingforskomite oppmodar regjeringa og Stortinget til å auke støtta til Ukraina vesentleg, skriv dei i ei pressemelding.

    Noreg er ein stor bidragsytar til landet gjennom Nansen-programmet, men Helsingforskomiteen meiner det er mogeleg å auke støtta vesentleg.

    Dei skriv at støtta bør stå i forhold til dei auka inntektene Noreg får frå olje og gass som følge av krigen i Ukraina.

    – Å investere i Ukrainas kamp er ei investering i tryggleik og demokrati, ikkje berre for ukrainarane sjølve, men også for framtidige generasjonar nordmenn, skriv dei i pressemeldinga.

  • Korrupsjonsanklaget minister i Ukraina arrestert

    Landbruksminister Mykola Solsky som anklages for omfattende korrupsjon har blitt arrestert, ifølge AFP.

    Det var tidligere utsted et arrestordre på Solsky, hvor dommeren satt et kausjonsbeløp på 21 millioner kroner.

    Solsky avviser anklagene mot han. Han er anklaget for å ha sikret seg statlige eiendommer til en verdi av nærmere 80 millioner kroner på uriktig vis fra 2017 til 2021.

    Torsdag trakk han seg fra posten som landbruksminister, men han fortsetter inntil nasjonalforsamlingen aksepterer søknaden om avgang.

  • Ukraina parkerer amerikanske stridsvogner

    Inntil vidare vil Ukraina unngå å bruke Abrams M1A1-stridsvogner levert av USA. Grunnen er at russiske dronar gjer det vanskelegare å unngå å bli oppdaga.

    I januar 2023 gjekk USA med på å levere 31 av stridsvognene, skriv NTB. Russland si omfattande bruk av dronar har sidan då endra forholda på slagmarka, og stridsvognene blir lettare oppdaga.

    No blir vognene til 10 millionar dollar per stykk flytta vekk frå fronten inntil vidare, seier USA sin viseforsvarssjef Christopher Grady.

    Polish soldiers take part in trial drills prior to annual artillery show ‘Autumn Fire 23’ at a military range in Bemowo Piskie near Orzysz
    Foto: KACPER PEMPEL / Reuters
  • Ukrainsk minister går av

    Den ukrainske landbruksministeren, Mykola Solsky, går av. Det stadfestar leiaren for den ukrainske nasjonalforsamlinga.

    Solsky har den siste tida blitt skulda for innblanding i ulovleg tildeling av statseigde landområde, skriv NTB.

    Ifylgje Reuters skal ministeren ha vore involvert i overføring av eigedom verd 7 millionar dollar til krigsveteranar. Vilkåret var at eigedomane blei leigde tilbake til private aktørar.

    Solsky har nekta for skuldingane, og at han har tent noko på ordninga.

    Solsky er den fyrste ministeren under president Volodymyr Zelenskyj som er offentleggjort som mistenkt i ei korrupsjonssak, ifylgje Reuters.

    På Telegram legg leiaren for nasjonalforsamlinga til at ministeren sin avgang skal handsamast neste gong dei folkevalde møtest.

    United Nations Food Insecurity
    Foto: John Minchillo / AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no