Hopp til innhold

Kontrollkomiteens dom: Dette er habilitetssakene

Fem toppolitikarar hamna i fjor i habilitetstrøbbel. Kontrollkomiteen på Stortinget har sidan granska sakene, og onsdag kom konklusjonane. Dette handlar sakene om.

F.v. Tonje Brenna, Anette Trettebergstuen, Ola Borten Moe, Anniken Huitfeldt og Erna Solberg.

INNRØMTE FEIL: Frå venstre Tonje Brenna (Ap), Anette Trettebergstuen (Ap), Ola Borten Moe (Sp), Anniken Huitfeldt (Ap) og Erna Solberg (H) innrømte alle feil i sitt virke i regjeringa i fjor.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Kontrollkomiteen har arbeida i sju månader, med ein dokumentbunke på størrelse med ein murstein og gjennomført ei historisk, 11 timar lang maratonhøyring på Stortinget.

I dag kom omsider komiteen med si innstilling over dei mange habilitetssakene som prega norsk politikk i fjor sommar og haust.

Kontrollkomiteen har som oppgåve å passe på at den sittande regjeringa ikkje gjer feil og at dei følger opp det Stortinget har vedteke.

I fjor var det fleire statsrådar og ein tidlegare statsminister som innrømte feil.

Komiteen kan gi ulike grader av kritikk til dei som har gjort feil:

  • Den mildaste varianten er å slå fast at ei sak er «alvorleg»
  • Det neste er å gi «kritikk»
  • Vidare er «sterk kritikk», som kan kome gjennom eit såkalla daddelvedtak
  • I ytste konsekvens kan komiteen fremje mistillitsforslag

Habilitetsrotet starta i slutten juni i fjor.

Sak 1: Tonje Brenna (Ap)

Tonje Brenna
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

20. juni gjekk dåverande kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) til VG og fortalde at ho hadde brote habilitetsreglane. Ho gav eit styreverv i Wergelandsenteret til sin gode venn Frode Elgesem, som ho eigentleg var inhabil overfor.

Status: Brenna vart sittande som statsråd, og er i dag arbeids- og inkluderingsminister.

Kontrollkomiteens innstilling: Får kritikk fra flertallet, men Høyre og Frp går for sterk kritikk

Sak 2: Anette Trettebergstuen (Ap)

Berre nokre dagar seinare, fredag 23. juni, kunne Aftenposten melde at også tidlegare kulturminister Anette Trettebergstuen (Ap) hadde gitt styreverv til to nære vennar.

Trettebergstuen står foran en hvit vegg med logo fra Stortinget. Hun har brunt hår til kjeven og briller med sort innramming. Hun har på hvit bluse og svart dressjakke. Til venstre i bildet vises et NRK-kamera, som er i ufokus.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Trettebergstuen utnemnte Bård Nylund som styremedlem i Norsk Folkemuseum, og medlem av Likestilling- og mangfaldsutvalet. Ho utnemnte også Renate Larsen som styremedlem i Den Norske Opera & Ballett.

Status: Trettebergstuen trekte seg som statsråd seinare same dag. Ho er no tilbake på Stortinget, og er medlem av arbeids- og sosialkomiteen.

Økokrim opna i februar etterforsking mot Trettebergstuen etter habilitetssakene.

Kontrollkomiteens innstilling: Får ingen kritikkvedtak mot seg

Sak 3: Ola Borten Moe (Sp)

Midt i fellesferien, 21. juli, kunne E24 fortelje at også tidlegare forsking- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) hadde brote regjeringa sine habilitetsreglar. Men denne gongen som følgje av aksjehandel.

5. januar i fjor kjøpte Borten Moe aksjar verd rundt 415.000 kroner i våpen- og teknologiselskapet Kongsberg Gruppen.

Kjøpstidspunktet vart utslagsgivande.

Høring i Stortingets kontroll og konstitusjonskomite om habilitetsbruddOslo 20231107. Tidligere forsknings og utdanningsminister Ola Borten Moe under Kontroll og Konstitusjonskomiteen åpne høring om Regjeringens håndtering av habilitetsregelverket. Foto Ole BergRusten NTB
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Ei veke etter aksjekjøpet var Borten Moe med på eit regjeringsmøte kor regjeringa vedtok å inngå ei milliardkontrakt om kjøp av ammunisjon frå Nammo. Kongsberg Gruppen, som Borten Moe nettopp hadde handla aksjar i, eig indirekte 25 prosent av Nammo.

Borten Moe innrømte at han hadde vore inhabil då han var med og behandla milliardkontrakten. Han sa også at han hadde brote regjeringa sine retningslinjer for aksjehandel.

Status: Borten Moe trekte seg som både statsråd og nestleiar i Senterpartiet seinare same dag. Han er tilbake på Stortinget, og er medlem av utanriks- og forsvarskomiteen. Borten Moe stiller ikkje til attval til Stortinget i 2025.

Økokrim etterforskar framleis om Borten Moe kan ha gjort seg skuldig i straffbar innsidehandel.

Kontrollkomiteens innstilling: Får ingen kritikkvedtak mot seg

Sak 4: Anniken Huitfeldt (Ap)

I august dukka det opp enda ei sak. 30. august gjekk tidlegare utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) til VG og innrømte feil.

Ektemannen Ola Flem hadde handla aksjar meir enn 100 gonger medan ho var utanriksminister, blant anna i Kongsberg Gruppen – utan at ho var klar over det.

Anniken Huitfeldt
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Ho sa ho hadde gitt ektemannen opplæring i habilitetsreglane, men ved å ikkje fortelje om aksjehandelen, ville ektemannen skape «vasstette skott». Det resulterte likevel i at Huitfeldt ikkje hadde kunnskap nok til å sjølv kunne vurdere eigen habilitet.

Huitfeldt sa det var grunn til å tru at ho hadde vore uvitande inhabil i fleire saker ho hadde behandla som statsråd.

Status: Huitfeldt vart sittande som statsråd i ein og ein halv månad etter at saka vart kjent, men vart den 16. oktober bytta ut som utanriksminister mot hennar vilje. Ho er no tilbake på Stortinget, og er medlem av næringskomiteen.

Økokrim konkluderte 7. september med at dei ikkje ville etterforske Huitfeldt og ektemannen.

Fleire medium erfarer at Huitfeldt vil bli utnemnt som Noreg sin nye ambassadør i USA den 1. mars.

Kontrollkomiteens innstilling: Får kritikk av et flertall, men både Høyre, Frp, Venstre og KrF – som ikke er representert i komiteen – går for den hardere reaksjonen, sterk kritikk

Sak 5: Erna Solberg (H)

Dagen etter at Huitfeldt si aksjesak sprakk, 31. august, kunne E24 melde at også Høgre-leiar Erna Solberg sin ektemann hadde handla aksjar i tida ho var statsminister.

Nokre dagar etter kommune- og fylkestingsvalet i haust, gjekk Solberg gråtkjøvd på ein talarstol og fortalde at ho hadde vore inhabil i fleire saker ho var med å behandle i sine åtte år som statsminister.

Erna Solberg
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Ektemannen Sindre Finnes hadde nemleg handla aksjar i stor stil, og i eit mykje større omfang enn ho var klar over. Han gjorde nær 3 300 transaksjonar i nær 80 selskap gjennom hennar statsministerperiode, ifølgje aksjelista hans.

Heilt konkret nemnte Solberg at ho hadde meldt seg inhabil i saker som omhandla Hydro, dersom ho var klar over omfanget av aksjehandelen til ektemannen.

Status: Solberg er framleis partileiar og statsministerkandidat for Høgre.

Økokrim konkluderte 3. november med at dei ikkje ville etterforske Solberg og ektemannen for straffbar innsidehandel.

Kontrollkomiteens innstilling: Får sterk kritikk av en enstemmig kontrollkomité. Også KrF, som ikke er representert i komiteen, stiller seg bak den sterke kritikken av Høyre-lederen.

Mål om semje om reglar

Også næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) gjekk i haust ut og sa han var inhabil då ein venn av han fekk leiarstillingar i hans departement. Komiteen har også vurdert hans habilitetsbrot.

I tillegg til å kome med ei innstilling over enkeltsakene, er målet til komiteen å bli einige om konkrete endringar i reglane til regjeringa, slik at liknande saker ikkje skal skje igjen.

AKTUELT NÅ