Økokrim skriv i ei pressemelding at etterforskinga startar umiddelbart.
– Ola Borten Moe har gjeve uttrykk for at han vil bidra etter beste evne til å opplyse saka. Det er viktig og positivt, skriv Økokrim-sjef Pål Lønseth i ei pressemelding.
Overfor NRK utdjupar Lønseth kvifor dei no opnar sak mot den avgåtte statsråden.
– Det har kome mistankar mot ein statsråd for å ha misbrukt informasjon som han har fått som statsråd og politikar. Difor er det viktig å undersøkje dette på ein grundig måte for å bevare tilliten til det politiske systemet vårt, seier Lønseth til NRK.
Økokrim vil halde fram utover hausten.
– Kan det bli aktuelt å avhøyre andre regjeringsmedlemmer?
– Vi kan ikkje avvise noko. Vi gjennomfører etterforskinga på heilt vanleg måte, seier Lønseth.
Det var E24 som fyrst melde om saka.
– Ikkje vore nokon kommunikasjon
Statsminister Jonas Gahr Støre seier han tek Økokrims avgjerd til etterretning.
– Dei har gjort ei uavhengig vurdering, og vi vil bidra slik at dei får det dei treng i arbeidet framover, seier Støre til NRK.
– No skal Økokrim gjere jobben sin, og vi vil bidra til at dei får all informasjonen dei treng, seier Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum.
Forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) seier han ikkje visste at Ola Borten Moe hadde investert i Kongsberg Gruppen.
– Utover normal regjeringskonferansebehandling av regjeringsnotat har det ikkje vore nokon kommunikasjon som gjeld Kongsberg Gruppen og/eller selskapet Nammo mellom forskings- og høgare utdanningsministeren og forsvarsministeren, opplyser forsvarsdepartementet til Adresseavisen.
Avviste å ha drive med innsidehandel
Tysdag i førre veke bekrefta Økokrim at dei hadde kopla inn Finanstilsynet i undersøkingane sine av Ola Borten Moe (Sp).
Økokrim varsla tidleg at dei ville undersøkja aksjehandlane til den tidlegare statsråden. Det skjedde same dag som det vart kjent at Ola Borten Moe innrømte brot på habilitetsreglane til regjeringa.
– Me kjem til å undersøka denne saka nærare for sjå om det er grunnlag for å opna ei etterforsking. Innsidehandel er ei aktuell føresegn å sjå nærare på, sa Økokrim-sjef Pål Lønseth til E24.
Ola Borten Moe sa då at han ville svara på alle spørsmål Økokrim måtte ha. Han avviste at det hadde vore tilfelle av innsidehandel med aksjar.
Økokrim-sjef Pål Lønseth
Foto: Tore Linvollen– Eg har ikkje hatt informasjon som ikkje har vore offentleg tilgjengeleg på tidspunkta då eg kjøpte aksjane, sa Borten Moe til Dagens Næringsliv.
Gjekk av som statsråd og nestleiar
Ola Borten Moe innrømte i juli å ha eigd aksjar i Kongsberg-gruppa.
Samstundes deltok han i regjeringsmøte der ei større industrikontrakt blei inngått mellom regjeringa og Nammo. Nammo er eit selskap som er deleigd av nettopp Kongsberg-gruppa.
Moe innrømte å ha brote habilitetsreglane til regjeringa.
Han gjekk av som nestleiar og statsråd då saka blei kjend. Han er framleis stortingsrepresentant for Senterpartiet.