Hopp til innhold

Ola Borten Moe går av som statsråd

Ola Borten Moe (Sp) har kjøpt våpenaksjar, og har innrømt å ha brote habilitetsreglane til regjeringa. Fredag fortel han at han går av som statsråd, og trekker seg som nestleiar i Senterpartiet.

Ola Borten Moe går av som statsråd

Borten Moe braut regelverket då han i januar var på eit regjeringsmøte om ein milliardkontrakt til ammunisjonsprodusenten Nammo.

Foto: Lars Thomas Nordby / NRK

– Det eg tenkte den gongen var at dette var heilt greitt. At det her for det første var ope, for det andre heilt greitt som forskings- og undervisningsminister. Eg har jo ikkje eit konstitusjonelt ansvar for nokon av desse selskapa, fortel Borten Moe på pressekonferansen fredag ettermiddag.

Han held fram:

– I retrospekt og ettertid må det vere lov å seie at det var heilt feil. Det var ei forferdeleg feilvurdering av openberre årsaker.

– Eg trudde også fram til i dag at det ville vere greitt å rydde opp i dette her.

Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe går av som statsråd torsdag, etter å ha innrømt habilitetsbrudd.

Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe går av som statsråd torsdag, etter å ha innrømt habilitetsbrot.

Han fortel at han i løpet av dagen har endra meining:

– Så har dagen i dag vist at det er det ikkje. Så derfor har den samla vurderinga hamna der han er.

– Det, etter mitt skjønn, er openbert ikkje samsvarande med å vere statsråd i nokon fagfelt i den norske regjeringa, og samtidig handle med aksjar. Dette er ei erkjenning som har komme innover meg. Igjen, det er mitt eige ansvar. Det beklagar eg svært sterkt.

Kjelder fortel til NRK at statsråden vil bli formelt sittande fram til august, då det vil bli utnemnt ein ny etterfølgar.

Borten Moe fortel også at han trekker seg som nestleiar i Senterpartiet, og at han ikkje stiller til attval ved stortingsvalet i 2025.

Har snakka med Støre

På spørsmål om Statsministeren har bedd han trekke seg fortel Borten Moe at han saman med Statsminister Jonas Gahr Støre og partileiar Trygve Slagsvold Vedum har bestemt seg for å gå av.

Yngve Hågensen bisettes fra Oslo domkirke

Borten Moe fortel at han har vore i kontakt Jonas Gahr Støre.

Foto: Geir Olsen / NTB

– Vi har saman, Statsministeren, eg og partileiaren min, komme fram til at dette var rett konklusjon, fortel Borten Moe.

Er svaret ja, han bad om at du skulle trekkje deg?

– Svaret er at vi saman kom fram til denne konklusjonen.

Borten Moe fortel at han likevel ikkje er ferdig i norsk politikk:

– Eg er i den situasjonen at eg er vald inn på Stortinget, og i motsetning til alle andre parlament i Europa og for så vidt verda, så er det ikkje mogleg å komme seg ut av det norske Stortinget i ein periode.

– Det betyr jo at eg skal gjere ein jobb for veljarane mine i Sør-Trøndelag no dei neste to åra, seier han.

Les også Borten Moe om Økokrim-undersøkelser: – Jeg har ikke hatt innsideinformasjon

Ola Borten Moe

Dette er saka

  • Borten Moe braut regelverket då han i januar var på eit regjeringsmøte om ein milliardkontrakt til ammunisjonsprodusenten Nammo. Veka før kjøpte han aksjar for over 400.000 kroner i Kongsberg Gruppa. Selskapet blir indirekte eigd 25 av Nammo.
  • Statsråden braut også habilitetsregelverket då han deltok i eit møte i regjeringa 30. mars. Der auka regjeringa ramma for kontrakten med Nammo.
  • Han innrømmer også andre aksjekjøp dei siste åra, og at desse har vore eit brot på retningslinjene til regjeringa.
  • Økokrim seier dei vil undersøke saka. Han hevdar sjølv å ikkje ha hatt innsideinformasjon.

Vedum støtter avgjerda

Til NRK fortel leiar for Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum at han støtter avgjerda til Borten Moe:

–Han har vore ein dyktig statsråd som har tatt viktige grep som forskings- og høgare utdanningsminister. Ola er ein kunnskapsrik politikar som har vore ein viktig bidragsytar i arbeidet til regjeringa. Eg har hatt stor glede av å jobbe saman med han både i partiet og i regjering.

Regjeringsskifte 2021

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og Ola Borten Moe (Sp) kjem ut på slottsplassen etter regjeringsskifte i 2021.

Foto: Heiko Junge / NTB

Statsministeren meiner også det er riktig at Borten Moe å gå av:

– Ola Borten Moe har kjøpt enkeltaksjar i fleire selskap som statsråd. Det har ført til at han har brote reglar og retningslinjer knytt til habilitet og varsemd. Det er svært alvorleg, og det har Ola erkjent, seier Jonas Gahr Støre.

Han held fram:

– Det er avgjerande at folk har tillit til dei avgjerdene regjeringa tar. Konsekvensane denne saka har for tilliten til han og til regjeringa, samsvarer ikkje med at han fortsett som statsråd.

– Konklusjonen er at han trekker seg som statsråd. Det er ei avgjerd eg støtter.

Habilitetsspørsmålet er ikkje over

Peter Frølich (H) leiar for Stortinget sin kontroll- og konstitusjonskomité meiner avgangen riktig og nødvendig:

– På grunn av alvoret i saka, var det rett og nødvendig å gå av. Desse reglane eksisterer for å verne om tilliten til politiske avgjerder og demokratiet vårt. Dette er den tredje habilitetssaka på kort tid.

– Høgre vil halde fram med arbeidet i kontrollkomiteen fordi rutinane i regjeringa må bli gått gjennom.

Peter Christian Frølich

Peter Frølich er leiar for Stortinget sin kontroll- og konstitusjonskomité.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

Lars Haltbrekken i SV fortel til NRK at det var ei heilt nødvendig avgjerd, men at problemstillinga rundt habilitetsspørsmålet er for alvorleg til at ho er over med Borten Moe sin avgang.

– Vi må sjå på korleis regjeringa og departementa jobbar med habilitet på systemnivå, seier Haltbrekken.

Tidlegare i dag sa Borten Moe at han ønskja å halde fram som forskings- og høgare utdanningsminister.

Arild Hermstad i Miljøpartiet Dei Grøne stussar over at det er reaksjonane som har gjort at Borten Moe no snur:

– Å trekkje seg var det einaste rette å gjere. Borten Moe kunne ikkje halde fram i regjering med desse sakene hengande over seg.

Arild Hermstad, MDG, portrett ute.

– Vi kan ikkje ha det slik at det skal vere opp til reaksjonar i media som styrer avgjerdene til regjeringa i slike saker, seier Arild Hermstad i Miljøpartiet Dei Grøne.

Foto: Annika Byrde / NTB

– Så stussar eg likevel på at Støre, Vedum og Borten Moe har vore heilt klare over dette sidan tysdag, og at Borten Moe sjølv innrømmer at det er det offentlege presset som har fått regjeringa til å snu no. Vi kan ikkje ha det slik at det skal vere opp til reaksjonar i media som styrer avgjerdene til regjeringa i slike saker.

Les også Selv ikke Ola Borten Moe hadde flere politiske liv

Ola Borten Moe

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger