Hopp til innhold

Sindre Finnes hadde 3650 transaksjonar då Solberg var statsminister

Solberg seier ho har vore inhabil i fleire saker som statsminister. Sindre Finnes, ektemannen til Høgre-leiaren, tente 1,8 millionar på aksjehandlar i same periode.

– De har no fått tilgang til oversikt over Sindres aksjehandel dei åra eg var statsmininister. Alle kan sjå at det var omfattande. Sindre har handla langt meir enn han har sagt til meg og statsministerkontoret.

Det seier Erna Solberg på pressekonferansen fredag. Ho held fram:

– Eg har vore inhabil i saker eg har behandla då eg var statsminister.

Finnes har opplyst til Solberg at han tente 1,8 millionar kroner i netto gevinst på aksjehandlane då ho var statsminister.

Solberg seier Finnes informerte Statsministerens kontor om kva handlar han gjorde.

– No er det klart at han likevel har drive omfattande kortsiktig aksjehandel.

Les også: Økokrim skal vurdere om det er grunnlag for etterforsking av Finnes-saka

Pål Lønseth, sjef Økokrim
Pål Lønseth, sjef Økokrim

Skulle sette investeringane i aksjefond

Finnes skreiv i ein e-post til Statsministeren sitt kontor i 2017 at han ville flytta investeringane sine til aksjefond.

I brevet, som er datert 8. september 2017, skriv Finnes at han har blitt kontakta av Dagbladet om aksjeinvesteringane sine, og legg til at avisa stiller spørsmål om Finnes meiner det er umogleg for han og Solberg å gi fornuftige svar på. Vidare skriv han at han skal flytta investeringane til aksjefond.

I januar 2018 begynte han å kjøpa enkeltaksjar igjen, skriv VG.

Les også: Investeringsdirektør: – Ein skikkeleg trader

Stortingsvalget 2017 SIndre Finnes
Stortingsvalget 2017 SIndre Finnes

– Tillitsbrot er alltid vanskeleg

Solberg seier at Finnes ikkje har vore ærleg med henne.

– Tillitsbrot er alltid vanskeleg, og ekstra vanskeleg i ein familie og eit ekteskap. Det gjer vondt for meg å vere så hard mot Sindre som eg er i dag, seier Solberg gråtkvelt.

SMK råda Finnes til å ikkje drive med kortsiktig aksjehandel. Det gjorde han likevel.

– Det har han gjort sjølv om han visste at han ikkje skulle gjere det, og han visste kvifor han ikkje skulle gjere det.

Nobels fredspris 2022

Erna Solberg seier at Sindre Finnes ikkje har vore ærleg med henne

Foto: Rodrigo Freitas / NTB

Meir alvorleg

Peter Frølich (H), leiar for kontroll- og konstitusjonskomiteen, seier saka er alvorleg.

– Saka har fleire likskapstrekk med saka til Anniken Huitfeldt, så det er naturleg at ho er ein del av den pågåande saka. Vi undersøker brot på habilitetsreglane. Det har etter all sannsyn skjedd her, sjølv om Solberg har vore uvitande om forholda.

Peter Christian Frølich

Peter Frølich (H), leiar for kontroll- og konstitusjonskomiteen, seier saka er alvorleg. 

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

Frølich seier det blir viktig å avklare korleis regelverket kan bli justert for å hindre at dette skjer i framtida.

– Sjølv om Erna ser ut til å ha gjort mykje for å forsikre seg om at ektefelle har følgt regelverket, ser det ut som han aktivt har valt å bryte det og halde det skjult. Kva kontrollmekanismar ein skal ha i sånne tilfelle, er litt vanskeleg å seie, for å vere heilt ærleg, seier Frølich.

Seher Aydar stortingsrepresentant for Rødt

Seher Aydar, stortingsrepresentant for Raudt, seier tidspunktet til Solberg er lite tillitvekkande.

Foto: Mathias Moene Rød / NRK

Seher Aydar (R), medlem av kontroll- og konstitusjonskomiteen, seier det er alvorleg at Solberg baut plikta om å ha oversikt over ektefellen sine aksjeinvesteringar.

– Det er også lite tillitvekkande at ho først kjem med dette etter valet, etter å ha gitt ein heilt anna versjon før valet. Det ansvaret kan ho ikkje skyve på ektefellen sin.

Ingrid Liland, nestleiar i MDG, seier at dette er eit teikn på ein ukultur i fleire parti.

– Det ser ut som at ein del politikarar lever i ei boble som ikkje tek sin egen maktposisjon og privilegium på alvor.

Erna Solberg snakker med Joe Biden

Erna Solberg og Sindre Finnes saman med Joe Biden i 2016.

Foto: Heiko Junge / NTB

Her er saka

Då Erna Solberg blei statsminister orienterte Finnes Statsministerens kontor (SMK) om kva aksjar han eigde. Dei råda han til å trappe ned handlane, fordi det ville få konsekvensar for Solberg.

Avsløringane frå E24 som kom i haust, viste at blant dei tjue selskapa Finnes investerte i var laksegiganten Mowi og våpen- og industriselskapet Kongsberg Gruppen.

Finnes har tidlegare sagt at han trappa aksjehandelen ned då Solberg blei statsminister etter råd frå SMK.

Statsminister Erna Solberg (Høyre) ut av vallokalet saman med ektemann Sindre Finnes

Erna Solberg orienterer fredag om aksjehandelen til ektemannen Sindre Finnes tida då Solberg var statsminister.

Foto: Leif Rune Løland

Førre veke bad Høgreleiaren om at Finnes laga ei oversikt over aksjehandelen sin då Solberg var statsminister.

– Eg har aldri delt innsideinformasjon med Sindre. Han har heller ikkje agert på noko innsideinformasjon rundt dette.

Det sa Erna Solberg til då NRK tidlegare denne månaden.

Aksjehandelen til Finnes vil bli ein del av høyringa om habilitet i kontroll- og konstitusjonskomiteen i November.

AKTUELT NÅ