Hopp til innhold

Selde garden og har brukt ein halv million på å rydda plast i havet

FLORØ (NRK): Børje Møster (52) har tatt på seg eit stort oppdrag. Saman med ein gjeng ungdommar reiser han langs heile kysten for å rydda plast – ni månadar i året.

LIDENSKAP: I fjor selde Børje Møster garden sin på Manger Nordhordland og aksjane i eit firma han var med på å starta opp. Pengane har han brukt på ein seglbåt som han no reiser langs heile kysten med for å rydda plast frå februar til november. Det har kosta han 500.000 kroner.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Eg er no i gong med den andre sesongen og skal halde på til november. Eg har vore glad i naturen heile livet og vil gjera det eg kan for å ta vare på den, seier Børje Møster.

Saman med fem ungdommar frå heile verda er han i desse dagar på øya Rota like utanfor Florø. Der plukkar dei plast og 1. februar starta dei opp i Oslo. Fram til november skal dei gjera det same oppover langs norskekysten.

Kvart år hamnar minst åtte millionar tonn plast i havet og Møster har til no brukt ein halv million kroner av sine eigne sparepengar på å rydda så mykje som mogeleg.

Plastrydding utanfor Florø. øya Rota

VIL HA STØRRE: På få timar er seglskuta «Sheba Queen» full av sekkar med plast. På sikt håpar kaptein Børje Møster på ein større båt og å kunne leva av å rydda plast.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Får støtte

I fjor kjøpte han seglskuta «Sheba Queen» med pengar han fekk for salet av garden sin og sal av aksjar i eit firma han vore med på å starta opp.

– Det starta som eit prosjekt, men i fjor haust etablerte vi foreininga «In the same boat». No har eg fått gode kollegaer og samarbeidspartnarar, seier Møster.

Av den halve millionen han har gått inn med sjølv har han fått 50.000 tilbake i tilskot.

Sidan oppstarten av prosjektet har dei rydda over 35 tonn med plast frå 13 kilometer med strandlinje. Ni månadar i året er Møster om bord i båten saman med fem ungdommar som er med for kost og losji.

– Nokon av dei er med i fire til fem veker. Andre i fleire månadar, seier Møster.

Nyleg fekk han ei gladmelding. Miljødirektoratet, Sparebankstiftinga og Plastreturs Miljøprosjekt vil støtte foreininga.

  • Saka held fram under videoen.
Børje Møster (52) har tatt på seg eit stort oppdrag. Saman med ein gjeng ungdommar reiser han langs heile kysten for å rydda plast – ni månadar i året.

Sjå Vestlandsrevy-saka om Børje Møster og ungdommane som ryddar plast.

– Overraska

Blant dei som er med no er italienske Sarah Lerario.

– Det er mykje gammal plast her under bakken. Det har lagt her veldig lenge. Dette er min andre dag og eg er overraska over kor mykje plast som ligg her, seier Lerario.

Måndag 9. april starta NRK-serien «Planet plast». Der sett programleiar Line Elvsåshagen fokus på kvar den enkelte kan gjera for å hindra at plast kjem ut i havet.

Møster har fleire forslag til korleis ein kan oppnå det.

– Ein bør tenke seg om når det gjeldt varer med emballasje og etterlyse gode returordningar. Men det viktigaste kvar enkelt kan gjera er å ta med seg litt kvar gong dei er ute i naturen, det vil hjelpa veldig, seier han.

Fleire tiltak er alt gjort for å minska mengda plast i naturen, blant anna har fleire byar innført forbod mot heliumballongar på 17. mai og privatpersonar har byrja med «plogging».

Plastrydding utanfor Florø på øya Rota

IVRIG: Frå venstre: Antoine Beyssac, Joacim Egeland, Milan Ometak og Sarah Lerario er fire av dei fem som er med seglskuta «Sheba Queen» og plukkar plast langs knysten. Nokon av dei skal vera med nokre veker, andre i fleire månader.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK