Hopp til innhold

Konfirmantar frå to leirar plukka søppel i lag

Ivrige konfirmantar har i helga plukka søppel for å gjere ein innsats for miljøet. Det som er ekstra spesielt, er det unike samarbeidet.

Vetle Hansen, Sander Søvig Husevåg, Kasper Stegane Storevik, Ferdinand Anders Blystsd og Jakob Andre

STILTE OPP: Frå venstre: Vetle Hansen, Sander Søvig Husevåg, Kasper Stegane Storevik, Ferdinand Anders Blystad og Jakob Andreas Bjørnset Ottesen.

Foto: Cato Blystad

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

For kyrkja i Florø og Human-Etisk Forbund har samarbeidd om ein strandryddeaksjon på øya Hovden utanfor Florø.

– Det er heilt nytt i Flora, og eg trur ikkje det så vanleg andre stader heller. Miljøet er ein fellesnemnar og det trefte bra, seier Jostein Bildøy som er konfirmantansvarleg i Flora kommune.

22 konfirmantar, i tillegg til leiarar og nokre foreldre, brukte laurdagen ute i finvêret.

– Dette var kjempekjekt og ein flott dag. Det var ei fantastisk stemning, fortel han.

Ser nytten av å vere ute

Bildøy seier at kyrkja har eit miljøfokus og at det er difor dei engasjerer seg.

– Eit tema i konfirmantundervisninga er å ta vare på skaparverket; jorda, samfunnet og miljøet. Vi ønskjer å gjere undervisninga alternativ ved ikkje berre vere inn, men også ute i naturen som vi har eit felles ansvar for.

Og innsatsen dei gjorde visste godt igjen. Etter to og ein halv time var ein konteinar heilt full. Oppi låg det 105 sekkar med søppel.

– Eg trur dei unge ser verdien i å gjere dette, og vi fann mykje meir søppel enn dei hadde trudd. Vi fann vanleg plass, masse tau, flasker og oppløyst plast. Vi fann også hard plast i beiteområde, noko som ikkje er bra for dyra i området.

Vilde Kvamme, Jostein Bildøy og Thale Sørbotten Johansen

RYDDA: Vilde Kvamme, Jostein Bildøy og Thale Sørbotten Johansen tar pause etter første rydda vik. Noah Forsberg og Joakim Bruflot Skår i bakgrunnen sikrar deltaking i Kystlotteriet.

Foto: Bjarne Melvær Berge.

Håper å halde fram samarbeidet

Det var Human-Etisk Forbund som tok kontakt med kyrkja då dei fekk nyss i aksjonen. Leiar Bjarne Melvær Berge seier han mange gonger har tenkt at dei og kyrkja burde ha eit samarbeid.

– Miljøet er ein arena der vi kan møtast sjølv med forskjellige religion og livssyn. Det handlar om kommunikasjon, respekt og toleranse.

No skal ryddedagen evaluerast og målet er eit obligatorisk opplegg for alle konfirmantane i kommunen neste år. Berge håper å kunne halde fram med samarbeidet. Det same gjere Jostein Bildøy.

– Miljøet er eit felles ansvar. Til kvardags er vi same sorten menneske, berre med forskjellig trusretning. Vi treng ikkje fokusere på det som er forskjellig og vanskeleg, men det som gjer det godt å vere engasjert, seier han.

Kontainer med søppel

MYKJE SØPPEL: Bra fangst i nokre få viker på under tre timar.

Foto: Bjarte Engevik