NRK Meny
Normal

Besøkte «skrekkens øy»: – Den verste plastforureininga vi har sett

ØYGARDEN (NRK): Mengdene av plast og søppel på den aude øya vest i havet sende mennene som var på inspeksjon rett i kjellaren.

Rune Gaasø og Kenneth Bruvik

FORTVILAR: Rune Gaasø og Kenneth Bruvik blei åtvara om store mengder plast, men fekk sjokk då dei såg det med eigne auge.

Plastbitane, tauverket og dei enorme mengdene anna søppel duppar i det skitne vatnet. Etter tips om heilt spesielle store mengder plast er tre menn på tur for å sjå om det verkeleg er sant.

– Oioioi, utbryt Kenneth Bruvik når han kjem til ei ny lita vik proppfull av plast.

– Du kan gjerne snakke om stygge bilete av plastforureining frå utlandet, men vi har akkurat det same her. Eg vil påstå at dette er den verste plastvika eg har sett, og eg har sett veldig mykje plastforureining, seier Bruvik, frå Norges Jeger- og Fiskerforbund.

Han meiner ein berre kan forstå kor alvorleg situasjonen på øya i Hordaland er ved å besøkje den.

– Eg kjenner eg blir sint.

– Dette er krevjande å ta inn over seg, supplerer Rune Gaasø, som er med som ivrig og frivillig strandryddar. Begge har sett store mengder plast i naturen tidlegare. Men aldri slik som dette.

Plast-øya i Øygarden

– ALDRI SETT DET SÅ MASSIVT: Den vesle holmen i Øygarden i Hordaland er råka av store mengder plastforureining.

Foto: Ole Andre Lagmandokk / NRK

– Midt oppi dette lever dyra og fuglane

Det verste for dei to er likevel ikkje synet av søpla. Det verste er tanken på korleis det påverkar dyrelivet.

Rune Gaasø

Rune Gaasø, frivillig strandryddar.

Foto: Ole Andre Lagmandokk / NRK

– Det første som møtte oss her ute var synet av tre mektige ørner. Og då vi snudde oss såg vi oterstiane. Kombinasjonen av vill natur og ekstrem forsøpling gjer inntrykk, seier Gaasø.

Han skildrar korleis ein av oterstiane i terrenget gjekk over ei halv plastjolle og forbi to drikkeflasker før den enda i eit gjørmehol full av plast.

– Dersom nokon veit om ein stad i Noreg som er meir tilgrisa av søppel, så vil eg gjerne at dei viser staden til meg, seier Bruvik.

Anders Voss Thingnes, Rune Gaasø og Kenneth Bruvik

– DETTE ER BERRE SORGA: – Ein kan jo berre tenkje seg kva som er i magen til fisken her ute, eller i nebbet til fuglane, seier Anders Voss Thingnes (t.v.) frå Statens naturoppsyn. Saman med Rune Gaasø og Kenneth Bruvik prøver han å få eit oversyn over plastmengdene.

Foto: Ole Andre Lagmandokk / NRK

Vil la forskarar sleppa til

Bruvik vekslar på å omtale den vesle øya som skrekkens øy, monstervika og plastmonsteret. Han finn ikkje det sterke uttrykket som er dekkjande for det han ser.

Han vil ikkje at NRK skal skrive nøyaktig kor øya ligg. Han vil la forskarar sleppa til på øya først. Før lokale plastryddarar set i gang.

– Her er rikt dyreliv, og her er plast som har lagt i 50–60 år. Det er ein ypparleg stad å forske for å finne ut korleis plast påverkar dyre- og plantelivet, seier han.

Men ryddast skal den. Heile øya skal bli skinande rein, skal vi tru «inspektørane».

– Dette vedkjem oss alle. Og ikkje minst dei komande generasjonane. Eg trur det er difor vi opplever ein vanvitig iver etter å rydde. Vi kjenner alle at plasten i naturen vedkjem oss, seier Bruvik.

No blir planen lagt for korleis holmen skal ryddast. Med båtar, med frivillige, med hjelp frå alle som vil hjelpa.

Plastøy i Hordaland

FORFERDELEG SYN: – Dersom nokon veit om ein stad i Noreg som er meir tilgrisa av søppel, så vil eg gjerne at dei viser staden til meg, seier Kenneth Bruvik.

Foto: Ole Andre Lagmanndokk / NRK
Mens du har lest denne artikkelen har det havnet 0.0 tonn plast i havet. Det tilsvarer 0 flasker eller 0 bleier.

Mens du har lest denne artikkelen har det havnet0,0 tonnplast i havet

Det tilsvarer 0 flasker eller 0 bleier.

Ta quizen og redd hvalen