Hopp til innhold

Fann mengder av isopor i grøn lunge: – Ein hån mot oss som driv strandrydding

Friluftsrådet og plastryddarar fortvilar over ny forureining i nyopna frilufts­område ved kystbyen på Sotra. Isoporfabrikken like ved seier dei under­søker saka.

Dag Seter (t.h.), dagleg leiar i Bergen og omland friluftsråd, og 
Kenneth Bruvik, styreleiar i stiftingaFramtidshavet, undersøker isopor-forureining i Geitvika friluftområde ved Straume på Sotra i Øygarden.

OPPRØRT: Plastryddaren Kenneth Bruvik (til venstre) er opprørt over isopor-forureininga i Geitvika friluftsområde. Her med dagleg leiar i Bergen og omland friluftsråd, Dag Seter.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det ser ut som ein slags graut, ser du det?

Plastryddar og naturvernar Kenneth Bruvik er på isopor-jakt i Geitvika i Øygarden kommune. Den vesle vika ligg lunt og trygt nær eit stort næringsområde på Sotra, like vest for Bergen.

Etter ein 20 år lang oppkjøpsprosess og oppgraderingar for 4,5 millionar kroner kunne Geitvika endeleg opnast som offentleg friluftsområde i fjor.

Eitt år etter legg eit teppe av små isopor-kuler i vika ein dempar på turgleda.

– Friluftsområda er jo lungene våre. Det er desse fantastiske perlene me lagar for at det skal vere lunger kor folk skal leve og ha det godt, seier Bruvik, som i fjor fekk kongens fortjenstmedalje for sin innsats for miljøet.

– Då kan me ikkje ha ei slik forureining. Det blir ein hån mot oss som driv med strandrydding i kystsona.

Kenneth Bruvik undersøker isopor-forureining i Geitvika friluftområde ved Straume på Sotra i Øygarden.

Dei små, enkelte kulane liknar ikkje på restane av isopor-produkt Bruvik plar finne langs kysten.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Trur isoporen kjem frå fabrikken

Som ein av grunnleggarane av stiftinga Framtidshavet er Bruvik ein erfaren plastryddar, som til og med er blitt heidra av kongen for innsatsen sin.

Men dette liknar ikkje på restane frå isoporprodukt han plar finne langs kysten.

– Eg kan finne kuler, men det er runde isopor-kuler, aldri sånn slev av småbetar.

– Det er fordi det truleg kjem direkte frå isopor-fabrikken til Sunde AS som ligg rett oppføre Geitvika, trur Dag Seter.

Han er dagleg leiar i Bergen og Omegn Friluftsråd, som er forvaltarar av friluftsområdet.

– Dette her har aldri vore isopor-kasse. Det har lekka ut før det er laga, trur me.

Frå fabrikken går det eit røyr ned i sjøen, som sender prosessvatn frå isopor-produksjonen ut i Geitvika.

– Der skal det koma opp reint vatn, men me mistenker at det ikkje er reint, seier Seter.

Avløpsvatn i Geitvika frå fabrikken Sundolitt, ved Straume på Stora i Øygarden

Her kjem prosessvatnet frå fabrikken opp i Geitvika. Seter mistenker det er her kulane slepp ut.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Ingen frå isoporbedrifta Sunde AS ønskja å stilla til intervju, men direktør Rolf Fagervoll har svart skriftleg på spørsmål frå NRK.

– Sunde har blitt gjort kjent med at det er funne isoporkuler i Geitvika og undersøker no korleis utsleppet kan ha oppstått, skriv direktøren.

– Kva vil bedrifta eventuelt gjera for å kartlegga moglege utslepp frå fabrikken? Og eventuelt fjerna forureininga?

– Som skrive ovanfor, undersøker me no kva som har hendt og vil gjennomføra hensiktsmessige tiltak, skriv Fagervoll.

Fekk pålegg i 2016

Om Seter har rett i at isoporen i Geitvika slepp ut med prosessvatnet til fabrikken, ville det ikkje vore første gong.

Statsforvaltaren i Vestland, dåverande Fylkesmannen i Hordaland, oppdaga eit tilsvarande isoporutslepp same stad i 2016.

Då fekk eigarselskapet Sunde AS pålegg om å rette feilen.

Isoporfabrikken Sundolitt ved Straume på Sotra

Isoporfabrikken til Sunde AS ligg rett oppføre Geitvika.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Me fekk tilbakemelding frå bedrifta som viste at dei hadde sett i gang tiltak for å rette opp forholda. Då legg me til grunn at dei driv i samsvar med regelverket, altså at dei ikkje skal ha utslepp, seier Mari Katrine Berg-Arnesen hjå Statsforvaltaren.

Det kan jo høyrast ut som det er det same problemet som gjeld no?

Det er me einige i. Det er eit tillitsbasert system, og me er sjølvsagt heilt avhengige av at folk melder ifrå til oss viss dei ser denne type ting. Då vil me følge opp bedrifta og kontrollere at me ikkje har denne typen utslepp.

På spørsmål om kva tiltak bedrifta gjorde etter pålegget i 2016 skriv Fagervoll at utsleppet då skuldast at avløpsrøyret hadde forskyve seg.

– Røyret blei reparert. Det blei òg sett inn filter i avløpssystemet.

– Ein hån

Isoporkulane er ei plage for fleire enn badelystne turgåarar, fortel Bruvik.

– Når dei har lege ei stund i naturen, kjem det algar rundt desse små betane. Dei begynner å lukte mat, dei begynner å smake mat, og dyr begynner å ete dei.

Isopor-søppel i Geitvika friluftområde ved Straume på Sotra i Øygarden.

Slik plar isopor-restane sjå ut, fortel Bruvik. Den grøne fargen kjem frå algar, som gjer at dyr tek isoporen for god mat.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Du kan seia at i tonn er ikkje dette mykje, men det er ekstremt mange millionar og kanskje milliardar betar som flyttast ut i næringskjeda. Me har ikkje noko val, me er nøydt å fikse opp i desse tinga.

Denne bedrifta fekk pålegg i 2016. Kva tenkjer du dersom dette berre har fortsett etter dette?

– Det tenker eg er eit kjempestort overtramp, og det er ikkje greitt.