Hopp til innhold

Har inngått ukjent avtale med kvinneprest-motstandar

Biskopen i Møre har offentleg tatt avstand frå synet til prestar som ikkje vil samarbeide med kvinner. Ein hittil ukjent avtale viser at ho sjølv har sagt ja til ein av dei.

Biskop Ingeborg Midttømme i Møre bispedømme

Biskop Ingeborg Midttømme i Møre vil ikkje forklare kva det betyr i praksis at ein av prestane har fått ein avtale om at det er plass også for han i kyrkja.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Intervjuet i lokalavisa Bygdebladet kosta vikarprest Vidar Nes Mygland jobben tidlegare i haust. Der gjekk han ut og erklærte at han ikkje kunne arbeide med kvinner, stikk i strid med dei offisielle reglane i Den norske kyrkja.

Vidar Mygland NEs prest i Hafslo

Vidar Mygland Nes var vikarprest i Ørskog på Sunnmøre heilt til han uttalte seg om synet på kvinnelege prestar.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

NRK kan i dag avsløre at ein annan prest i området – med det same synet – får halde fram som før. Og at det skjer med biskop Ingeborg Midttømme si velsigning.

NRK har bedt om innsyn i avtalen, men fått avslag med grunngjevinga at det ikkje finst slike avtalar i Møre bispedømme. I ettertid skriv biskopen i ein e-post at avtalen berre finst munnleg.

No vil ho ikkje utdjupe kva avtalen inneber for presten og kollegaene hans.

– Det stemmer at det har vore ei munnleg stadfesting frå biskopen på at det er plass for han i Den norske kyrkje, skriv biskop Ingeborg Midttømme i ein e-post til NRK.

– Kva betyr det i praksis?

– Eg svarar ikkje på kva det betyr, seier ho.

Ho vil heller ikkje svare på om den mannlege presten i dag har kvinnelege kollegaer i sin næraste stab.

Offisielt nei til kvinneprest-motstandarar

Det siste året har kvinneprest-motstanden i kyrkja fått mykje merksemd. Det viste seg at fleire prestar nektar å samarbeide med sine kvinnelege kollegaer. I fjor sa Bispemøtet klart nei til at mannlege prestar kan nekte å samarbeide, og i haust skjerpa dei tonen mot motstandarane av kvinnelege prestar.

Ei av dei som sto i frontlinja då var Ingeborg Midttømme.

NRK har bedt henne svare på fleire spørsmål dei siste vekene om den avtalen ho likevel har inngått. Midttømme har berre svart på nokre få av spørsmåla, og viser no til at ho har gått ut i studiepermisjon. Heller ikkje Olav Gading, som fungerer i hennar stad, svarar.

Kjende ikkje avtalen

Therese Utgård Aas er leiar for Åpen Folkekirke Møre og sit både i Bispedømmerådet og Kyrkjerådet. Ho seier ho ikkje kjende til avtalen før NRK fortalde om det.

– Eg tenkjer at slike eventuelle avtalar gir stor usikkerheit for kvinnelege tilsette. Det burde dei få sleppe, seier ho, og legg til at ho førebels veit lite om avtalen, og at biskopen må på bana og avklare fakta.

Therese Utgård Aas

Therese Utgård Aas i Åpen Folkekirke Møre er ikkje tilfreds med arbeidskvardagen til dei kvinnelege prestane i Møre. Ho vil følgje opp saka.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Ho seier ho kjem til å følgje opp saka.

– I strid med lova

Anders Barstad, som er lokallagsleiar i Presteforeininga, reagerer på at biskopen har inngått ein slik avtale. Han meiner det er spesielt problematisk fordi vikarpresten på Sjøholt måtte gå tidlegare i haust.

– Det synest eg er veldig rart og så vidt eg forstår i strid med arbeidsmiljølovgivinga og vedtaket som bispemøtet fatta i fjor og presiserte i år. Ein slik avtale eller forståing kan ikkje kan vere gyldig, seier Anders Barstad.

Anders Barstad

Anders Barstad er lokallagsleiar i Presteforeininga. Han reagerer på den avtalen som er gjort.

Foto: Remi Sagen / NRK

Han hevda tidlegare i haust at vaktlistene blir ordna fleire stader, for at kvinneprestmotstandarar skal få halde fram som før.

– Ansvar for å vareta alle

Biskopen i Møre seier det var nødvendig å gjere ein slik avtale. Ho grunngir dette med at den aktuelle presten blei ordinert under ein annan biskop, og då fekk stadfesta at det var rom for han i kyrkja. Ho vil ikkje svare på om det er kvinner i staben der presten arbeider i dag, og grunngir det med at han ikkje skal identifiserast.

– Som arbeidsgjevar har vi ansvar for å vareta alle. Når ei ordning blir endra i ettertid må ein ta omsyn til det, og bruke den tid som er nødvendig.

– Er det uproblematisk?

– Det er problematisk for alle. Dette er ingen kvikk-fiks, seier ho.

Midttømme vil ikkje svare på om presten held fram i arbeidet sitt. Men ho svarar samtidig at ho har hatt samtalar med vedkomande, og held fram med dette etter sin studiepermisjon.