Hopp til innhold

Meiner konservative prestar har fått yrkesforbod

Kyrkjerådsmedlem Therese Egebakken er svært skuffa over at ein prest er tatt ut av teneste, etter at han nekta å samarbeide med kvinner.

Therese Egebakken

Therese Egebakken meiner det må vere lov å seie at dei ikkje ynskjer å ha gudsteneste saman med kvinnelege prestar. Sjølv meiner ho at kvinner kan vere prestar.

Foto: privat

Det har storma rundt vikarpresten på Sunnmøre som sist veke gjekk ut og sa at han ikkje ønskte å samarbeide med kvinner. Det har fått mange til å sperre opp auga. Tysdag kveld bestemte biskopen i Møre seg for å ta han ut av teneste inntil vidare.

Vidar Mygland NEs prest i Hafslo

Vidar Nes Mygland har eit fire månaders vikariat i Ørskog på Sunnmøre, men er tatt ut av teneste inntil vidare av biskopen i Møre.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Therese Egebakken (23) er usamd i avgjerda. Ho er med i Kyrkjerådet, som er det øvste organet i kyrkja.

– At kyrkja har kome dit at desse utruleg få «kvinneprestmotstandarane» i praksis no har yrkesforbod er trist og heilt utruleg, seier Egebakken.

Ho meiner at vikarpresten Vidar Nes Mygland ikkje har gjort noko anna enn å ha eit teologisk grunngitt standpunkt i eit kontroversielt spørsmål.

– Ingen mørkemann

23-åringen tek no til motmæle mot den kritikken som vikarpresten får.

– Han er ingen mørkemann, ingen diskriminerande eller kvinnefiendtleg prest, seier Egebakken. Ho meiner at når kyrkja har snudd i dette spørsmålet, står prestar med eit slikt syn i verste fall på bar bakke med ei ubrukeleg presteutdanning.

I fleire hundre år har Den norske kyrkja, til liks med andre lært at Bibelen seier at kvinner ikkje kan vere prestar. Men dei siste åra har stadig fleire endra standpunkt, og i fjor haust slo Bispemøtet fast at ingen kan jobbe i kyrkja og nekte å samarbeide med kvinner.

Fryktar kyrkja blir snever

Tidlegare i sommar markerte Therese Egebakken seg med å meine at kyrkja ikkje burde delta i pride. Då fekk ho massiv motbør. Ho meiner spekteret av «lovlege» meiningar og haldningar i og utanfor kyrkja har blitt for snevert.

– Mange snakkar om å vere ei open folkekyrkje, men blir vi no ei trongare folkekyrkje? spør ho. 23-åringen er skremd over alle dei negative reaksjonane Mygland har fått både frå folk i kommentarfelt, men også frå andre prestar og folkevalde.

Fungerande biskop i Møre, Olav Gading, seier at det ikkje er forbode å vere mot kvinnelege prestar, men ein kan ikkje reservere seg mot å samarbeide.

– Fullt lovleg å meine

Rusken på nett

Jurist Anine Kierulf seier at det er fullt lovleg å meine at kvinner ikkje bør vere prestar.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Ytringsfridomsekspert Anine Kierulf seier det er fullt lovleg å meine at kvinner ikkje bør vere prestar, sjølv om det er upopulært å seie det høgt. Ein må berre vere budd på at det blir ubehageleg og tøft med alle kommentarane i sosiale medium.

– Ein kan lett få eit inntrykk av at motstanden mot synspunkta er massiv, sjølv om motstanden nødvendigvis ikkje er fullt så massiv og representativ som den verkar, seier Kierulf.

Ho trur grunnen til at standpunktet om å ikkje akseptere kvinnelege prestar vekkjer så sterke reaksjonar er at det er på tvers av den rådande konsensusen.

– Synspunktet er ikkje mindre legitimt av den grunn, seier Kierulf.

LES OGSÅ: