Hopp til innhold

Prest er skuffa over at biskopar tillèt kvinneprest-motstand

Prest Anders Barstad er skuffa over at fleire biskopar ikkje grip inn mot mannlege prestar som nektar å samarbeide med kvinner. – Eg kan ikkje tvinge nokon, seier biskopen i Bjørgvin.

Anders Barstad

Prest Anders Barstad seier han kjenner til at vaktlister blir ordna for å sørge for at mannlege prestar «slepp» å arbeide med kvinnelege kollegaer.

Foto: Remi Sagen / NRK

Jobben til vikarprest Vidar Nes Mygland på Sunnmøre heng i ein tynn tråd etter at han gjekk ut og sa at han ikkje kan ha gudsteneste med kvinner. Biskopen har denne veka tatt han ut av teneste, og slått fast at han ikkje kan jobbe i kyrkja med det synet.

Prestekollega Anders Barstad i nabo-kyrkjelyden meiner biskopen no må rydde opp blant dei fast tilsette.

– Det er mykje verre at fast tilsette prestar får halde fram utan at biskopen grip inn, seier Barstad, som også er leiar i den lokale presteforeininga.

Han hevdar at vaktlistene fleire stader blir ordna slik at kvinneprest-motstandarar «slepp» å arbeide med kvinnelege prestar. Og at slike haldningar skaper helseskadelege arbeidsmiljø på små kyrkjekontor.

Vil ikkje bruke tvang

Det finst inga oversikt over kor mange prestar som nektar å samarbeide med kvinnelege kollegaer, men det er tidlegare anslått at det er rundt 20–30. Fleire av dei arbeider i det tradisjonelle «bibelbeltet» langs kysten.

Biskop Halvor Nordhaug i Bjørgvin meiner dei må leve med dette i ein overgangsfase, trass i at Bispemøtet i fjor haust slo fast at det ikkje er lov.

– Eg har hatt samtale med dei det gjeld om dette, og argumentert for å følgje vedtaket, men eg kan ikkje tvinge nokon, seier han til NRK.

Han seier prestar som ikkje kan samarbeide med kvinnelege kollegaer, blir bedne om å halde seg heime for å unngå det han kallar «demonstrerende uteblivelse» ved alteret.

Halvor Nordhaug vart biskop i Bjørgvin i 2009. Han leier det største bispedømet i landet og er også biskop for dei norske kyrkjene i utlandet.

Biskop Halvor Nordhaug seier han ikkje kan tvinge prestar til samarbeid med kvinnelege kollegaer. Han meiner kyrkja må akseptere dette i ein overgangsfase.

Foto: Den norske kirke

– Aksepterer ein dobbeltmoral

Biskopen i Hamar, Solveig Fiske, er ikkje glad for at det framleis fins prestar som ikkje samarbeider med kvinnelege kollegaer.

– Det er ein praksis som er uhaldbar ved at den aksepterer ein dobbeltmoral i kyrkjekvardagen. Eg tenkjer at det er å strekkja arbeidsplanlegginga for langt i tilrettelegging og er ikkje i tråd med Bispedømme sitt vedtak om at det ikkje finst reservasjonsrett inn mot samarbeid med kvinner i presteteneste.

Fungerande biskop i Tromsø, Stig Lægdene, meiner det er på høg tid at kyrkja tek eit oppgjer med det han kallar diskriminering av kvinnelege prestar.

– Dersom vaktlistene blir endra for å vere tilpassa kvinneprest-motstandarar er det ukollegialt og ein praksis som legitimerer diskriminering av kvinner.

Stig Lægdene

Fungerande biskop i Nord-Hålogaland, Stig Lægdene, meiner kyrkja sjølv har sett seg i ein svært vanskeleg situasjon, ved å tilsette mannlege prestar som ikkje aksepterer sine kvinnelege kollegaer.

Foto: privat

Ei kartlegging som NRK har gjort blant biskopane viser at problemstillinga er aktuell mange stader i landet.

Les kva biskopane svarar nedst i saka.

Jurist seier oppseiing kan vere lov

Arbeidsrettsekspert Jan-Erik Sverre meiner kyrkja med lov i hand i verste fall kan seie opp motvillige prestar, og at dei ikkje kan nekte å samarbeide med kvinner.

– Det avgjerande for mitt syn er at presten si religiøse overtyding står i motstrid til eit anna og minst like viktig omsyn, nemleg kvinner sine rettar i arbeidslivet, seier Sverre.

Juristen legg til at oppseiing må vurderast konkret i kvar enkelt sak. Han legg til grunn at biskopen har forsøkt med grundig samtalar og andre relevante arbeidsoppgåver.

Jan-Erik Sverre

Arbeidsrettsekspert Jan-Erik Sverre meiner biskopane i ytste konsekvens kan seie opp motvillige prestar. Men då skal andre løysingar vere forsøkt først.

Foto: Advokatfirmaet Kvale

Ventar på ei ny tid

Anders Barstad er glad for at biskopen har tatt vikarpresten på Sunnmøre ut av teneste, men ventar no på å sjå kva som skjer med dei fast tilsette prestane med det same synet.

– Det kan medføre både smerte og kanskje nokre vakenetter i den prosessen, men som biskop har du ansvar for å stå i det til jobben er gjort ferdig, seier han.

Fungerande biskop i Møre, Olav Gading, skriv i ein e-post til NRK at det er lov å ha ulike meiningar og haldningar i dette spørsmålet, men at ein ikkje kan la vere å samarbeide. Han skriv også at biskopen har hatt samtalar med aktuelle prestar det siste året.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL