Hopp til innhold

Politiet har ingen umiddelbare planar om å hente Suel ut av kyrkjeasyl

Suel Hussein Kassembo, som sit i kyrkjeasyl i Herøy kyrkje på Sunnmøre, kan bli henta ut. Politiet vektlegg at dei først vil prøve å løyse situasjonen med dialog.

Suel Kassembo, kyrkjeasyl Herøy

Suel Kassembo sit i kyrkjeasyl i Herøy Kyrkje på Sunnmøre.

Foto: Arne Flatin / NRK

Suel Hussein Kassembo frå Burundi i Sentral-Afrika gjekk i kyrkjeasyl i Herøy kyrkje i nyttårshelga. Han kom til Noreg som tenåring og har sidan kjempa for å få bli verande.

Onsdag melde avisa Vårt Land at politiet i Møre og Romsdal hadde byrja på arbeidet som kan ende med at Kassembo blir henta ut med makt. Til NRK vektlegg politimeister Ingar Bøen at dette ikkje stemmer.

– Per no er det ingen planar eller førebuing på at vi skal inn i kyrkja i Herøy, seier Bøen.

– Politiet har blitt kontakta av kyrkja med spørsmål om vi kjem til å gå inn for å hente han ut. Vår melding til dei er at vi ikkje kjem til å gå inn og hente han, utan å først ha hatt ein god dialog både med kyrkja og asylanten, legg han til.

Ingar Bøen er politimeister i Møre og Romsdal politidistrikt. Han har på seg ei lyseblå uniform med gule lapellar og svart slips. Han har lite hår, runde briller og sit med armane i kors. Han sit på eit møterom med dataskjermar og ein vegg med politiet-logoen bak seg.

Ingar Bøen er politimeister i Møre og Romsdal.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Kan bruke makt i kyrkja

Justisminister Emilie Enger Mehls (Sp) oppheva i april i fjor instruksane og retningslinjene som i 30 år har hindra politiet i å gå inn i kyrkjer for å hente ut kyrkjeasylantar med makt.

Beskjeden frå Justisdepartementet er klinkande klar:

– Det vil framover ikkje lenger vere særskilde retningslinjer for framtidig uttransport av personar som har teke opphald i kyrkjer. Det betyr at om det skulle oppstå nye tilfelle av kyrkjeasyl, skal sakene løysast i tråd med dei vanlege rutinane til politiet.

– Departementet føreset at dei som ikkje har opphald i Noreg og skal ut dei kan bli henta og så bli frakta ut av landet, seier Bøen i politiet.

Han fortel at saka om Suel Kassembo blir køyrt av Politiet si utlendingseining.

– Per no har vi ikkje fått noko hint eller melding derifrå om at det er aktuelt å hente ut vedkomande. På generelle spørsmål frå media om vi kan gå inn og hente han ut, har vi svart at regelverket er slik at det kan bli aktuelt å gå inn, men at det ikkje er tatt noko stilling til det i dag, vektlegg Bøen.

Les også Lokalsamfunnet kjempa for Suel - får prøvd saken sin på nytt

Markering på rådhuset i Fosnavåg for Suel.

Kontakta politimeisteren

Ingeborg Midttømme, biskop i Møre bispedøme, har følgt saka til Suel tett. Ho fortel at ho tok kontakt med politimeisteren i Møre og Romsdal med ein gong Suel gjekk i kyrkjeasyl.

Ingeborg Midttømme

Biskop Ingeborg Midttømme har følgt Suel-saka tett.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Politiet må gjere den jobben dei er sett til å gjere, og eg beklagar at vi fekk den innstramminga vi fekk i fjor. Når det er sagt, så er det lagt opp frå regjeringa si side at det skal vere ein dialog mellom politiet og kyrkja, og det er det i denne saka, seier Midttømme.

Ho seier at dialogen mellom partane er god.

– Den er god fordi vi kjenner kvarandre sin myndigheit og kva som blir kravd av oss. Politiet har respekt for at kyrkja har mange funksjonar som dei skal vareta. Dei ønskjer å få til ei frivillig avslutning på kyrkjeasylet, framfor å måtte gå inn med makt.

Suel Kassembo har anka dommen frå Oslo tingrett, men det er framleis uklart når ankesaka blir behandla.

– Eg håper at han kan få prøvd saka si for ein ny rettsinstans og at den datoen kan bli kjent så fort som mogleg, slik at ein veit kor lenge det vil dryge, seier Midttømme.

Les også Suel Kassembo har gått i kirkeasyl i Herøy kyrkje

Suel Kassembo

Biskop-protest

Då regjeringa stramma inn reglane i fjor, gjorde biskopane i landet det klart at dei sterkt vil protestere mot unødig maktbruk i norske kyrkjerom.

– Bispemøtet i Den norske kyrkja deler Justis- og beredskapsdepartementets ønske om at kyrkjeasyl ikkje er ein ønskt situasjon. Men vi vil sterkt protestere mot unødig maktutøving i eit heilagt rom, heitte det i ein felles uttale frå biskopane den gong.

Bispemøtet påpeika då at kyrkjeasyl bygger på ein tusenårig tradisjon, der menneske i ein desperat livssituasjon søkjer til heilage rom for vern.

– Dersom politiet bruker makt for å hente menneske ut av eit kyrkjerom, inneber det eit dramatisk brot med kulturell sedvane og ein tusenårig tradisjon der kyrkjerommet har vore eit rom utan våpen og ordensmakt.

Les også Suel har kjempa i 19 år for å bli i Noreg - no kan han likevel bli kasta ut

Suel Kassembo går til sak

Vart utvist i 2010

Oslo tingrett slo i desember fast at utlendingsstyresmaktene kunne sende Kassembo ut av landet. Saka blei anka med ein gong.

Sjølv ønskjer han å bli i Noreg fram til ankesaka hans er avgjord i lagmannsretten.

Suel Kassembo har mange støttespelarar i Herøy kommune, der han har budd i ei årrekke. Støttegruppa han tok derfor kontakt med kyrkja i Herøy og gjorde ein avtale om at Kassembo fekk tilgang til å gå i kyrkjeasyl. Dette har ha sete i sidan nyttårshelga.

Kassembo kom ifølgje NRK til Noreg i 2005 og søkte om asyl. Han oppgav at han var 16 år. Han fekk avslag på asyl i januar 2007 og vart utvist i 2010. Seinare har han også fått avslag på arbeidsløyve.

Norske styresmakter har lita tru på historia hans og meiner han er eldre enn han seier, og at han kjem frå nabolandet Tanzania, ikkje Burundi. Dei vil likevel sende han tilbake til Burundi.

Les også Suel kjempa i 19 år for å bli i Noreg - no må han ut av landet

Suel Kassembo går til sak

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL