Hopp til innhold

Biskopane skjerper tonen mot dei som boikottar kvinnelege prestar

I fjor vedtok biskopane at det ikkje lenger skal vere mogleg å reservere seg mot å samarbeide med kvinnelege prestar. I dag skjerpa dei tonen ytterlegare.

Biskopene i Nidarosdomen, bilde tatt på bispemøtet i oktober 2020

NYE REGLER: I fjor vedtok biskopane at det ikkje lenger skal vere mogleg å reservere seg mot å samarbeide med kvinnelege prestar, slik dei såkalla «køyrereglane» opna for.

Foto: Den norske kirke

– Om det er arbeidsmiljøproblem fordi ein mannleg prest nektar å samarbeide med ein kvinneleg prest, så skal biskopen følge opp dette som ein personalsak, seier Olav Fykse Tveit, som er leiande biskop, eller preses, i Den norske kyrkja (Dnk).

Fråsegna kjem etter at biskopane denne veka har vore samla til eitt av tre årlege møte i Bispemøtet.

I førre veke vart arbeidsforholda til Mikael Bruun og Vidar Nes Mygland avslutta, begge to motstandarar av kvinnelege prestar.

– Eg les det som ei utdjuping og ei tydeleggjering av vedtaket frå i fjor, seier Oddny Miljeteig, som er nestleiar i Bjørgvin bispedømmeråd.

I fjor vedtok biskopane at det ikkje lenger skal vere mogleg å reservere seg mot å samarbeide med kvinnelege prestar, slik dei såkalla «køyrereglane» opna for.

Køyrereglane la mellom anna opp til «kreativ vaktlisteføring» slik at det ikkje kom til konfrontasjonar eller demonstrative fråvær ved alterringen og andre stader.

Miljeteig tolkar fråsegna som at ho utelukkar denne moglegheita.

– Kreativ vaktlisteføring er ikkje ein farande veg lenger. Ingen skal kunne trikse seg vekk frå diskriminering av kvinner i presteteneste, seier ho.

Olav Fykse Tveit

HAR DRØFTA: – Biskopane har nå drøfta oppfølginga av vedtaket frå i fjor. Ingen kan nekte å samarbeide på grunnlag av kjønn, seier leiande biskop i Den norske kyrkje, preses Olav Fykse Tveit.

Foto: Øivind Haugen / NRK

Kyrkjerådsmedlem Therese Utgård Aas seier til NRK at ho er glad for det ho høyrer, men ikkje atterhaldet om «arbeidsmiljøproblem», som det nødvendigvis må fleire partar til for at skal oppstå.

– Det er ikkje omgjevnadane sitt ansvar å seie frå. Folk har ulike tersklar for å seie frå, så her er det arbeidsgjevar som har ansvar for at det ikkje oppstår problem i første omgang.

– Underleg at biskopane må presisere

Liv Arnhild Romsaas er leiar i Norsk Kvinneleg teologforening.

– Eg håper at fråsegna om «arbeidsmiljøproblem» ikkje er å forstå som et atterhald, seier ho.

Ho legg til:

– Eg håper vidare at det å følge det opp som ein personalsak ikkje opnar for å kunne tolke og gradere kor stort arbeidsmiljøproblemet vert oppfatta, og dermed gi rom for ulike tolkingar og tiltak.

Vidar Mygland NEs prest i Hafslo

UTE: I førre veke vart arbeidsforholda til Mikael Bruun og Vidar Nes Mygland (bilete) avslutta, begge to motstandarar av kvinnelege prestar.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Teolog og professor i humanistisk kjønnsforsking, Jorunn Økland, seier til NRK at det er ein «underleg» at biskopane allereie må ut å presisere kva dei meinte i fjor, men legg til at ho er glad for at dei definerer det som eit arbeidsmiljøproblem og ikkje som eit spørsmål om teologiske meiningar.

– Folk som ikkje er kvinnelege prestar kan ha meiningar om «saka», men for kvinnelege prestar har dette vore et arbeidsmiljøproblem heile vegen. Difor er fråsegna bra.

Prest Gyrid Gunnes ønskjer seg kraftigare lut:

– Prinsipielt bør det ikkje vere prestar i Dnk som ikkje samarbeider med kvinner, og dette burde vere noko alle biskopar som arbeidsgjevarar forpliktar seg til å spørje om i intervju, seier ho.

– Ei sørgeleg innstramming

Bispemøtet avgjorde i fjor at ingen kan nekte å samarbeide med kvinnelege prestar.

– Ei sørgeleg innstramming, sa Mikael Bruun då.

Han fekk støtte frå fleire som meinte at meiningskorridoren var blitt trongare, i kyrkja så vel som i samfunnet elles.

Det er å snu saka på hovudet, meiner Guri Riksaasen, som er assisterande generalsekretær i Norske Kirkeakademier.

– Det er viktig å ha med seg at det aldri har vore ope for alle å tene som prest i Den norske kyrkja. Kvinner, skilte og homofile har inntil nokså nyleg vore ekskluderte, og framleis er det fleire som ikkje ønsker å tilsette homofile, lesbiske, bifile eller trans-prestar.

Ho legg til:

– Det er altså på ingen måte nytt at det vert sett grenser for kven som kan tene som prest, det nye er at det rammer ein gruppe som tidlegare ikkje har opplevd å bli ekskludert. Sjølvsagt gjør det vondt å miste makt og privilegium, men makt og privilegium skal aldri vere ein sjølvfølgje.

Snåsa kirke
Foto: Adrian Tørring Haug / NRK