Hopp til innhold

Omstridd prest i Ørskog går av

Den omstridde presten som ikkje vil samarbeide med kvinner, går av. Det melder Vårt Land.

Vidar Mygland NEs prest i Hafslo
Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Prest Vidar Nes Mygland blei mellombels tatt ut av teneste etter å ha nekta å jobbe ved alteret med kvinnelege prestar. No går han av.

– Vi hadde eit møte på fredag der avtalen mellom oss blei inngått. Av omsyn til Mygland og hans familie valde vi å gå ut med nyheita først i dag, slik at dei kunne få ro i helga, seier biskop Ingeborg Midttømme i Møre til Vårt Land.

Vil ikkje utdjupe

NRK snakka med biskopen måndag kveld, men ho vil ikkje utdjupe kva som vart diskutert i møtet mellom henne og Mygland. Midttømme seier dei blei einige om at det einaste dei skal seie på noverande tidspunkt er at han har gått frå stillinga.

Presten blei tatt ut av teneste for rundt to veker sidan.

Før helga blei det kjent at Mikael Bruun i Sogndal gjekk av. Heller ikkje han ville samarbeide med kvinner i gudstenester.

Ingeborg Midttømme

Biskop Ingeborg Midttømme i Møre har inngått avtale med prest Vidar Nes Mygland, og no trer han av.

Foto: Øyvind Sandnes / nrk

Bispemøtet behandlar saka

Preses Olav Fykse Tveit sa til NRK sist veke at spørsmålet om prestar som ikkje fullt ut vil samarbeide med kvinnelege kollegaer, kjem til å bli tema på nytt under Bispemøtet denne veka. Det skjer som følgje av striden rundt Vidar Nes Mygland på Sunnmøre.

NRK avdekte nyleg at det finst fleire prestar i landet som framleis ikkje vil samarbeide med kvinner. Dette skjer trass i at Bispemøtet i fjor slo fast at det ikkje er lov.

– Beklageleg

Leiaren i presteforeininga for Nordre Sunnmøre seier han ikkje er veldig overraska over avgjerda. Men han synest det er leitt.

– Eg syns det er beklageleg at dyktige prestar sluttar, men eg kan skjøne at han ikkje ser at han har ein arbeidsplass vidare, seier Anders Barstad, han er leiar i presteforeininga for Nordre Sunnmøre.

Sist veke hevda han overfor NRK at vaktlistene fleire stader blir ordna slik at kvinneprest-motstandarar «slepp» å arbeide med kvinnelege prestar. No er han spent på om biskopane grip inn overfor desse.

Anders Barstad

Leiaren i presteforeininga, Anders Barstad.

Foto: Remi Sagen / NRK