Hopp til innhold

Vikarprest kan få sparken om han ikkje vil jobbe med kvinner

Vikarprest Vidar Nes Mygland meiner at kvinner ikkje bør vere prestar. No seier biskopen at han kan miste jobben om han nektar å jobbe med kvinnelege kollegaer.

Vidar Mygland NEs prest i Hafslo

Vidar Nes Mygland, bilde er frå tida då han jobba som prest i Hafslo i Sogn.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Prest Vidar Nes Mygland har sett fyr i ein gamal debatt etter at han blei tilsett som vikar på Sunnmøre.

Til lokalavisa Bygdebladet uttalte Mygland at han meiner kvinner ikkje kan vere prestar. Dette fordi han meiner han ikkje finn legitimitet for at kvinner kan ha presteteneste ut frå Bibelen. Seinare utdjupa han til Sunnmørsposten at han ikkje vil ha gudsteneste med kvinnelege kollegaer.

Mygland har nyleg starta i eit fire månaders vikariat. Der skal han mellom anna fungere som sokneprest i Ørskog, og ha ansvar for konfirmantopplæring.

Utsegnene i pressa har vekt sterke reaksjonar.

– Det er mange som, med rette, har blitt opprørt etter å ha lese det intervjuet, seier Ingeborg Midttømme til NRK.

Ho er biskop i Møre bispedøme og er den som har tilsett presten. No ser ho seg nøydd til å gripe inn i saka.

Ingeborg Midttømme

Ingeborg Midttømme er biskop i Møre bispedøme.

Foto: Øyvind Sandnes / nrk

– Han har ingen særavtale som gjer at han kan velje å ikkje samarbeide med kvinnelege prestar, seier Midttømme.

Kan det ende med at han må slutte i stilliga om han ikkje vil ha gudsteneste med kvinnelege prestar?

– Ja, det stemmer, seier biskopen.

I fjor slo bispemøtet fast at ingen prestar i Den norske kyrkja kan nekte å samarbeide med kvinnelege kollegaer.

Midttømme seier at ho har hatt ein lang telefonsamtale med Mygland for å klargjere bispedømet sitt syn.

– Skulle tru vi var ferdig med dette

Ei av dei som har reagert er Therese Utgård Aas. Ho sit i Kyrkjerådet og Bispedømerådet for Open folkekyrkje.

Therese Utgård Aas.

Therese Utgård Aas seier ho har snakka med mange som er opprørte på grunn av den nye presten sine utspel i media.

Foto: privat

– Ein skulle tru vi var ferdig med dette i kyrkja no. Slike haldningar underkjenner kvinnelege prestar sin posisjon, bade som fagfolk og menneske, seier ho.

Aas er glad for at biskopen er tydeleg i saka no. Samstundes stiller ho spørsmålsteikn ved tilsettinga, og peikar på at Mygland er ein kjend motstandar av kvinnelege prestar.

– Det er veldig rart om dette ikkje var diskutert då han fekk jobben, seier Aas.

NRK har snakka med Mygland, men han vil ikkje kommentere saka før han har fått snakka meir med biskopen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL