Hopp til innhold

Kvinnelege prestar slår tilbake: – Det er vi som er minoriteten

Støtten til Mikael Bruun snur minoritetsperspektivet på hovudet, meiner leiar i Norsk kvinneleg teologforeining, og får støtte frå biskop Solveig Fiske.

Kvinnelege prestar slår tilbake – det er vi som er minoriteten

SLÅR TILBAKE: Kvinnelege prestar seier det er dei som er ein minoritet i kyrkja.

Foto: Den norske kyrkja

– Mikael Bruun representerer ikkje ein minoritet i kyrkja. Men det gjer vi, seier Frida Strøyer Aalborg.

Saman med teologistudentane Anne Guro Nesteby Grette og Eva Stien skrev ho denne veka ein kronikk i Vårt Land om at «det er oss Mikael Bruun reserverer seg mot».

– Sjølv om kyrkja på offisielt hold ønsker oss velkommen, opplevast det som vi er i ferd med å gå inn i presteskapets B-lag, skriv dei.

Bakteppet er debatten rundt reservasjonsrett i kyrkja. Domprost i Tromsø, Stig Lægdene, etterlyste i Vårt Land ei klargjering frå Den norske kyrkja om ein framleis skal kunne reservere seg mot å samarbeide med kvinnelege prestar.

I oktober er det bispemøte, og saka vil bli drøfta.

– Handlar ikkje om meiningsmangfald

Fredag skrev NRK om eit opprop mot «heksejakta» på Mikael Bruun. Oppropet var signert av 45 prestar, medrekna seks kvinner.

Oppropet snur minoritetsperspektivet på hovudet, meiner leiar i Norsk kvinneleg teologforeining, Liv Arnhild Romsaas.

I eit fråsegn skriv foreininga at dei «stiller seg undrande til korleis dette er i ferd med å bli ein debatt om kven som er den svake parten», og spør om det er andre arbeidsstader i Noreg «kor det er greitt å seie at du ikkje anerkjenner din kvinnelege kollega som ein likeverdig kollega?»

– Dette handlar ikkje om meiningsmangfald – det skal vi sjølvsagt ha, men om at vi som er kalla til same presteteneste kan stå saman uavhengig av kjønn og feire gudsteneste og nattverd, seier Romsaas.

– Ein debatt som er utgått på dato

– Eg er glad for at teologforeininga er tydelege inn i det ordskiftet som no går føre seg, seier biskop i Hamar, Solveig Fiske.

Ho legg til:

– Dette er ein diskusjon og ein debatt som har gått ut på dato. Eg forventar at dei som ordinerast veit at dei ikkje kan reservere seg mot samarbeid verken med kvinner som prestekollegaer eller kvinner som biskopar.

Mari Saltkjel er sokneprest i Vågsøy like ved Stad, og har skrive bok om kvinner og prestekallet.

Det er å minske kvinner si presteteneste å seie at dei ikkje kan stå i rolla som prest på lik linje med menn, seier ho.

Den svenske kyrkja har nå et fleirtal kvinnelege prestar. I Noreg er kvar tredje prest kvinne. Blant biskopane er det seks av kvart kjønn.

Ann-Helen Fjeldstad Jusnes er biskop i Sør-Hålogaland, og har delt innlegget til dei tre teologistudentane på sin eigen facebook-profil.

– Eg støtter fullt og helt deira synspunkt. Det må vere mogeleg å ha ein teologisk oppfatning utan å praktisere reservasjonspolitikk, skriv ho.

Omstridde køyrereglar

Regelen om å reservere seg i kyrkja er knesett i dei såkalla «køyrereglane». Sidan 1978 har dei vore brukt til å regulere forholdet der to kollegaer held på to uforlikelege posisjonar, for eksempel om kven som kan vere prestar.

Køyrereglane har vore omstridd, men er framleis i bruk.

Preses i Den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit, har sett fråsegna til Norsk kvinneleg teologforeining, og seier følgjande:

– Bispemøtet skal drøfte desse spørsmåla i oktober. Eg ser fram til ein grundig samtale mellom kollegaene då.

NRK har og vore i kontakt med Mikael Bruun.

– Det er samvitsfridom i Den norske kyrkja, og inntil biskopane gjer slutt på samvitsfridomen, praktiserer eg i tråd med dei retningslinjer som finst, seier han.

– Ingen orka å ta belastninga

Likestillingslova har i dag eit unntak for «indre forhold» i trussamfunna.

Jorunn Økland er teolog, professor i kjønnsforsking og direktør ved Det norske institutt i Athen. Ho har tidlegare oppmoda kvinnelege prestar som hevdar seg diskriminert om å gå retten sin veg.

– Nettopp for å få prøvd det dårlege rettsvernet til kvinner i Den norske kyrkja. Men det var ingen som orka å ta belastninga. Det er veldig synd, men forståeleg.

Jorunn Økland

DISKRIMINERANDE: – Om kyrkja skal legge til rette for at prestar skal sleppe å utføre visse typar arbeid med ordinerte kvinner om de ikkje føler for det, er det diskriminerande, seier Jorunn Økland.

Foto: Senter for tverrfaglig kjønnsforskning