Hopp til innhold

– Trur Staten tek over frå 2015

Frank Sve har stor tru på at Staten løyser dei økonomiske flokane for Tafjord/Åknes Beredskap. Skredovervakingssenteret manglar 8 millionar kroner på budsjettet for 2014.

I dag møtte ein delegasjon frå Åknes/Tafjord Beredskap den nye olje- og energiministeren Tord Lien. Det er fleire kommunar i Møre og Romsdal, pluss fylkeskommunen som eig skredovervakingssenteret. Eigarane har store utgifter på noko som dei ser på som ei nasjonal oppgåve.

Frank Sve

Frank Sve er styreleiar i Åknes/Tafjord Beredskap.

Foto: Trond Vestre / NRK

Målsetjinga med møtet var å få i gang ein dialog. Vi orienterte om situasjonen i Åknes/Tafjord og om den økonomiske situasjonen som har oppstått. Vi vil ha ein plan for korleis vi skal få ting på plass, både for drifta i 2014 og for ei statleg overtaking seinare, seier Frank Sve til NRK.

Den nye olje- og energiministeren har knapt kome på plass i kontoret sitt. Det er berre få dagar sidan den nye regjeringa blei danna. Dermed var dette ikkje dagen for konkrete løfte.

Alle skjønar at ein statsråd som har site maksimalt ei veke ikkje kan love så mykje konkret. Men no kjem behandlinga av Statsbudsjettet. Vi har meldt inn kva vi manglar for 2014. Vi har også meldt inn kva som må til for ei statleg overtaking på lengre sikt, seier Sve.

Åknes/Tafjord er Noreg sitt nasjonale skredovervakingssenter. Senteret har sitt utspring i overvakinga av det massive, skredfarlege området Åknes i Storfjorden og Heggurda i Tafjord. Senteret har ansvaret for overvakinga av fjellpartiet Mannen i Romsdalen, og deltek i prosjekt både i Noreg og langs heile Vestlandet.

No manglar senteret åtte millionar kroner på budsjettet, og finansieringskonflikten mellom eigarkommunane og staten står framleis uløyst.

Tilbakemeldinga frå den nye olje- og energiministeren er at den nye regjeringa har stort fokus på beredskap. Det er eit prioritert område. Og det talar for seg sjølv, seier Sve.

– Er det realistisk at det kjem noko no alt i behandlinga av Statsbudsjettet?

– Det er nok lite realistisk at det skal kome så fort. Men det KAN skjølvsagt kome noko i stortingsbehandlinga. Men det er viktig for oss at det kjem opp i samband med Revidert Nasjonalbudsjett, og at det blir gjort eit vedtak om statleg overtaking frå 2015, seier Sve.

Etter møtet føler Frank Sve seg trygg på at den langvarige striden om finansieringa av skredovervakinga får ei endeleg løysing.

Også Fylkesmannen var med på møtet. Han var rimeleg tydeleg på kor alvorleg dette er. Dette må finne si løysing. Eg er ganske sikker på at vi får ei avklaring, seier Sve.

– Fins det alternativ til full statleg overtaking av senteret?

Ja, vi kan sjølvsagt halde fram med å drifte senteret som i dag. Men då må Staten sørge for at økonomien er på plass. Det er han ikkje i dag. Men statleg overtaking kjem. Og eg er trygg på at vi fekk fram ei forståing av dette i dag, seier Sve.