Innbyggjarane i ti kommunar på Sunnmøre må leve med ein konstant trussel om at fjellet kan hamne ut i fjorden og skape flodbølgjer som vil skylje 60 meter opp på land på det meste.
Ein dag kan Åkneset i Stranda rase ut. Om Åkneset rasar ut i Storfjorden er det meininga at innbyggjarane skal varslast 72 timar før dramatikken skjer.
Les:
Frustrert ordførar
Beredskapssenteret overvakar ustabile fjellmassar, og har gitt tryggleik til mellom anna folket langs Storfjorden på Sunnmøre.
NVE finansierer 70 prosent av drifta av senteret, medan eigarkommunane betaler resten.
Problemet er at staten gjennom NVE ikkje vil ta over leigeavtalane som Åknes/Tafjord Beredskap har inngått for å levere ei forsvarleg og trygg overvaking til innbyggjarane langs Storfjorden.
Dermed har forhandlingane rundt beredskapen i Åknes/Tafjord gått i stå.
– Dette her er veldig frustrerande, rasar Norddal-ordførar Bjørn Inge Ruset (Ap).
Han krev at det må bli rydda opp innan utgangen av august.
Les også:
– For stort ansvar for kommunane
Norddal-ordføraren peikar på at kommunane ikkje kan ta på seg eit så stort oppdrag for å sikre samfunnstryggleiken sjølve.
– Dessutan kjem kommunane og Fylkeskommunen til å måtte ut med ein plass mellom 8 og 10 millionar kroner ekstra dersom dette stoppar opp og staten ikkje overtek likevel.
Les også:
Ruset er overraska over at politisk leiing og olje- og energidepartementet ikkje har teke tak i dette tidlegare.
– Eg er svært forundra og eg forventar no at det på politisk nivå blir lagt nye forhold på bordet som gjer at vi får ei løysing.
– Usedvanleg mange møter
Ruset fortel at det har vore teke kontakt på svært mange politiske nivå fleire gongar. Blant anna har fylkesordførar Jon Aasen (Ap) bede om møte med olje- og energiminister Ola Borten Moe (Sp).
– Vi har hatt usedvanleg mange forhandlingsmøter og mange brev fram og tilbake, men no synast eg det er på tide at ein finn ei løysing.
– Kven er det som er bremseklossen?
– Det veit eg ikkje, og det er eg ikkje så interessert i heller, men no må det finnast ei løysing, seier Ruset.