Unge høyre-leiaren er skuffa over regjeringa

Leiar Paul Joakim Sandøy i Unge Høyre er skuffa over at den blå regjeringa kuttar i Stoltenberg sitt budsjettforslag om studiestøtte i elleve månadar.

Paul Joakim Sandøy

Paul Joakim Sandøy frå Molde er leiar i Unge Høyre.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Sandøy meiner mange studentar treng støtte i elleve månadar, og at støtta bør vere såpass høg at ein slepp å vere tvungen til å jobbe ved sidan av studiane.

– Eg er litt skuffa, fordi eg trur ein månad studiestøtte hadde vore bra for ein del studentar som studerer lenger enn andre, seier han.

Vil jobbe for meir støtte

På den andre sida er Sandøy glad for at studiestøtta har fått den største auken på over ti år.

– Det er vel og bra, men no vi til å jobbe for ein endå betre studiestøtte i tida framover, varslar han.

Unge Høyre vil også etablere ei ordning der studentane sjølv kan bestemme kor ofte dei vil få utbetalt studiestøtta.

– Om ein tek det utover 11 månadar eller seks månadar, det får vere litt meir opp til kvar enkelt. Ein bør få til ei meir fleksibel ordning for studentane, seier Sandøy.

– Det er mange som slit

Høyre-leiaren meinar studiestøtta bør vere langt høgare enn den er i dag.

– Den bør vere så høg at ein kan jobbe ved sidan av, men at ein ikkje er tvingande nøydd til det. Det betyr at den bør vere endå høgre enn den er i dag, seier han.

– Det som mange slit med er den siste halvdelen av juni der ein må jobbe gjennom delar av eksamensperioden for å kunne leve greitt, legg han til.

I formiddag starta regjeringspartia dei første budsjettsamtalane med Kristeleg Folkeparti og Venstre. Samstundes tek studentorganisasjonane opp kampen for å behalde dei elleve månadane i statsbudsjettet slik Stoltenberg-regjeringa foreslo i oktober.

Siste video/lyd

Ein fem år lang krangel etter rehabilitieringa av Freifjordtunnelen, hamnar no i forliksrådet. 
Statens vegvesen meiner ei svakheit i plastduken som ble laga, kan gi ekstrakostnader i hundremillionar-klassen.
Ålesund kommune har kome på kant med delar av kulturlivet i byen. Då det kom fram at mellom andre Matfestivalen ikkje lenger får halde til på sin tradisjonelle plass midt i sentrum - har mange års irritasjon kome til overflata.
Utdanninga for fagarbeidarane i maritim industri kan bli endra. Ei fersk masteroppgåve konkluderer blant anna med at ein må sjå på heile utdanningsløpet - og at haldninga til yrkesfaga må bli betre.