NRK Meny
Normal

Fryktar dårlegare rasovervaking

Dei overvakar nokre av dei mest ustabile fjellmassene i landet. No fryktar Åknes/Tafjord beredskapssenter nedbygging av overvakinga etter budsjettkutt.

Leiinga i Åknes-Tafjord beredskapssenter fryktar for nedbygging av rasovervakinga. NVE har redusert årets budsjett kraftig, og gjort det vanskeleg for senteret å utføre oppdrag dei kan tene pengar på. Leiinga er redde for kva dette vil medføre.

Dagleg leiar ved Åknes/Tafjord beredskapssenter, Kjell Jogerud, meiner staten ved NVE straffar dei.

Det har gjort det vanskeleg for senteret å utføre oppdrag dei kan tene pengar på. Leiinga ved senteret er no svært redde for konsekvensane.

– Frå og med 2013 har staten ved NVE lagt ned heilt nye føresetnader for pengestøtte – driftsstøtte – til beredskapssenter.

Det meiner Kjell Jogerud, dagleg leiar ved Åknes/Tafjord beredskapssenter.

Overvakar ustabile fjellmassar

– Det vi gjer er å følgje med på og forsikre oss om at bevegelsen er normal og stabil, seier Jogerud.

Beredskapssenteret overvakar ustabile fjellmassar, og har gitt tryggleik til mellom anna folket langs Storfjorden på Sunnmøre. No meiner senteret at overvakinga står i fare.

For Åknes/Tafjord beredskapssenter manglar sju millionar kroner på årets driftsbudsjett.

NVE finansierer 70 prosent av drifta, medan eigarkommunane betaler resten. I tillegg har senteret skaffa seg driftsmidlar ved å selje tenester til eksterne kundar. Det fører til mindre overføringar frå NVE.

Saka held fram under bildet.

Rasovervaking

Mannen i Romsdal, Åkneset i Stranda og Heggursaksla i Tafjord i Norddal blir kontinuerleg overvaka.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Dei straffar oss

Jogerud meiner NVE og staten går imot senteret.

– Dei straffar oss dersom vi produserer eiga inntening gjennom tenester vi leverer.

Kjell Jogerud

Kjell Jogerud, dagleg leiar ved beredskapssenteret.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Leiinga i NVE avviser overfor NRK at dei har endra finansieringsmodellen. Ved beredskapssenteret fryktar dei at sju millionar i manko vil få alvorlege følgjer.

– Då vil eit byggjeforbod inntre ganske raskt langs Storfjorden, seier Jogerud.

– På lenger sikt vil det gå på sikkerheita laus opp mot innbyggjarane, med tanke på at ein ikkje har økonomi til å finansiere nødvendig vedlikehald av instrumenteringa. Då vil dette sakte, men sikkert døy hen av seg sjølv.

Den daglege leiaren ved beredskapssenteret meiner òg det vil øydelegge fagmiljøet.

– Det er avgrensa kor lenge ein klarer å halde på kvalifisert arbeidskraft utan gode nok faglege utfordringar og interessante og meiningsfylte oppgåver. Vi ser svært alvorleg på dette.

Store problem etter ja til statsovertaking

Åknes/Tafjord beredskapssenter overvakar fem av Noreg sine meste rasfarlege fjellparti. Fagmiljøet er nok det ypparste i landet.

Olje- og energiminister Ola Borten Moe (Sp) sa i januar i fjor at staten ønskte å overta verksemda, det økonomiske inkludert. Utfordringane til økonomi og organisering har derimot blitt mange.

Den statlege overtakinga har teke lang tid, der forhandlingane har gått i stå. Staten har nekta å overta leigeavtalane til Åknes/Tafjord beredskapssenter, som senteret har med Stranda og Rauma kommune. I tillegg vil ikkje dei la Åknes/Tafjord Beredskap skaffe seg ekstrainntekter utan at tilskota blir redusert.

Staten vil heller ikkje betale for installasjonane Rauma og Stranda har betalt for, pluss at dei meiner Åknes/Tafjord Beredskap må bruke tid og ekspertise andre stadar i landet.

Saka held fram under videoen.

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete uttaler seg om pengemangelen og utfordringane for beredskapssenteret på Stranda

Liv Signe Navarsete meiner ein må få løyst problema og usemjene så snart som råd.

Navarsete: – Sterkt beklageleg

Medan det er olje- og energidepartementet som har ansvaret, var kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp) på besøk ved beredskapssenteret i onsdag. Ho meiner ein må finne ei løysing.

– Det er sterkt beklageleg at forhandlingane har gått i stå. Det skuldast usemje om historiske kostnader, men dette må ikkje stå i vegen for å få på plass ei framtidsretta løysing, sa Navarsete.

Ho blei opplært i skredfare, målingar og beredskapen. No er Senterparti-leiaren klar på at det må ryddast opp.

– Dialogen er gjenoppretta, og det skal vere møte mellom dei formelle forhandlingspartnarane no, seier Navarsete.

Lars Harald Blikra

Sjefsgeolog Lars Harald Blikra håper på ei avklaring.

Foto: Remi Sagen / NRK

Håper på avklaring

Geologane og tilsette ved beredskapssenteret har vore urolege, etter at det ikkje blei statleg overtaking 1. januar – som planlagt.

Etter meldingane frå Navarsete håper dei alt ordnar seg.

– Det er tryggjande for oss at det ser ut til å gå mot ei løysing, og ei avklaring om det blir statleg senter eller ikkje, seier Lars Harald Blikra, sjefsgeolog i Åknes/Tafjord Beredskap.

Navarsete meiner rett og slett at eit senter som det i Stranda må vere i stand.

– Her kan ein ikkje leggje ned. Her skjer det bevegelsar og endring, og det må overvakast kontinuerleg med den beste moglege teknologien.