Hopp til innhold

Åtvarar mot stor snøskredfare

Det er stor eller betydeleg snøskredfare over heile landet måndag og tysdag. – Unngå alt skredterreng, er oppfordringa frå snøskredvarslinga.

Strandafjellet

Strandafjellet skisenter på Sunnmøre må halde stengd på grunn av mykje vind og dårleg sikt måndag.

Foto: Strandafjellet skisenter

– Det er stor fare for at skred kan losne naturleg og dei kan også bli relativt store slik at dei treff vegar, seier Håvard Thorset ved Norges Vassdrags- og Energidirektorats (NVE) varslingsteneste varsom.no.

Råna fjell

Mykje nysnø i kombinasjon med vind skaper stor snøskredfare i Møre og Romsdal.

Foto: Alf- Jørgen Tyssing / NRK

Størst er faren i Møre og Romsdal. I Trollheimen, Romsdalen og på Sunnmøre er det måndag og tysdag meldt om farenivå fire og stor snøskredfare. Mykje nysnø i kombinasjon med vind gjer at skredfaren no er på det nest høgste nivået i dette området.

– Her er det svake lag som ikkje toler å få så mykje meir vekt på seg. Ein må særleg vere obs i område som ligg i le for vinden der det samlar seg opp ekstra mykje snø, seier Thorset.

– Unngå alt skredterreng

Håvard Thorset

Håvard Thorset, ved Norges Vassdrags- og Energidirektorats (NVE) varslingsteneste varsom.no.

Foto: Pål Hansen / NRK

I heile Nord-Norge er det meldt om betydeleg snøskredfare, som er faregrad tre. Dette gjeld frå Vest-Finnmark og heilt ned til Svartisen i Nordland. Også på Svalbard, samt Indre Fjordane og Indre Sogn er snøskredfaren betydeleg måndag.

– Dette er fordi det har snødd mykje dei siste dagane, og fordi det ligg svake lag nede i snødekket som ikkje toler så mykje vekt.

Unngå alt skredterreng, er oppfordringa frå snøskredvarslinga.

– På faregrad tre og fire oppfordrar vi til å unngå skredterreng som er terreng brattare enn 30 prosent, seier Thorset.

Oscar Almgren

Oscar Almgren i Uteguiden ber folk vere forsiktige.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Oscar Almgren i Uteguiden tilbyr guida turar på Sunnmøre året rundt. Måndag måtte dei legge om toppturane sine på grunn av snøskredfaren. Guiden seier det er viktig å vere forsiktig om ein skal ferdast på fjellet i dag.

– Dersom du ikkje har peiling på kva som er skredterreng og har tatt skredkurs, så er det ein bra dag å halde seg på kontoret, seier han.

Stengde vegar på grunn av ras

Uvær

På E39 i Nordkapp har forholda vore så ekstreme at det har gjort brøyting umogleg.

Foto: Harald Albrigtsen

Snøskredfaren har også skapt problem i trafikken i dei nordlegaste fylka. Måndag morgon var til saman 16 vegar i Finnmark stengd på grunn av skredfare eller uvêr. I tillegg er europaveg 69 i Nordkapp framleis stengd etter at det søndag blei registrert 17 skred i området. Det har også ført til at fiskeværa nord i kommunen isolert. Også i Troms er fleire vegar stengde på grunn av rasfare.

I tillegg er fleire fjellovergangar stengde på grunn av glatte vegar og vanskelege køyreforhold. Riksveg 13 over Vikafjellet er stengt på grunn av eit snøras. Fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin er stengd på grunn av oppryddingsarbeid, og riksveg 15 over Strynefjellet er stengt grunna eit trafikkuhell.

I Møre og Romsdal er fylkesveg 41 mellom Leira–Viddal, i Ørsta på Sunnmøre stengt på grunn av eit snøras.