Hopp til innhold

Snøkaos og fleire stengde fjellovergangar

Det har kome mykje snø i natt og vêret er mildt mange stader. Resultatet er glatte vegar og krevjande køyreforhold. No er fleire fjellovergangar stengde.

Breidalen på Strynefjellet

STENGT: Strynefjellet var stengt etter eit trafikkuhell på Oppland-sida av fjellovergangen.

Foto: Nettkamera

– Det går greitt på fleire fjellovergangar, medan det er heilt stengt på andre, seier Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Riksveg 13 over Vikafjellet er stengt på grunn av eit snøras.

Klokka 16.28 melder Statens vegvesen at fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin no er opna igjen etter å ha vore er stengd på grunn av oppryddingsarbeid.

På riksveg 15 over Strynefjellet kan trafikken passere mellom Grasdalstunnelen og Oppljostunnelen der eit vogntog har problem.

– Også jobbar dei med snørydding på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet, men det skal vere god sikt og greie forhold der, seier Molvær.

To personbilar og ein lastebil var involverte i uhellet på Strynefjellet, og Vegvesenet melde at det er veldig glatt i området.

Verre er det nede i låglandet. Vegvesenet fortel at mange sleit med å kome seg fram i morgontimane i dag. Særleg i kyststroka på Vestlandet er det vanskelege forhold.

– Og no har nesten alle piggfrie vinterdekk, då er det veldig glatt på dei forholda vi har no, seier Molvær.