Hopp til innhold

Snø igjen: – Hald motet oppe

Bur du i høgda vaknar du truleg til kvitt på bakken i morgon, men det er venta stigande temperaturar.

Snø på E18 i Aust-Agder

Kanskje ikkje snødekte vegar, som her, ein tidlegare vinter langs E18. Men noko kvitt kan falle frå himmelen fleire stader på Agder i morgon.

Foto: Erik Wiig Andersen / NRK

– Kaldlufta frå nord pressar på, og fleire stader vil det bli sludd eller snø dei neste dagane, seier statsmeteorolog Kristian Gislefoss.

Meteorologisk institutt skriv at det kjem inn ein liten rakkar av eit lågtrykk frå vest.

Melder snø i Sør-Norge

Når vi har vind frå sør frå sørlege delar av Europa, så er den vinden varm og gir sola hjelp med å varme opp. Så blir det motsett når vinden kjem frå polare område, som nå.

Foto: Skjermdump fra Meteorologisk institutt / Kari Løberg Skår

Dette har kurs for Skagerak og Sørlandet, og vil gi både vind og nedbør. Nokre stader kjem nedbøren i form av snø.

Ikkje dei beste nyheitene for vårsvoltne sørlendingar i småsko kanskje.

Les også Bil dukket opp under brøytefonn

Nedsnødd bil i Arendal

Byglandsfjord i kvitt

Gislefoss reknar ikkje med at snøen vil legge seg i låglandet, men i Evje og Hornnes kommune kan det vere lurt å sette vinterskoa klare fredag morgon.

– Og i Byglandsfjord ser eg for meg 2–3 millimeter med regn eller sludd det neste døgnet, seier Gislefoss.

Han seier nedbøren kan treffe Hovden òg. Der kan det komme opptil fem centimeter med snø.

– På dagtid har vi sett ei snøgrense på 500 meter, men kveld og natt vil denne grensa gå ein del lågare, forklarer Gislefoss.

Han meiner at byane langs kysten blir skåna for snø, men dei får regn.

Les også Utvider farevarsel om snø: – Jeg er drittlei nå

Pia Wehus og Victoria Paulsen er oppgitt over at vinteren ikke vil gi seg.

– Ikkje gi opp

Gislefoss er ein positiv mann og ber oss løfte blikket og tenke vårlege tankar.

– Hald motet oppe for tendensen er stigande temperatur, forsikrar han.

– Er det ei siste krampetrekning?

– Ja, vi får håpe det. Vi menneske ønsker våren velkommen, men naturen held litt igjen. April er ein lumsk vêrmånad og snøen er aldri langt unna, seier statsmeteorolog Kristian Gislefoss.

Les også Snøen kjem tilbake: – April er ein liten luremånad

Snøfall over delar av landet igjen.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,64 kr
Dyrest kl. 02 1,33 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,2 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %