Hopp til innhold

Ser fram til eit nytt og spennande musikkår

Søskena Sigrid og Tellef Raabe tek eit pust i bakken med juleferie heime på Sunnmøre. No gler dei seg til eit nytt år med plateslepp og nye musikkprosjekt.

Sigrid og Tellef Raabe

Søskena Sigrid og Tellef Raabe gler seg til å ta fatt på 2016, men først skal dei unne seg ein liten juleferie heime på Sunnmøre.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Dei musikalske søskena Sigrid og Tellef Raabe frå Ålesund bur til vanleg i Bergen, men er for tida heime på juleferie.

– Det er alltid veldig kjekt å kome heim til jul når heile familien er samla, seier Tellef.

Veslesøster Sigrid er samd. Ho fortel at det alltid er ein ting som får henne i julestemning.

– For meg har det vore eit høgdepunkt å hente søskena mine på flyplassen. Eg får alltid julestemning av å sjå dei kome ut av terminalen, seier ho.

Musikalsk jul

Heime hos familien Raabe er det også nokre juletradisjonar som må vere på plass for å sikre julestemninga.

Sigrid Raabe

Sigrid Raabe får alltid julestemning av å hente søskena sine på flyplassen.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Når vi byrjar å pynte til jul og tek fram alle desse stygge tinga vi lagde i kunst og handverk på barneskulen, då er det verkeleg jul, seier Sigrid.

Musikk er også ein stor del av jula, fortel dei to.

– Det som ofte skjer er at ein av oss byrjar å spele på eit instrument. Eg kan byrje å spele piano og så tek Tellef opp gitaren. Deretter kjem faren vår bort å legg på harmoniar og til slutt blir søstera og mora vår også med, seier Sigrid.

Men ofte er det nokon andre som tek initiativ til dei musikalske innslaga heime hos familien Raabe.

– Det er faktisk mormor som spelar julesongane når vi går rundt treet, medan morfar syng for full hals, seier Tellef.

Topphemmeleg puddingoppskrift

Som mange andre familiar har også Raabe-familien nokre tradisjonar dei må gjere for at det skal bli jul.

– På julaftan brukar vi å sjå tre nøtter til Askepott, og så går vi alltid i kyrkja. I tillegg har vi ein litt rar puddingdessert som ligg i Raabe-slekta som vi brukar å ete, seier Sigrid.

– Ja, det er ei topphemmeleg oppskrift, som vi ikkje veit kva er. Eg trur vi arvar den etter kvart, seier Tellef lattermild.

Spennande år i vente

No skal dei to unne seg ein liten juleferie før dei tek fatt på eit nytt og spennande år.

Tellef Raabe

Tellef Raabe gler seg til å sleppe ny plate i 2016.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– I 2016 skal eg endeleg sleppe mi første plate. Den har omtrent vore ferdig i to år, men no er alt endeleg klart for både plateslepp og europaturne, fortel Tellef.

– Eg gler meg skikkeleg til det komande året, held han fram.

Sigrid jobbar også med eigne musikkprosjekt, men det blir truleg ikkje ny musikk frå henne med det fyrste, fortel ho.

– Då eg gjekk på vidaregåande gjekk alt veldig fort. Eg har brukt hausten til å jobbe med ulike produsentar og starte eit nytt band, men eg synest det er veldig herleg å kunne ta meg god tid til å jobbe med musikken og gi ut noko eg er skikkeleg fornøgd med, seier ho.

Høyr dei to søskena spele saman her: