Hopp til innhold

Merkesteinane 30 år: – Det betyr alt for meg

Han vart med i Merkesteinane meir eller mindre tilfeldig. No har Arild Halse (59) vore med halve livet i bandet som i helga hadde 30-årsjubileum.

Arild Halse i Merkesteinane under jubileumsmarkeringa 11.november 2023

Arild Halse i Merkesteinane under jubileumsmarkeringa 11. november 2023

Foto: Arne Flatin / NRK

På Åheim i Vanylven på Sunnmøre gjer Arild Halse seg klar til øving og jubileumshelg. Han har leita fram ein av gitarane sine heime hos foreldra. Han har fleire gitarar, men ein favoritt.

Arild Halse med gitaren på heimebøen (Merkesteinane)

Arild Halse med gitaren på heimebøen på Åheim

Foto: Arne Flatin / NRK

Merkesteinane er ei musikkgruppe for psykisk utviklingshindra. Leiar for bandet er Øyvind Lied frå Volda. Han tenker ikkje på bandmedlemmene på den måten.

– For meg er dei menneske. Det er det eg tenker, seier han.

– Betyr alt for meg

Det er no 30 år sidan han og Jostein Bjørndal starta Merkesteinane. Jostein er ikkje med lenger, men opp gjennom tre tiår har musikaren Øyvind Lied hatt Merkesteinane som lidenskap. Og vennskapet til Arild Halse og dei andre i bandet er sterkt og nært.

Øyvind Lied og Jostein Bjørndal stifta Merkesteinane for 30 år sidan

Øyvind Lied og Jostein Bjørndal stifta Merkesteinane for 30 år sidan

Foto: Arne Flatin / NRK

– Det betyr alt for meg. Eg tenker på dei kvar dag. Det er som ein livsstil, seier Øyvind Lied.

Denne fredagen er det bandøving i studioet til Øyvind Lied. I lokala i Volda sentrum er fleire av bandmedlemmene alt på plass når Arild Halse kjem inn døra. Øyvind Lied er den siste som kjem. Med eit stort smil om munnen, Her skal det øvast.

Øyvind Lied, leiar for Merkesteinane

Overskotsmennesket Øyvind Lied er leiar for Merkesteinane

Foto: Arne Flatin / NRK

Arild Halse koplar seg til høgtalaren med bassgitaren sin og gode lydar kjem ut av høgtalaren. Dei kjenner kvarandre godt dei som er i bandet. Øvinga går derfor fort unna. Ikkje alle hadde sjansen til å møte, men dagen etter er det alvor og fest på same tid.

Stor fest for å feire 30 år

Dagen etter, denne laurdagen i kantina ved Høgskulen i Volda er det både skjemt og alvor. Alle dei nærare 200 i lokalet har eit nært forhold til Merkesteinane.

Merkesteinane på jubileumskonsert

Merkesteinane på jubileumskonsert

Foto: Arne Flatin / NRK

Det er mange som vil seie noko om bandet denne kvelden. Både ordførarar, foreldre og sponsorar. Men høgdepunktet er når bandet går fram på scena og spelar og syng. Folk i salen dansar til tonane frå Merkesteinane. Det er fullt på dansegolvet. Stemninga er god.

Merkesteinane spelar opp til dans

Merkesteinane spelar opp til dans

Foto: Arne Flatin / NRK

– Det er slik vi likar at det skal vere, seier Arild Halse i ein liten pause. At folk har det kjekt og kosar seg når me spelar.

– For meg betyr det å vere med i Merkesteinane alt. Her kan eg vere meg sjølv.

Kameratskapen er sterk. Arild Halse er 59 år gammal. I halve livet har bandet vore viktig for han.

Kor lenge skal de halde på?

– Det vert i alle fall ei god stund til, seier Øyvind Lied og Arild Halse.

– Eg trur dei må bere meg av scena før eg sluttar, ler Øyvind.

Sjå video frå 30-års markeringa.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL