Hopp til innhold

Sigrid rett inn på andreplass i Storbritannia

Sigrid Solbakk Raabe (25) skriv norsk musikkhistorie – tangerer A-ha i Storbritannia.

Albumcover for «How to Let Go» (2022) av Sigrid.

PLATE NUMMER TO: «How To Let Go» kom ut fredag 6. mai. No går albumet rett inn på topplistene.

Foto: Island Records

PLATE NUMMER TO: «How To Let Go» kom ut fredag 6. mai. No går albumet rett inn på topplistene.

Foto: Island Records

Sigrid si andre plate «How To Let Go» kom ut for ei veke sidan.

NRK sin meldar trilla femmar, og responsen frå publikum har ikkje late vente på seg.

I kveld gjekk albumet inn på 2.-plass på den britiske topp 100-lista, melder BBC.

Med den listeplasseringa i Storbritannia tangerer Sigrid, A-ha. Tre av A-ha sine album gjekk til andreplass i perioden 1985–1988.

Sjå dokumentaren om A-ha i NRK TV.

– Heilt rått!!! Er nokre gledestårer ute og går no, haha. Eg er så utruleg stolt og takknemleg, skriv Sigrid i ein SMS til NRK.

Begeistringa delar ho også med følgjarane sine på Twitter:

Laster Twitter-innhold

Her heime toppar albumet VG-lista.

I 2019 nådde Sigrid sitt fyrste album, «Sucker Punch», fjerdeplass på den britiske platelista.

Sunnmøringen er for tida på turne. Denne helga spelar ho i Leeds og Kingston i England.

Les også Sigrid: – Jeg lever egentlig veldig sakte

Promofoto av artisten Sigrid ifm. hennes andre album.

Gler seg til i sommar

Etter fleire år med internasjonal suksess har Sigrid ein fullbooka sommar framfor seg. Det blir konsertar i Canada, ti av dei største byane i USA og i Europa.

Men heimepublikumet får også sin bit. Etter planen skal Sigrid halde sju konsertar i Noreg i sommar.

Oslo, Kristiansand, Tønsberg, Molde, Bodø, Trondheim og Tromsø står på programmet.

Solbakk Raabe gler seg til å få spele plata som så mange høyrer på no.

«Tusen, tusen takk til alle som lytta på plata. Vi sees snart på festivala i sommer!!!» skriv ho til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL