Hopp til innhold

Spesielt år for Sigrid Raabe

Sigrid Raabe (17) har lagt eit litt uventa år bak. Etter at ho blei oppdaga på Urørt har det gått slag i slag. No er ho aktuell på fleire store festivalar og har nettopp signert platekontrakt.

Sigrid Raabe har hatt eit heilt spesielt år, etter at ho blei oppdaga på Urørt og er spådd ei lysande musikkkarriere. I helga opptrer ho på Sommarfesten på Giske og i kveld skal ho og bandet halde konsert.

Sigrid Raabe blir spådd ei lysande framtid. Eitt år etter debuten er ho booka til fleire store musikkfestivalar og har signert platekontrakt med Petroleum Records.

– Eg har alltid vore involvert i musikk og slik, men eg skreiv ikkje mi første låt før i fjor, fortel 17-åringen.

Raabe og Padawan

Sigrid Raabe (nummer tre frå venstre), Johanne Raabe (nummer tre frå høgre) saman med Padawan.

Foto: Remi Sagen / NRK
Sigrid Raabe

Ålesundsjenta går framleis i andreklasse på vidaregåande. Likevel har ho allereie fått stor anerkjenning i det norske musikkmiljøet.

Foto: Remi Sagen / NRK

Pent plassert på Giske gjer ho seg klar til konsert. Torsdag kveld har ho fått æra av å tjuvstarte Sommerfesten på Giske med ein intimkonsert i Ocean Sound Recordings sitt studio.

«Eksplosivt potensial»

Det er berre litt over eitt år sidan den då 16 år gamle ålesundsjenta blei Ukas Urørt. Låten «Sun» hadde ho skrive to månader tidlegare.

«Eit purungt låtskrivartalent med velutvikla teft og identitet, debutsingelen «Sun» viser ein singer/songwriter med eksplosivt potensial», skreiv P3 Urørt i avgjersla si.

– Etter å ha blitt veldig inspirert av ei god venninne, klarte eg til slutt å skrive «Sun». I fjor sommar lagde eg og storesøstera mi to songar der ho skreiv tekstane, og vi saman lagde melodiane. Det var første gong eg fekk innblikk i det å skrive ein song, og syntest det var veldig givande. Det er definitivt noko eg vil gjere meir av, sa då 16 år gamle Sigrid til NRK.

Hennar andre låt, «Two Fish», blei lista på P3. I tillegg blei ho invitert til å spele live på TV.

– Eg spelte på Gullfisken med bandet og vi spelte på P3 dagen etter. Og no nettopp signerte vi lisenskontrakt med eit plateselskap – med Petroleum, gliser Raabe om lag eitt år etter karrierestarten.

Sjå Sigrid spele to låtar hos Christine live på P3 under:

Sigrid Raabe hos Christine

– Talentet er openbart

Intimkonserten før Sommerfesten på Giske blir med vennene i bandet Padawan bak seg, samt søstera Johanne Raabe. Det same blir stoda når ho går på scena under Sommerfesten, der 5000 til 10.000 menneske truleg møter opp.

Generalen for festivalen, Ante Giskeødegård, gler seg stort til å sjå og høyre 17-åringen spele. Han har stor tru suksess for Raabe og bandet.

Ante Giskeødegård

Tidlegare musikar, noverande festivalarrangør, Ante Giskeødegård, meiner Sigrid Raabe kan nå svært langt.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Har du stort nok talent er det heilt realistisk, og talentet er der heilt openbart. Så Sigrid og Padawan kan nå langt dei vil, meiner Giskeødegård.

– Og det er utruleg herleg og inspirerande at det er slike store talent frå Ålesund, seier han vidare.

Stor vilje

Raabe sjølv fortel at det var då ho blei Ukas Urørt at ho verkeleg forstod at musikken er noko ho ville satse på.

– Eg har lyst til å bli musikar, verkeleg lyst, slår ho fast.

Talentet er på plass ifølgje Giskeødegård, tidlegare musikar i The Margarets, noverande festivalarrangør. 17-åringen sjølv slår fast at viljen er til stades.

– Men det er enorm konkurranse. Det er så mange som gjer det same som meg, eller eg gjer det same som andre, smiler ho litt blygt.

– Men, men, eg har i alle fall fått vist fram musikken min, og håper eg får halde fram med det, seier Sigrid Raabe vidare.

Når denne saka blei publisert på nettet, gjekk Raabe på scena på Giske. Laurdag er ho éin av mange artistar på Sommerfesten på Giske.

Raabe og Padawan

Sigrid Raabe (i midten) har med seg søstera Johanne Raabe og bandet Padawan når ho går på scena på Sommerfesten på Giske 5. juli.

Foto: Remi Sagen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL