Hopp til innhold

Rekordvarme i november fører turistane tilbake

Dei unormalt høge temperaturane gir ein uventa bonus. Turistattraksjonar som normalt er vinterstengde kan plutseleg opne igjen.

Turistar i Trollstigen

TURISTAR: Endika Enes og familien gjorde om på planane då varmen sette inn over Noreg. Dei tok turen til Rauma, som har attraktive turistmål i både Trollstigen, Trollveggen og det rasutsette fjellpartiet Mannen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Det har aldri tidlegare skjedd at Trollstigen er opna igjen i november, seier Hilde Gråberg Bakke, reiselivssjef i Rauma.

Trollstivegen

TURISTMÅL: Trollstigvegen er eitt attraktivt turistmål, mellom anna for syklistar. At vegen er open på denne tida av året har ikkje skjedd tidlegare.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

For tre veker sidan vart vegen vinterstengt av Statens vegvesen, slik han brukar å bli i oktober. Men dei rekordhøge temperaturane gjer at det ikkje lenger er nødvendig at vegen er stengt.

– Eksepsjonelt mildt

Dei siste dagane har det fleire stader på Nordvestlandet vore nærare 20 gradar.

Eksepsjonelt mildt, melde yr.no torsdag.

Dei milde temperaturane og den opna vegen gjer at også turistane vender tilbake.

Møre og Romsdal opplever sommarlege temperaturar i november. I dag bestemte vegvesenet seg for å opne opp att Trollstigvegen, som dei vinterstengde for tre veker sidan.

Møre og Romsdal opplever sommarlege temperaturar i november.

Skulle sjå nordlyset

Endika Enes, spansk turist

SKULLE EIGENTLEG SJÅ PÅ NORDLYS: I staden vart det Rauma-ferie på Endika Enes og familien hans. Ifølgje yr.no er det denne veka varmare i Rauma enn fleire stader i Spania.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Til dømes tok ein spansk familie turen til Rauma. Dei var i utgangspunktet i Noreg for å sjå på nordlyset. I staden enda dei opp med å sjå besøke turistmål som normalt berre blir besøkte om sommaren.

– Vi tenkte at vi måtte gi dette ein sjanse. Og vi angrar ikkje. Det er fantastisk vakkert her, seier Endika Enes.

Også nordmenn let seg sjokkere og fasinere av det milde novemberklimaet. Det er populært å nytte Trollstigvegen til sykling, men Tommy Aslaksen hadde aldri trudd at han skulle sykle ned denne vegen 16. november.

– Eg gjekk på ski i to veker. Brått fekk vi ein ny sommar. Akkurat no saknar eg ikkje vinteren i det heile. Det følast ikkje ut som det snart er advent no. Heilt fantastisk, smiler Aslaksen.

Tommy Aslaksen

FRÅ SKI TIL SYKKEL: Tommy Aslaksen var allereie godt i gang med skisesongen. Så gjorde varmesjokket at han måtte byte ut ski med sykkel.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

«All time high»

At Trollstigvegen er opna igjen fører til jubel i reiselivsbransjen.

– Trollstigen er motoren vår i reiselivet. Det er veldig spesielt at han er opna igjen, seier Hilde Gråberg Bakke.

Reiselivssjef i Rauma, Hilde Gråberg Bakke

NØGD REISELIVSSJEF: Hilde Gråberg Bakke.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Gladnyheita om opninga fredag kjem på toppen av ein allereie framifrå turistsesong i Rauma. Denne kommunen kan skilte til attraktive turistmål i både Trollstigen, Trollveggen og det rasutsette fjellpartiet Mannen.

– Vi har hatt ein formidabel sesong. Fram til sommaren vart slutt tidleg i september var det «all time high» over heile linja, fortel Gråberg Bakke.

Og no får altså reiselivsbransjen altså endå meir å glede seg over.