Hopp til innhold

Argentinske turistar i forbode område ved Veslemannen: – Visste ikkje at det var farleg

Den siste veka har det vore unntakstilstand og raudt farenivå ved det rasutsette fjellpartiet Veslemannen i Rauma i Romsdal. Det var ikkje to turistar frå Argentina klar over.

Argentinske turistar

LETTA: Pablo Biancotti og Mariela Archenti vart først stressa då dei høyrde steinsprang frå Veslemannen. Deretter vart dei endå meir stressa då dei fekk beskjed frå Sivilforsvaret om å skunde seg vekk frå området.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Å, for ein vakker stad, sa vi til kvarandre. Så gjekk vi opp til fjellfoten for å fotografere, fortel Pablo Biancotti til NRK.

Saman med Mariela Archenti er han på bilferie i Europa. Dei har reist i ein månad og kom frå Geiranger på Sunnmøre då dei såg det no berømte fjellet Mannen i Rauma.

– Vi visste ikkje at det var ulovleg eller farleg å bevege seg oppover fjellet her, seier Biancotti og Archenti.

Turistar rota seg vekk ved Mannen

PÅ VEG MOT VESLEMANNEN: NRK sin fotograf oppdaga tilfeldigvis to personar då han filma det rasutsette fjellpartiet Veslemannen. Det viste seg å vere turistparet Pablo Biancotti og Mariela Archenti frå Argentina.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

La på sprang

På veg oppover ura høyrde dei steinsprang frå det rasutsette fjellpartiet. Og då begynte dei å legge på veg ned igjen.

Etter kvart fekk dei også beskjed frå Sivilforsvaret om å skunde seg.

Då vart ikkje turistparet mindre forskrekka og la derfor på sprang.

– Det stod ingen plakat eller anna informasjon om at vi ikkje kunne gå oppover mot fjellet, forklarer Mariela Archenti.

Argentinske turistar

MÅTTE SPRINGE: Pablo Biancotti og Mariela Archenti la på sprang då dei fekk beskjed frå Sivilforsvaret om å skunde seg vekk frå det farlege området.

Foto: Eirik Hauknes / NRK

Ei veke med raudt farenivå

Det var i 2014 dei 11 innbyggjarane ved det rasutsette fjellpartiet vart evakuerte for første gong. Til saman har NVE sett farenivået til raudt heile ti gonger. Fem av evakueringane har skjedd etter sommaren i år.

Og vi er no inne i ein periode med raudt farenivå som har vart heilt sidan tysdag kveld sist veke.

– Det burde ha vore sett opp skilt med ei åtvaring om at ein må passe seg for fjellet, eller noko slikt, meiner Mariela Archenti.

Lensmann

SER PÅ ULIKE LØYSINGAR: Lensmann Roar Mordal Hilde seier at dei ser på løysingar for å betre informasjonen for turistar som ikkje kjenner til kor farleg det er å bevege seg nær Mannen.

Foto: Sissel Beate Brunstad / NRK

– Alvorleg lovbrot

Lensmann i Rauma og Vestnes, Roar Mordal Hilde, seier det er ei uoverkomeleg oppgåve å sperre av og skilte området ved Mannen turistane frå Argentina rota seg inn i.

– Så vi må sjå på andre metodar for å løyse dette. Vi er mellom anna i dialog med lokalt reiseliv for å sjå om vi kan gi meir informasjon gjennom dei, seier lensmannen til NRK

Raudt farenivå og evakuering betyr også ferdselsforbod for turistar. Og ifølgje lensmannen kan dei som bryt dette forbodet vente seg reaksjonar.

– Dei kan i ytste konsekvens bli melde og få bøter. Det er alvorleg å bryte ferdselsforbodet, i alle fall om ein gjer det bevisst, seier Roar Mordal Hilde.

I denne saka var det derimot snakk om to turistar som ikkje kjende til ferdselsforbodet.

Mannen, Veslemannen, Rauma

VESLEMANNEN: Denne delen av fjellet Mannen er svært rasutsett og har ført til 10 evakueringar dei siste fire åra.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

PS. Pablo Biancotti og Mariela Archenti har no sett kursen mot Spania, der dei blir ei lita stund før dei vender snutane heim mot Argentina.

– Vi likar landskapet i Sunnmøre og Romsdal veldig godt. Det er veldig likt Patagonia heime i Argentina, fortel paret.

Argentinske turistar

PÅ VEG HEIMOVER: Pablo Biancotti og Mariela Archenti.

Foto: Eirik Haukenes / NRK
Ingen vet når det vil komme et ras fra fjellet Mannen, men geologene vet at det vil skje. På fire år har deler av fjellet flyttet seg sju meter!

Ingen vet når det vil komme et ras fra fjellet Mannen, men geologene vet at det vil skje. På fire år har deler av fjellet flyttet seg sju meter!