Elevopprør mot gigantveg på Vestlandet: – Ikkje aktuelt at vi tek støyten

Eit fastlandssamband til mange milliardar kroner kan få store konsekvensar for skulane. Det får elevane til å reagere.

Sigurd Joralf Eidset

– FEIL PRIORITERING: Sigurd Joralf Eidset, politisk nestleiar i Elevorganisasjonen i Møre og Romsdal, meiner realiseringa av gigantprosjektet Nordøyvegen ikkje kan prioriterast framfor framtida til ungdommen i fylket.

Foto: Alf-Jørgen H. Tyssing / NRK

– Skulen må ikkje bli skadelidande. Vi kan ikkje prioritere ein veg til nokre få tusen menneske på Nordøyane i staden for dei titusenvis av elevane som faktisk går på skule i Møre og Romsdal i dag, seier Sigurd Joralf Eidset.

Han er politisk nestleiar i Elevorganisasjonen i fylket.

Arbeidet med den gigantiske Nordøyvegen er allereie starta opp. Men vegbygginga, som skal gi fastlandssamband til 2700 menneske, vert over ein milliard kroner dyrare enn venta.

Fylkesrådmannen i Møre og Romsdal varsla derfor denne veka at konsekvensen av å realisere vegen blir at nesten alle andre investeringar i fylket blir sett på vent i minst ti år.

Det inkluderer mellom anna at ingen av dei eksisterande vidaregåande skulane blir utbetra denne perioden – og ingen nye blir bygde. Tidlegast mellom 2030 til 2033 kan ein stikke spadane i jorda.

Nordøyvegen

FASTLANDSSAMBAND: Målet med Nordøyvegen er å gi fast vegsamband mellom Lepsøya, Haramsøya, Flemsøy/Skuløy, Fjørtofta og Harøya. Dette er Møre og Romsdals største investering nokon gong – om det blir realisert.

Foto: NRK

– Bekymra for elevane

Sigurd Joralf Eidset meiner at Nordøyvegen er eit bra tiltak. Men han seier det er uaktuelt at skulane skal ta ein så stor støyt for å få gjennomført prosjektet.

– Det er jo vi ungdommane som skal bygge denne regionen. Om vi ikkje får opplæringa vi treng i den vidaregåande skulen, kvifor skal vi bli i Møre og Romsdal då, spør Eidset retorisk.

Tunnelinnslag på Harøya

I GANG: Sjølv om vegprosjektet ser ut til å sprekke med fleire milliardar er arbeidet med Nordøyvegen allereie starta opp. Her ser vi eit tunnelinnslag på Harøya.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto

Etter at fylkesrådmannen tidlegare denne veka la fram nye tal om Nordøyvegen har fleire og fleire tatt til orde for å skrinlegge eller legge på vent planane om gigantvegen.

Gunn Berit Gjerde

BEKYMRA: Fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde (V) er svært bekymra for skulane og ungdommen i Møre og Romsdal.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Økonomiprofessor Ola Honningdal Grytten meiner at prosjektet verken er transportøkonomisk eller samfunnsøkonomisk lønsamt. Han hevdar at det hadde vore meir lønsamt å køyre gratis ferje der dag og natt.

Også fleire leiande politikarar i fylket begynner å tvile.

Blant dei er fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde (V), som støttar Elevorganisasjonen.

– Det er rett å stoppe anbodspressen no og tenke seg om. Vi kan ikkje radere ut resten av fylket sitt ansvarsområde. Eg er veldig, veldig bekymra for skulane våre og ungdommen vår, seier Gjerde.

– Ei fantastisk investering

Men på Nordøyane gir dei seg ikkje. Silje Sandøy Husøy er medlem i Ungdomspanelet i Møre og Romsdal og oppvaksen på ei av øyane der fastlandssambandet skal kome.

Silje Sandøy Husøy

MÅ BYGGE: Silje Sandøy Husøy er medlem i Ungdomspanelet i Møre og Romsdal. Ho meiner prosjektet ikkje bør stoppast.

Foto: privat

– Nordøyvegen er ei fantastisk investering fylket kjem til å ha god nytte av, seier Husøy.

Ho får støtte av Ålesund-ordførar og fylkestingsrepresentant Eva Vinje Aurdal (Ap).

– Vi jobbar på spreng for å finne ei løysing som heile fylket og alle sektorane kan leve betre med, enn forslaget frå fylkesrådmannen, seier Aurdal.

Men ligg til at ho forstår bekymringa til Elevorganisasjonen.

Det er i desember fylkestinget skal bestemme seg for om Nordøyvegen har livets rett.