Hopp til innhold

– Er ikkje bevisa gode nok i denne saka går sjøpattedyr langs kysten ei skummel framtid i møte

Nyttårsaftan blei ein kvalross på Kristiansund-besøk avliva av Viltnemnda. Avlivinga skjedd med klarsignal frå Mattilsynet. Saka blei meldt til politiet av fleire partar, men no er den lagt bort. Det framprovoserer sterke reaksjonar.

«Den 31.12.2012 blei ein kvalross avgjort avliva i Kristiansund etter konferering mellom representantar frå kommunen si viltnemnd og Mattilsynet. Hovudspørsmål i denne saka er om Mattilsynet og andre har utvist grov uforstand i si teneste. Etter etterforsking og gjennomføring av avhøyr i saka har påtalemyndigheita i dag avgjort å legge bort saka etter bevisets stilling. Det vil ikkje bli gjeve ytterlegare kommentarar.»

Det meddeler politiadvokat Lina Ersvik Pettersen i Nordmøre og Romsdal politidistrikt torsdag ettermiddag.

Nils Aukan

Undervassfotograf og pensjonert kriminaletterforskar Nils Aukan.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Eg ankar tvert!

– Først reagerer eg kraftig på at eg ikkje har fått melding før politiet går ut med dette, seier Nils Aukan til NRK like etter bortlegginga.

Etter det famøse kvalross-besøket i Dalabukta i Kristiansund, med påfølgjande avliving, meldte både Aukan og Miljøvernforbundet saka til politiet og økokrim. Naturvernforbundet har òg fulgt saka tett.

– Eg kjem til å anke saka tvert! Eg skal ta saka vidare til statsadvokaten i første omgang. Eg skal sjå på heilskapen og setje opp ei skriftleg anke allereie i kveld. Eg vil også legge ved ein større fotorapport.

Aukan har tidlegare jobba som kriminalteknikar i politiet gjennom 25 år, og er i dag hobbyfotograf- og undervassfotograf.

Kva tenkjer du om saka? Sei meininga di i kommentarfeltet nedst.

– Må sjøpattedyra ha helseattest?

Aukan var tidleg i Dalabukta i Kristiansund, der kvalrossen låg. Der såg han og mange andre, ein litt slapp kvalross som hadde lagt seg til rette på ei flytebrygge.

– Eg meldte frå til politiet fordi dyret ikkje på langt nær var skadd nok til å bli avliva. Skadane viltnemnda og Mattilsynet påstod var på dyret, dei fanst ikkje.

– Skadane var som ei flis i fingeren. Då vi tok bilde av kvalrossen under vatn etter avlivinga var sårskorpa allereie vaska vekk. I praksis kan eit sjøpattedyr som dette, ha atskilleg større skadar og overleve, seier Aukan.

Dei som no har lagt bort saka, er tidlegare kollegaer av Aukan i politiet i Kristiansund. Han meiner det er syltynt at saka er lagt bort på «bevisets stilling».

– Eg var kriminalteknikar i 25 år. Er ikkje bevisa gode nok i denne saka går sjøpattedyr langs kysten ei skummel framtid i møte.

– Må dei ha helseattest for den venstre luffen når dei sym søreover og for høgre luffe nordover?, spør Aukan sarkastisk.

Saka held fram under bildet.

Kvalross i Kristiansund

Denne kvalrossen blei avliva nyttårsaftan ettermiddag i 2012. Det har skapt eit kaos utan like i etterkant.

Foto: Nils Aukan

Mållaust Miljøforbund

Miljøvernforbundet, med Ørjan Holm i spissen, meldte saka direkte til Økokrim. Dei fekk beskjed om at saka blei behandla lokalt.

Ørjan Holm. Norges Miljøvernforbund.

Ørjan Holm i Noregs Miljøvernforbund er sjokkert etter at politiet har lagt bort kvalross-avlivinga.

Foto: Pressebilde.

– Er saka faktisk lagt bort? Eg er veldig overraska. Dette er ein av dei mest truga dyreartane vi har ... Nei, eg er mållaus!, svarer Holm til NRK når han får nyheita om at saka er lagt bort.

Han er minst like klar som Nils Aukan på at saka no blir teken vidare.

– Det er jo ikkje tvil. Denne saka skal klagast inn til statsadvokaten.

– Det kan ikkje vere så enkelt å sleppe unna med ei så totalt uakseptabel handling. Saka er så alvorleg at ho ikkje kan avsluttast med å bli lagt bort, tordnar Holm.

Aukan ikkje avhøyrt

Både Holm og Aukan meiner manglande kompetanse på kvalross og sjøpattedyr har vore ein gjennomgangsmelodi.

– Når saka blir lagt bort på bevisets stilling har bevisvurderinga, etter mi meining, ikkje vore grundig nok. Eg stiller òg spørsmål om kva av fagleg kompetanse som har vore involvert her, seier Aukan.

– Eg trur ikkje politiet har kompetanse på dette dyret, like lite som Mattilsynet har det.

Han er éin av fleire som har meint at både Havforskingsinstituttet og Polarinstituttet burde vore drege inn i saka tidleg.

– Men eg reagerer òg på at politiet seier dei har gjort mange avhøyr. Eg er ikkje avhøyrt, og eg er meldar i saka.

– Summen av alt gjer at eg ankar vidare. Kvalrossen er raudlista, og dyra er ikkje ein gong under Mattilsynet sitt ansvarsområde, seier Aukan.

Kvalross i Kristiansund

Kvalrossen i Kristiansund blei hive ut i bukta etter avlivinga. Den blei seinare henta på land, før den blei dregen på djupt vatn.

Foto: Nils Aukan

– Catch 22 for politiet

I etterkant av avlivinga blei kvalrossen først dumpa i vatnet, før den seinare blei dregen ut djupt, djupt vatn.

– På det tidspunktet var det jo snakk om bevissikring, og akkurat dumpinga av kvalrossen er eit poeng i anken. Eg var der før dyret blei dumpa og sa alt då, at dette var feil.

Aukan fortel at han ba politiet om bistand til å få opp dyret og sikre bevis.

– Då fekk eg beskjed om at dette ikkje var ei politisak. Dette har blitt catch 22 for politiet, for uansett kvar som blei gjort, så var det ikkje bra.

– At saka no er lagt bort på grunn av bevisets stilling gjer at politiet bit seg sjølve i halen. Bevissikring hadde vore ein fordel for alle, men dei var snare til å få ut dyret. Då eg tok dei siste bilda, var det ingen skadar på luffen. Rapporten frå Mattilsynet seier at der var tre sår, men seinare er det dokumentert berre eitt sår.

– Dei hadde ikkje bevis, det var berre synsing. Eg har levert bevis på at denne kvalrossen ikkje var livstrugande skadd. Det kan eg framleis bevise med både vitne og bilde, avsluttar ein kampklar Aukan.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL