Hopp til innhold

Brukte dumpa søppel til å gi ein tydeleg beskjed

I eit skogsområdet på Sunnmøre har nokon lagt frå seg ein haug med nye baderomsfliser, berre to kilometer frå ein miljøstasjon. – Det er typisk, seier naturvernforbundet.

Søppel dumpa ved Hareidseidet gjort om til "kunst"

BODSKAP: Dette er inga søppeldynge, skreiv kunstnaren på ein tursti langs Hareidseidet på grensa mellom Ulstein og Hareid kommune.

Foto: Anonym kunstnar

På veg ned frå fjelltur oppdaga ein lokal kunstnar at nokon hadde kasta frå seg ubrukte baderomsfliser ute i naturen.

– Eg vart irritert når eg såg flisene. Eg har rydda søppel her før, og det kjem tilbake kvart år, seier ho.

NRK kjenner identiteten til kunstnaren, men ho ønskjer å vere anonym. Ho bestemte seg rett og slett for å lage kunst av flisene.

– Så spontant bestemte eg meg for å skrive ein beskjed til dei som har dumpa desse flisene.

«This is not a garbage dump», skreiv ho. Til vanleg jobbar ho på sjøen, men når ho er heime går mesteparten av tida med til å rydde søppel langs kysten.

– Meld det til politiet

Naturvernforbundet er ikkje imponert over forsøplinga. Dei meiner nordmenn er verdsmeistrar i å pusse opp, og å forbruke varer som fliser.

– Det er i seg sjølv ressurskrevjande å lage fliser, og når ein også kastar fullt brukslege fliser i naturen, så er det enorm sløsing med ressursar, seier Maren Esmark, generalsekretær i Noregs naturvernforbund.

Maren Esmark

FORBODE: Maren Esmark oppfordrar folk til å melde frå til Politiet når dei ser at folk har dumpa søppel i naturen. Dei som dumpar søppel kan risikere å få ei saftig bot.

Foto: Naturvernforbundet / Privat

I tillegg peiker ho på at det er forbode å kaste søppel i naturen. Og anbefaler alle til å melde frå til politiet når dei finn store mengder søppel i naturen.

– Dei burde ha meldt denne saka til politiet. Det er ikkje sikkert det er så mange som har kjøpt denne typen fliser i Ulstein.

Flisene som kunstnaren fann låg berre to kilometer frå næraste miljøstasjon. Dette er ein trend naturvernforbundet ser over heile Noreg.

– Eg trur folk bommar på opningstider. Og i staden for å ta det med heim så dumpar dei det i skogområdet rundt miljøstasjonen, det ser vi på fyllingar mange stadar, seier Esmark.

Kunstnaren etterlyser fleire tiltak frå kommunen.

– Eg trur det er eit fåtal som gjer dette, men det er eit problem i heile kommunen. Det er irriterande å sjå at ingenting skjer, seier ho.

Leikedukker som har blitt dumpa i Haried kommune.

DOKKER: I tillegg til gamle fliser, har kunstnaren funnet ein haug med gamle dokker som har blitt dumpa i Herøy kommune.

Foto: Anonym kunstnar

– Kreativt

Ulstein kommune har sett kunstverket med flisene, og synest det var veldig kreativt. Men dei avviser påstanden om at forsøpling er eit stort problem i kommunen.

– Det er ikkje eit stort problem, men det er på perifere plassar at enkelte folk kastar frå seg søppel, seier Odd Kåre Wiik, avdelingsleiar for drift og vedlikehald i kommunen.

Han seier at om dei får beskjed om at nokon har dumpa søppel, så reiser dei ut og plukkar det opp med ein gong. Sjølv om kommunen då må betale for det.

– Kostar ikkje mykje

Andrea Øien Sæverud i Søre Sunnmøre Reinhaldsverk seier det ikkje hadde kosta mykje å kaste flisene hos dei.

Andrea Øien Sæverud.

JOBBAR MED AVFALL: Andrea Øien Sæverud jobbar ved Søre Sunnmøre Reinhaldsverk og har ansvar for avfallshandteringa i blant anna Ulstein.

Foto: Privat

– Dei kunne ha levert det på miljøstasjonen som ligg om lag to kilometer derifrå. Det ville ha kosta dei 114 kroner for om lag 40 kilo med fliser. Eg vil tru det er ein liten del av budsjettet når ein skal pusse opp, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL