Hopp til innhold

Tok livet av forvilla kvalross

Den skadde kvalrossen som hadde teke seg til Kristiansund vart avliva på ettermiddagen nyttårsaftan.

Kvalross i Kristiansund

SKADD KVALROSS AVLIVA: Denne kvalrossen kom nyttårsaftan til Kristiansund. Med tydelege skadar hadde kvalrossen inga framtid.

Foto: Kai Helge Andersen

– Dette var eit dyr utan framtid, seier distriktssjef Astrid Vea Mork i Mattilsynet på Nordmøre.

Kvalrossen bar tydeleg preg av å vere skadd då den kom til Kristiansund. Den vart oppdaga måndag morgon nær Dalabergan i nordmørsbyen.

– Låg og fresa

Kai Helge Andersen var ein av dei som var i området og såg den skadde kvalrossen.

– Den sumde fram og tilbake, og låg berre og fresa når folk kom for nære, sa han til NRK tidleg nyttårsaftan.

Me har alle ein plikt til å passe på at dyr ikkje lir, seier Vea Mork.

– Mattilsynet gjorde difor eit vedtak om å avlive, fortel ho.

– Ein frisk kvalross ville ikkje kome til Kristiansund

Ein skadd kvalross er ikkje noko å spøke med, kunne akvarist Rune Veiseth ved Akvariet i Ålesund forsikre. Det er uvanleg å sjå slike dyr på kysten, og berre det at den dukka opp i Kristiansund tyder på at noko er gale med den.

Det stadfestar også Vea Mork i Mattilsynet.

– Hadde dette vore eit friskt dyr ville det aldri enda opp i Kristiansund, seier ho.

Viltnemnda i Kristiansund fekk ansvaret for avlivinga etter vedtaket frå Mattilsynet. Kvalrossen vart avliva like før klokka 17 nyttårsaftan.