Hopp til innhold

– Hadde vi tatt imot «Willy» på same måten, hadde det blitt ramaskrik over heile verda

Kvalross-avlivinga i Kristiansund nyttårsaftan har blitt ei betent sak. Mattilsynet og viltnemnd er allereie meldt til politiet av undervassfotograf Nils Aukan. Naturvernforbundet vurderer det same.

Rune Veiseth

Akvarist Rune Veiseth fortalte nyttårsaftan at «kvalrossar dreg på vandring frå tid til annan».

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Ein ung kvalross tok turen til Kristiansund siste dag i 2012. Det blei skjebnesvangert for det langtreisande dyret.

Den unge arktiske skapningen trekte til seg mykje publikum, mange med kamera. Tidleg blei det derimot klart at dyret hadde ein skade på den eine luffen.

Kor alvorlege skadar kvalrossen hadde, og om den var døyande, var tema blant dei tilreisande.

På nyttårsaftan blei akvarist og arbeidsleiar Rune Veiseth ved akvariet i Ålesund, Atlanterhavsparken, intervjua:

– Kvalrossen er der på eigen vegner, og så lenge den ikkje skaper problem eller er alvorleg skadd kan den klare seg sjølv, sa Veiseth til NRK.no.

Vi er ikkje godt kjent med slike dyr. Difor måtte vi kontakte folk med kompetanse. Vi prata med veterinær i Mattilsynet og dei gjorde si vurdering. Det enda med at vi fekk oppdraget om å avlive dyret.

Stein Watten, formann i viltnemnda i Kristiansund

Registrerer politimeldinga, ikkje meir

Etter ei stund blei viltnemnda i Kristiansund tilkalla. I etterkant har både dei og Mattilsynet blitt meldt til politiet.

– Eg registrerer at det har kome ei melding til politiet. Utover det viser eg til min rapport til kommunen, seier Stein Watten, formann i viltnemnda i Kristiansund.

Mykje av kritikken frå ekspertar og folk har gått på at avgjersla – om avliving av det freda dyret – blei tatt for raskt og utan nok informasjon.

Watten var éin av to frå viltnemnda i Dalabukta i Kristiansund, der kvalrossen låg nyttårsaftan.

– Vi stussa over at det var ein kvalross her, for det er ikkje kvardagskost. Vi drog ut og gjorde ein observasjon, kontakta miljøavdelinga hos Fylkesmannen og blei sendt vidare til Mattilsynet, gjengir Watten.

– Observasjonen vi gjorde var at dyret hadde fleire sår, dyret skalv og verka uroleg og stressa. Det var mykje publikum til stades, og vi oppmoda fleire til å flytte seg i staden for å ligge med ei kameralinse inn i ansiktet på dyret.

Saka held fram under bildet.

Kvalross i Kristiansund

Denne kvalrossen blei vurdert som sjuk og døyande av Mattilsynet og viltnemnda i Kristiansund.

Foto: Nils Aukan

Viltnemnda: – For oss verka dyret ytterlegare svekka

Etter å ha prata med Mattilsynet på Nordmøre, blei kvalrossen skoten nyttårsaftan ettermiddag av viltnemnda.

– Vi prata med veterinær i Mattilsynet, og dei gjorde si vurdering. Det enda med at vi fekk i oppdrag å avlive dyret. Avlivinga skjedde på ein effektiv og human måte. Det måtte skje ved skyting, injeksjon var umogleg, fortel Watten.

Hans Kristian Gaarden

Distriktssjef i Mattilsynet på Nordmøre, Hans Kristian Gaarden, vil ikkje uttale seg om politimeldinga utover at dei vil gi tilsvar når dei har den i hende.

Foto: Torgeir Varsi / NRK

Då Hans Kristian Gaarden, ny distriktssjef i Mattilsynet Nordmøre, blei prata med onsdag 2. januar, var han klar på at dei eine og åleine var rådgjevande i saka:

– Viltnemnda var i kontakt med oss, og dyret blei omtalt som døyande. Vi sa då vår meining i samtale med viltnemnda.

– Det er viktig å seie at det er viltnemnda si avgjersle, men er eit dyr døyande og sjukt så er det viktig å avlive. Vi kunne kanskje vore meir offensive og reist ut, men det blei ikkje gjort, sa Gaarden.

Viltnemnda i Kristiansund er klare på at dei aldri hadde avliva kvalrossen utan klarsignal frå Mattilsynet.

– For oss var det uansett rett der og då. Dyret verka for oss ytterlegare svekka då vi observerte det for andre gong, seier Wetten til NRK.no.

Saka held fram under bildet.

Nils Aukan

Nils Aukan, tidlegare politietterforskar og noverande undervassfotograf, har meldt viltnemnda i Kristiansund og Mattilsynet til politiet. Han meiner mellom anna at ekspertar på kvalross burde blitt dregne inn tidleg.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Fotograf og tidlegare politietterforskar sjokkert

Avlivinga fall derimot ikkje i god jord blant folk og ekspertar.

Naturfagkonsulent Alv Ottar Folkestad omtalte avlivinga som ei «gedigen feilvurdering».

Alv Ottar Folkestad

Alv Ottar Folkestad var i harnisk etter at den raudlista kvalrossen blei avliva nyttårsaftan.

Foto: Terje Reite / NRK

– Kvalrossen har vore freda sidan 1952. Då må ein tenkje seg om meir før ein avlivar ved å bruke ein lovparagraf som føreset at eit dyr er så sjukt at det ikkje kan bli friskt, sa Folkestad onsdag.

Same dag, seinare på dagen, meldte Nils Aukan saka til politiet i Nordmøre og Romsdal.

Aukan er tidlegare politietterforskar og noverande svært aktiv og velrenommert undervassfotograf og dykkar. Han var på staden både før og etter ei avliving som sjokkerte han.

– Eg synest dette blei gjort for fort, for her var det tid til å tenkje seg om. Ein kunne latt tida avgjere om kvalrossen greidde seg, i staden for å avlive etter ei hasteavgjersle.

– Og når verken viltnemnda eller Mattilsynet har kunnskapar nok om dyret, burde fagfolk på området vore kontakta, meiner Aukan.

Saka held fram under sitatboksen.

Dyret velta frå flytebryggja like etter at det blei skote. Vi dykka ned og fann det på ni meter i dårleg sikt. Vi fann ut at kvalrossen ikkje kunne ligge der og drog den opp i fjæra. Då høyrte vi at den skulle dragast ut på djupt vatn. Eg ringte til politiet og sa at det måtte sikrast bevis, men dei juridisk sakkunnige meinte dette ikkje var ei politisak. No får vi ikkje svar på om dyret eigentleg var sjukt, for bevisa er taua ut og dumpa på djupt vatn.

Nils Aukan, dykkar/undervassfotograf og tidlegare politietterforskar

– Hadde blitt ramaskrik over heile verda

Tidleg blei det sagt at kvalrossen var i svært dårleg form, med blod frå munnen, store sår og blodskotne auge.

Raude auge er normalt for kvalrossar, og dei andre symptoma meiner Aukan var overflatiske.

– På bilda eg tok ser eg ikkje anna enn eit sår på innsida av den eine luftvegen – som er i ferd med å heilast. I munnen var det som det skal vere, litt raudfiolett hud. Elles var det ingenting i atferda som tydde på at den ikkje skulle greie seg.

Keiko i Taknesbukta

Aukan samanliknar kvalrossen med den kjende spekkhoggaren «Keiko», som vitja Taknesbukta i Halsa. Der døydde den også i 2003.

Foto: JOHN MCCONNICO / AP

Undervassfotografen, som òg tok bilde av dyret etter avlivinga (sjå mange av bilda til Aukan i bildegalleriet øvst) samanliknar med eit kjent dyr frå havet:

– Her låg dyret, roleg, og vi hadde tid til å vente. Vi kan ikkje vere kjent av dette i Kristiansund. Vere kjent av eit besøkjande dyr blir skoten straks det kjem på land.

– Hadde vi tatt imot «Willy» (journ. anm. «Keiko», kjend frå filmen «Free Willy») på same måten, då den kom frå Island, hadde det blitt ramaskrik over heile verda, trur Aukan.

Saka held fram under bildet.

Kvalross i Kristiansund

Nils Aukan dykka til ni meters djupn, der kvalrossen låg etter avlivinga, for å ta ei nærmare kik på dyret. Undervassfotografen har delt mange av bilda på Facebook, der reaksjonane har vore svært mange – både frå inn- og utland.

Foto: Nils Aukan

Naturvernforbundet følgjer saka tett

Saka om kvalrossen i Kristiansund har blitt heftig debattert i ulike kommentarfelt, i aviser, på Facebook og i ekspertmiljø dei tre første dagane av 2013.

Avlivinga har allereie blitt meldt, men Naturvernforbundet vurderer det same.

Til NRK.no fortel leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal at dei ventar og sjekkar saka grundig.

– I augneblinken hentar vi inn opplysningar. Vi gjer no alt for å sjekke dei faktiske forhold.

– Om vi kjem med vår melding til politiet i etterkant, så er det ingenting som har gått tapt i etterforskingssamanheng. I og med at Aukan allereie har meldt, har politiet byrja etterforskinga, seier Øystein Folden.

Saka held fram under sitatboksen.

Det store spørsmålet er om dyrevelferdslova §4, og krava der, er oppfylt i denne saka. Om det er tilfelle så er avlivinga ei plikt. Om krava ikkje er oppfylt så er dette snakk om ei ulovleg avliving av eit strengt freda dyr. I og med at det er svært stor forskjell på dei to utfalla brukar vi litt ekstra tid på dette. Det er naudsynt med ein skikkeleg gjennomgang av saka, spesielt slik at liknande ikkje skjer fleire gonger.

Øystein Folden, leiar i Naturvernforbundet på Nordmøre

Reagerer på manglande obduksjon

For Folden er det store ankepunktet utvilsamt §4 i dyrevelferdslova.

– Om paragrafen ikkje er oppfylt så er avlivinga ei ganske så ulovleg sak. Og dyrevelferdslova har krav om at det skal vere openbert at dyret er døyande og ikkje kan bli friskt, slår naturvernaren fast.

Øystein Folden i Naturvernforbundet

Øystein Folden, leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal meiner viltnemnd og Mattilsynet burde avventa.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Likevel reagerer han minst like sterkt på at den avdøde kvalrossen blei dregen ut på djupt vatn.

– Der er lovgiving rundt dette, for ein gjer ting for å unngå smitte av fiskebestandar. Dersom dette dyret var sjukt, og dei ikkje veit kvifor, så er det eit spørsmål at dei ikkje gjer noko for å finne ut av det, seier Folden.

– Eit minimum burde vore å sjekke om det var noko ferskt i magen. Dyr som nyleg har ete er vanlegvis relativt friske. Så lenge ein ikkje veit kva det eventuelt er, og det kan vere virus, så sleper ein ikkje dyret ut i vasstraumen. Då vil det vanlege vere å få det på land og destruere det.

Dyret ramla først ut i vatnet like ved flytebrygga, før Redningsselskapet taua ut kvalrossen.

Saka held fram under videoen frå nyttårsaftan.

– Straff er ikkje ei løysing

– Vi vurderer no å melde saka, men det kan òg vere at vi må sjå på andre verkemiddel. Mellom anna klagerettar.

– Men det er heilt openbert at saka har ein alvorleg karakter. Det er to ting som gjev rett til å avlive, og det er openberre lidingar og naudverje. I naudverjesaker er politiet ute på flekken, og den som for eksempel har losna skot i naudverje er mistenkt. Så i slike saker må ein vente at svært solide vurderingar ligg bak.

For Aukan, som allereie har meldt saka, er det ikkje å straffe Mattilsynet og viltnemnda som er målet.

– Gjort er gjort, og straff er ikkje ei løysing. Dette er snakk om måten ein behandlar ei slik sak på. Eg har fått mange tilbakemeldingar frå folk rundtom i Noreg med tilsvarande hendingar og erfaringar. Det verkar som kunnskapen om spesielt sjøpattedyr er dårleg.

– Eg håper at vi i framtida tenkjer oss om i liknande saker, med så sjeldne og sårbare dyr på besøk. Fagleg ekspertise må inn. Det kan ikkje vere den amerikanske måten ved å skyte på staden som er løysinga, avsluttar Aukan.

Ein avliva kvalross skaper strid på Nordmøre. Mattilsynet si avgjerd om å skyte besøket frå Arktis har sett sinna i kok, og no er Mattilsynet meldt til politiet.

Sjå fleire bilde av kvalrossen i Kristiansund, samt TV-intervju med Nils Aukan.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL