Hopp til innhold

Freda kvalross avliva nyttårsaftan: – Gedigen feilvurdering!

– Dette er ikkje berre ein stor feil. Etter mi oppfatning er dette brot mot både norsk lovverk og dei konvensjonane vi har forplikta oss til i internasjonal samanheng, seier naturfagkonsulent.

Kvalross i Kristiansund

Denne kvalrossen var nyttårsaftan på besøk ved Dalabergan i Kristiansund. På kvelden blei dyret avliva, noko som har ført til massiv kritikk – både frå ekspertar og i kommentarfelt.

Foto: Kai Helge Andersen

Nyttårsaftan morgon kom eit heller uvanleg dyr på besøk til Dalabukta i Kristiansund.

Ein ung kvalross hadde lagt seg til i vasskanten på ei flytebrygge. Augevitne fortalte at det arktiske dyret var skadd.

Same dag, på ettermiddagen, hadde dyret blitt avliva.

– Ingenting som tilseier at dyret hadde problem

Avlivinga har fått både augevitne, entusiastar og ikkje minst ekspertar til å sperre opp auga.

Alv Ottar Folkestad

Naturfagkonsulent Alv Ottar Folkestad.

Foto: Terje Reite / NRK

– Min første reaksjon, etter å ha sett bilde og prata med folk som var der, er at dette er ei gedigen feilvurdering, seier naturfagkonsulent Alv Ottar Folkestad.

– Kvifor?

– Fordi Mattilsynet tek utgangspunkt i dyrevelferdslova, paragraf tre og fire, spesielt fire. Den seier at om ein treff dyr som er sjuke og skadde, så skal ein ta seg av dei. Meiner ein at det ikkje kan bli friske igjen, så skal ein avlive dei.

Greier han ut, før han held fram:

– Etter alt eg har sett og høyrt om denne kvalrossen, så er det ingenting som tilseier at det hadde problem. Og det faktum at det dukka opp i Kristiansund tilseier at det er eit dyr som ikkje er sjukt eller har problem, tordnar Folkestad.

Han viser til at kvalrossar kan vandre svært langt. Sjølv om ein vanlegvis må til Svalbard for å finne kvalross, kan dei vandre heilt til Biscayabukta, fortel naturfagkonsulenten.

– I Noreg har vi observert kvalross langs kysten kvart einaste år så vidt eg kan hugse.

Saka held fram under video av kvalrossen i Kristiansund:

– Kven pratar Mattilsynet med av kompetente folk?

Ved avliving av villdyr er det Viltnemnda lokalt som tek avgjersla. Ved dette høvet kontakta dei Mattilsynet for råd.

Folkestad er derimot svært kritisk til, den korte, prosessen:

– Mitt spørsmål er: Kven pratar Mattilsynet med av kompetente folk i ei slik sak? Vi har kompetente folk både på Havforskingsinsituttet og på Polarinstituttet.

– Det er ei enkel sak å skaffe seg nødvendig kunnskap om ein kvalross. Både om kva som er normalt og om kva som er sjukt eller ikkje sjukt, seier ein oppgitt Folkestad.

Han avlivinga, gjort etter konsultasjon med Mattilsynet over telefon, som «svært beklageleg».

Saka held fram under bildet.

Hans Kristian Gaarden

Hans Kristians Gaarden gjekk inn i stillinga som distriktssjef i Mattilsynet Nordmøre i dag 2. januar. Ein av hans første jobbar blir å evaluere avlivinga av kvalrossen nyttårsaftan.

Foto: Torgeir Varsi / NRK

Mattilsynet står for avlivinga

Hans Kristian Gaarden, påtroppande distriktssjef i Mattilsynet Nordmøre, forsvarer avlivinga. På eit premiss:

– Ein kvalross er ein ukjent art for både oss og viltnemnda. Dei var i kontakt med oss, og dyret har blitt omtalt som døyande. Og er eit vilt dyr døyande og sjukt, så er det korrekt å avlive det.

Han er klar på at ein då ikkje kan skilje mellom ein kvalross og andre dyr.

– Men så er spørsmålet: Var dyret døyande? Var dyret så dårleg?

– Vi har berre vore i kontakt med viltnemnda som er utøvande myndigheit. Det har vore ein konsultasjon, der vi råda til avliving av eit sjukt dyr, seier Gaarden til NRK.no.

– Når kvalrossen er ukjent for begge, burde ikkje Mattilsynet prata med fagkompetente som kunne gjeve innsyn?

Havforskningsinstituttet i Bergen

Havforskingsinstituttet kunne gjeve Mattilsynet og viltnemnda innsikt, meiner Folkestad.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Skal sjå på rutinane

– Jau, det er sant. Og vi har gjort det ved tidlegare høve. Alle råd i saka tek vi med oss vidare.

– Men i denne saka har eg blitt fortalt at det ikkje var tvil. Dyret blei vurdert døyande og sjukt. Det er i den konteksten Mattilsynet har gjeve rådet, meddeler Gaarden.

Døyande og sjuk er derimot i strid med det Folkestad og andre ekspertar har sagt. I tillegg er kvalrossen eit freda dyr.

– Blir denne saka sett på av Mattilsynet i etterkant?

– Det er naturleg å ta ei runde på dette i etterkant og sjå på rutinane. Vi må evaluere korleis vi skal handtere liknande saker seinare.

Allereie no kan derimot Gaarden nærmast slå fast at Mattilsynet vil søke råd frå svært kompetente folk i neste liknande sak.

Saka held fram under bildet.

Alv Ottar Folkestad på Runde

Alv Ottar Folkestad, naturfagkonsulent og ornitolog, er svært oppgitt over avlivinga av kvalrossen på besøk i Kristiansund nyttårsaftan. Han stiller spørsmål både om og til Mattilsynet.

Foto: Øystein Windstad

– Framleis ein liten bestand

For kvalrossen, som kvilte i Kristiansund før nyttårsfeiringa, er det derimot for seint.

– Dette er ikkje berre ein stor feil frå Mattilsynet si side. Etter mi oppfatning er dette brot mot både norsk lovverk og dei konvensjonane vi har forplikta oss til i internasjonal samanheng, seier Alv Ottar Folkestad.

Han viser til at kvalrossen er strengt freda sidan 1952, og at Noreg har forplikta seg til å ta vare på den gjennom mellom anna Bernkonvensjonen.

– Den er på lista over strengt freda artar. Då går ein ikkje hen og avlivar ut frå ei skjønnsmessig vurdering over telefon.

Kvalrossbestanden på Svalbard har vore i vekst, men det er framleis ein liten bestand. Totalbestanden Noreg deler med Russland er på om lag 2500 dyr.

– Det er ein art som går ei usikker framtid i møte, spesielt i samanheng med klimaproblematikk. Då må Noreg, som éin av nasjonane med ansvar for dyret, vise at vi er i stand til å ta vare på det, avslutte Folkestad til NRK.no.

Kva tenkjer du om avlivinga av kvalrossen i Kristiansund på nyttårsaftan?