Hopp til innhold

Enda ein kvalross ute av kurs

Ein kvalross totalt ute av kurs har slappa av ved Farstadsanden i Fræna i helga. Dette er den fjerde kvalrossobservasjonen langs norskekysten i år.

Kvalross på Farstadstranda

SLAPPAR AV: Marit Dale fekk dette blinkskotet av kvalrossen på Farstadsanden i Fræna, laurdag.

Foto: Marit Dale

Marit Dale frå Elnesvågen er ei av dei som har reist til Farstadsanden for å sjå det eksotiske dyret i helga.

– Det var spennande. Eg har aldri sett kvalross før, så det var kjekt å sjå han på nært hald. Eg hadde med ei skikkeleg linse, så eg fekk fleire hundre fine bilete av han også, fortel ho.

Uvanleg

Einsame kvalrossar som har forvilla seg inn til kysten er ikkje unikt, men den siste tida har det vore fleire observasjonar på kort tid. Minst fire gongar har ein kvalross blitt observert langs norskekysten sidan nyttår.

Vart avliva

Kvalrossen som vart avliva i Kristiansund nyttårsaftan skapte stor strid.

Mattilsynet avliva kvalrossen fordi dei meinte han var dødssjuk, men mellom andre Norges Miljøvernforbund melde Mattilsynet til politiet.

Les også:

Ein avliva kvalross skaper strid på Nordmøre. Mattilsynet si avgjerd om å skyte besøket frå Arktis har sett sinna i kok, og no er Mattilsynet meldt til politiet.

DEBATT: Kvalrossen som dukka opp i Kristiansund like før nyttår vart skoten av Mattilsynet. Dette skapte heit debatt.

Pjuskete kvalross

Det har vore sterke meiningar på begge sider om det var rett å avlive kvalrossen i Kristiansund. Akvarist Jan Einarsen er ein av dei som er sterkt imot avlivinga.

– Dei som sto for avlivinga av kvalrossen i Kristiansund viser at dei ikkje hadde peiling. Vi avlivar ikkje dyr fordi vi trur dei er sjuke. Vi må vite, og når vi ikkje veit, må naturen gå sin gang, seier han.

– Ein kvalross kan sjå pjuskete ut. Å vere sprengt i auga er naturleg for ein kvalross. Han er ikkje sjuk for det, legg han til.

Alltid i endring

Jan Einarsen

SVOLTEN: – Det kan vere matmangel som driv kvalross til norskekysten. Eg vil tru det romlar litt i magen på han som er i Fræna no, seier akvaristen.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Einarsen har arbeidd med livet i havet i ein mannsalder, og han såg den første kvalrossen på norskekysten for om lag 20 år sidan.

– Det var på Lepsøya. Eg var ut og fora han med blekksprut. Vi kalla han Burre.

At det har vore 4 observasjonar av kvalross langs kysten berre i år, kan vere tilfeldig. Det er heller ikkje avklart om det same kvalrossen som er observert fleire stader.

– Naturen er ikkje statisk. Det er alltid noko som er i endring. Det kan vere at det blir vanlegare å sjå kvalrossar langs kysten, men det kan vere tilfeldig, seier han.

Ser an situasjonen

Mattilysnet i Romsdal har førebels ingen planer om å gjere noko med kvalrossen i Fræna.

– Vi har ikkje fått meldingar om at kvalrossen er skadd eller sjuk, så då held vi oss i ro, seier distriktssjef Magne Mo.

Tidlegare observasjonar viser også at kvalrossar på vidvanke, kan kome seg tilbake til Svalbard etter ei stund.

Les også:

Akvarist Jan Einarsen ber folk halde avstand til kvalrossen, slik at han ikkje blir uroa.

– Kvalrossar er utprega flokkdyr. Dei individa som dukkar opp langs norskekysten er det noko gale med. Vi veit ikkje sikkert kvifor dei kjem. Det kan vere matmangel, eller dei kan vere litt desorienterte, seier akvaristen.