Hopp til innhold
Plastrydding
Foto: Eirik Haukenes / NRK

Plastrydding Møre og Romsdal

  • Gir pengar til opprydding av søppel i havet

    I år får 28 prosjekt over heile landet totalt 34 millionar kroner frå Miljødirektoratet. Midlane skal førebyggje og redusere forsøpling i havet.

    Blant dei som får støtte til prosjekta sine er ei rekke friluftsråd over heile landet. Nordmøre og Romsdal friluftsråd får 1,4 millionar kroner, medan Sunnmøre friluftsråd får 3 millionar.

  • Pengar til plastrydding

    Seks prosjekt som skal drive med plastrydding her i fylket får pengar frå Handelens miljøfond.

    Til saman får over 60 ryddeprosjekt tilsaman 14 millionar kroner.

    Runde Miljøsenter, Friluftsrådet, Plastfritt Hav og Røde Kors får støtte til ulike prosjekt.

    Her i fylket får også Momentium pengar til plastrydding under festivalar.

    Plastrydding
    Foto: Eirik Haukenes / NRK
  • Nominert til miljøpris

    Bente Fiskerstrand i Plastfritt Hav, Giske, er ein av dei fem finalistane som kan vinne miljøprisen Gullklypa 2022.

    Hold Norge Rent deler kvart år ut prisen som er ein hyllest til ei eldsjel eller ein organisasjon som har gjort ein ekstraordinær innsats mot forsøpling. Prisen blir delt ut på Hold Norge Rent-konferansen 9–10. mai.

    – Sidan 2017 har hennar innsats ført til rydding av fleire titals tonn plast per år, står det i grunngivinga.

    Bente Fiskerstrand, Plastfritt Giske
    Foto: Børge Sandnes
  • Kan vinne gjev miljøpris

    Randi Kjærstad Hagerup frå Lepsøya i Ålesund er ein av fem finalistar i konkurransen om å få årets miljøpris frå organisasjonen Hold Norge Rent. Utmerkinga er ein hyllest til ei eldsjel eller organisasjon som har gjort ein ekstraordinær innsats mot marin forsøpling i året som er gått. Kjærstad Hagerup er engasjert i Plastpiratene. Prisen blir delt ut 4. mai.

    Plastpiratane Plastpiratene Randi Kjærstad Hagerup
    Foto: Terje Reite / NRK
  • Inviterer til rydding

    I dag er den store strandryddedagen. Fleire stadar her i fylket blir det organisert rydding i fjøra i dag. Randi Kjerstad Hagerup, i Sunnmøre friluftsråd, oppmodar folk til å bli med, og seier strandrydding er noko alle kan gjere. – Om ein bruker eit kvarter, ein time eller ein heil dag så er det eit konkret tiltak som ein kan gjere aleine eller saman med andre. I tillegg får ein lønna med ein gong når ein ser at posane fyller seg opp, seier Hagerup.

    Sommajobb for havet
    Foto: Silje Bjerknes / NRK