Hopp til innhold

Ønskjer utvida permitteringsordning

LO, NHO og den maritime næring i Møre og Romsdal ber om ei utviding av dagens permitteringsordning.

Island offshore

Den siste tida har ein rekke reiarlag måtte permitter eller seie opp tilsette på grunn av låge oljeprisar og sviktande marknadssituasjon i den maritime næringa.

Foto: Illustrasjon: Rolls Royce Marine / Harald M. Valderhaug

I eit brev til Statsråd Robert Eriksson oppmodar dei til endringar i dagens permitteringsreglar og tilførsel av ekstraordinære midlar til NAV.

Endringane i permitteringsregelverket frå 1. juli 2015 medfører redusert arbeidsgivarperiode frå 20 til 10 dagar og ei auka periode med rett til dagpengar frå 26 til 30 veker i løpet av ei periode på 18 månader.

– Det er eit steg i riktig retning, men utfordringane i den maritime næringa krev lengre permitteringsperiodar, seier regiondirektør Torill Ytreberg i NHO.

Fryktar relevant kompetanse forsvinn

Omtrent 100 000 menneske jobbar i den maritime næringa i Noreg, men talet er i ferd med å bli kraftig redusert. Den siste tida har ein rekke reiarlag måtte permitter eller seie opp tilsette på grunn av låge oljeprisar og sviktande marknadssituasjon i den maritime næringa.

Torill Ytreberg

Regiondirektør Torill Ytreberg i NHO, meiner dagens ordning ikkje er tilstrekkeleg i forhold til utfordringane den maritime næringa no står ovanfor.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Dersom nedturen i oljenæringa blir langvarig, vil bedriftene i den maritime næringa truleg kome i den situasjonen at dei må kvitte seg med arbeidskraft som dei vil få bruk for i eit lengre perspektiv, seier Ytreberg.

Den maritime næringa er i all hovudsak distriktsbasert, og Ytreberg meiner det er kritisk både i forhold til enkeltpersonar, lokalsamfunnet, bedriftene og bransjen elles.

Terje Høybakk, dagleg leiar i Maritim Forening Søre Sunnmøre, fryktar at relevant arbeidskraft vil gå tapt dersom det ikkje skjer ei endring.

– Når vi må permittere eller seie opp tilsette mistar vi fagleg kompetanse. For å behalde desse treng ein permitteringsreglar som gjer det mogleg. Det er veldig viktig for bedriftene, seier han.

Behov for kurs og etterutdanning

NHO-direktøren meiner at NAV's regelverk ikkje er tilpassa den situasjonen som bedriftene no står i.

Terje Høybakk

Terje Høybakk, dagleg leiar i Maritim Forening Søre Sunnmøre, fryktar at relevant arbeidskraft vil gå tapt dersom det ikkje skjer ei endring.

Foto: Trond Vestre / NRK

Dersom permitterte tilsette får tilbod om relevante tidsavgrensa kompetansetiltak eller etter/vidareutdanning som går ut over 3 månaders grensa, vil dei miste retten til dagpengar.

Ytreberg meiner at NAV bør få ekstra midlar som kan brukast til relevant vidareutdanning av permitterte tilsette.

– I staden for at dei tilsette skal gå lenge utan arbeid, meiner vi det er viktig å bruke denne tida på kompetansehevande tiltak som kurs og etterutdanning, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL